Høgtlesing og bruk av konkretar og fokusord

Konkretar2
Når alt materialet til ei bok er samla i ein pose eller kasse, er det enklare å bruke det om att.

Mange barnehagar har gode erfaringar med å bruke konkretar i samband med eventyr og bøker. Ved å kople nye ord til noko ein kan sjå, ta på og leike med, vert det enklare for borna å forstå ord og omgrep og å kople dei til eigne erfaringar. Det er språkstimulering i praksis.

Her viser vi to ulike innfallsvinklar til å bruke konkretar og fokusord når ein les Unni og Gunni reiser og Bo flyttar ut. Når alt materialet til ei bok er samla i ein pose eller kasse, er det enklare å bruke det om att.

Fokusorda kan til dømes vere ord som har ein tematisk samanheng. Slik kan ein byggje ut vokabularet ved å leggje til nye ord som byggjer på dei som ein allereie kan. Ein kan til dømes leggje ein plan for arbeid med ord ein periode, og bruke bøkene og fokusord aktivt og medvite.

Målet med denne leseaktiviteten er å bruke boka i leik og språkstimulering. Då er det viktig at kassen eller posen med boka og konkretane ikkje berre er tilgjengeleg i samlingsstunda, men også når det er frileik.

Før lesinga:

Konkretar3
Ei enkel hugseliste med fokusord til den vaksne.

Førebu ein kasse, ein pose eller ein koffert som inneheld

  • Boka eller eventyret – fordi det er enklare om alt er samla på ein stad
  • Konkretar og rekvisittar – tips finn du i ressursen under
  • Fokusord – enten som ei enkel hugseliste som denne til den vaksne, eller med større skrift og illustrasjon på lappar til både born og den vaksne
  • Papir og blyant – fordi nokon blir inspirerte til teikning eller skriving, eller fordi boka inviterer til slike aktivitetar
  • Liste over kva kassen skal innehalde – då er det enkelt å rydde alt oppi etterpå, og kassen er klar til neste leike- og leseøkt. Du kan skrive ei liste og leggje i kassen, eller lime henne utanpå.
  • For 1–3-åringane: Unni og Gunni reiser
    Unni og Gunni reiser

    Konkretar

    • Teppe, sjal eller stoffstykke til å sitje på når vi flyg av stad
    • Kart og kompass
    • Hjelm (kan også vere lue), briller (kva med symjebriller eller solbriller?), redningsvest (eller ein annan vest vi kan leike er ein redningsvest)

    Fokusord

    Opp, ned, høgt, lågt, framover, bakover, skrått oppover, skrått nedover, rundt, over, under, gjennom, inn, ut

    Leikemateriell

    Legg konkretane frå boka i kassen. Lista her er berre idéar, og de må gjerne bruke andre eller fleire ting. De kan byggje ut forteljinga til andre reise- og opplevingsleikar ved at ein også har nokre andre ting i kassen:

    Dyr. Når ein flyg lenge kan ein kanskje til og med flyge over savannen og møte ei løve, eller til tropiske område og sjå sjimpansar eller papegøyar.

    Mat. Det er fort gjort å bli svoltne når ein reiser så langt.

    Pengar og pass er lurt å ha med på tur.

    Eit samanrulla skattekart – fordi det brått kan opne for leiting etter noko som kan vere gøymt

    Notatbok og god blyant – fordi det kan vere lurt å skrive ei liste over det vi har lyst å sjå, noko vi skal hugse å ta med på tur eller heim, eller berre fordi det er fint å kunne teikne litt når vi sit i flyet.

    Fotoapparat. Sjølv om vi vanlegvis tek bilete med ein mobil, er det alltid spennande å leike med eit gammalt kamera, eller kanskje til og med få ta bilete med eit skikkeleg kompaktkamera, mobil eller nettbrett (akkurat det bør sjølvsagt ikkje liggje fritt tilgjengeleg i kassen).

  • For 3–5-åringane: Bo flyttar ut
    Bo flyttar ut

    Her er nokre forslag til sansekonkretar i staden for alle figurane og dyra i boka. Dette gjev også borna kroppslege, eller sanselege, erfaringar med orda, og det gjev orda innhald og byggjer ut vokabularet.

    Konkretar

    • Pute – det er mjukt og godt i senga til mor
    • Badeand, eit teppe som kan rullast og bli til kanten på eit reir, eller blått sjal/teppe å sitje på
    • Eit bord å krype under og sitje trongt saman (moldvarphola), og noko som kan vere meitemakk (skoreim eller ei tynn remse klipt ut av skumgummi)
    • Skinnfell til ulven
    • Lommelykt og tynt raudt/oransje stoff å ha over lykta når vi les om ulvehiet
    • Tre-fire små runde steinar å leggje hovudet på – det er ikkje særleg behageleg
    • Når vi les om at dei kjem heim igjen, leitar vi fram puta igjen

    Fokusord

    Springe, spurte, bykse, smette, hoppe, labbe, åle, tørt, mørkt, lyst, luftig, kjølig, smatte, knurre

    Les boka. Snakk saman, demonstrer og lat borna herme etter kva orda inneber, til dømes kan de åle dykk rundt noko, bykse over noko eller kjenne på noko kjølig. Kroppslege erfaringar gjev orda innhald.

    Leikemateriell

    Boka kan leikast både inne og ute. Kort fortalt er handlinga slik: Bo møter ulven, ulven prøver å lure Bo til å bli, men Bo klarer å stikke av og gøymer seg bak ein stein. Viktor finn Bo.

    Leiken kan starte spontant, eller den vaksne kan setje han i gang, til dømes ved å spørje «Kven vil vere Bo, Viktor eller dei andre dyra? Kven vil vere Ulven?» Mange kan vere Bo eller dei andre karakterane på same tid.

    Vi kan leike boka både inne og ute. Ved å bruke sansane får ein eigne erfaringar som kan gje meining til dei meir abstrakte omgrepa i boka. Bo kjenner på korleis det er å gå frå stad til stad for å finne ein plass å bu, og på spenninga når Ulven prøver å ta han til fange. Det er godt når det kan kome ein snill Viktor som kan setje Bo fri.

    Det er ekstra fint å leike boka i skogen, gjerne med ein vaksen som Bo, Ulven eller Viktor første gong, for å trygge og styre leiken litt ved behov.

Her kan du lese meir om å bruke konkretar og fokusord: Lesesenteret: Bruk av konkreter og fokusord