Bok i bruk: Flekkmonsteret bygger harefelle

Om boka

Flekkmonsteret bygger harefelle
Vetle og Hallgeir Opedal
Samlaget, 2007, 2. utg.

Ein dag bestemmer det vesle Flekkmonsteret seg for å byggje ei harefelle. Han går frå den vesle mosehytta si på fjellet til biblioteket i bygda for å finne ut korleis ein kan lage ei harefelle. Flekkmonsteret er kjøtsvolten, og no gler han seg til å setje tennene i ein mør og saftig hare. Fella fungerer på eit vis, snart har det eine dyret etter det andre falle i fella, unnateke haren. Faktisk er dei ein heil gjeng samla til slutt, der nede i gropa i bakken. Men korleis skal dei no kome seg opp?

Boka eignar seg godt som utgangspunkt for høgtlesing og arbeid med tekst og bilete. Illustrasjonane er styggfine, dei er fargerike og energiske og utfyller teksten. I tilegg har forfattarane valt ulike fontar og skriftstorleikar på viktige ord, noko som gjer det enklare å få med seg akkurat desse. Historia er humoristisk og full av rare ord og nonsens, noko som held lesaren i ånde heilt til siste side.

Det endar så klart godt i forteljinga. Haren vert ikkje middagsmat, og Flekkmonsteret får sansen for vennskap. Han går til slutt på biblioteket for å låne ei bok om korleis ein kan byggje ei vennefelle. 

Bok i bruk

Du står fritt til å bruke heile opplegget, eller bruke delar av det.

  • Les boka på ulike måtar
    • Les boka i ei lita gruppe så alle ser illustrasjonane.
    • Les boka ute på tur i skogen. 
    • Lån fleire eksemplar av boka så borna kan bla i boka og sjå på bileta etter lesestunda. 
    • Sjå animasjonsfilmen Flekkmonsteret bygger harefelle.
  • Snakk saman om dei ulike dyra som går i fella til Flekkmonsteret.
    Leit gjerne fram bilete av dei ulike dyra og samanlikn med teikningane. Kva er det som gjer at vi kjenner igjen dyra sjølv om det er stor forskjell på teikningane og fotografia? Det er fint å undre seg saman, og å finne ut at illustrasjonar ikkje treng å vere heilt som når vi tek foto.
  • Flekkmonsteret vil byggje ei vennefelle. Korleis kan ei slik felle vere?
    • Korleis kan ei vennefelle sjå ut? Eller er ho kanskje usynleg?
    • Kvar i barnehagen ville vi plassert ei slik felle? 
    • Kva skjer med dei som hamnar i vennefella?
  • Teikne ei vennefelle og eit dyr som har gått i fella
  • Den vaksne er sekretær
    Den vaksne skriv ned det barnet fortel, på eit ark som kan hengast attmed teikninga. Noter ned nøyaktig, og les opp for barnet etterpå. Det er fint å oppleve at forteljinga blir teken vare på når vi skriv ho ned, og det skaper medvit om at vi kan skrive ned det vi seier. Kanskje kan barnet allereie såpass mange bokstavar at det kan skrive namnet sitt, eller namnet på han/ho/det som gjekk i vennefella?
  • Heng opp alle vennefelleforteljingane og teikningane
  • Ta med boka inn i leiken, ute eller inne. Legg til rette for vennefellebygging

Barneteater

Om de vil jobbe meir med boka kan kanskje denne episoden av Klart eg kan!, frå NRK Super, vere til inspirasjon?

Klart eg kan!

Her skal Lea vere med på barneteater for første gong, og dei skal spele historia om Flekkmonsteret.