Kulturbarn

Språk og litteratur, song og dans, kunst og kreativitet har vore satsingsområde i prosjektet Kulturbarn Sunnfjord (2019–2021). At barnehagane ligg i nynorskområde, var ein viktig premiss for val av songar og bøker. Her kan de lese meir om bakgrunnen for prosjektet og korleis dei forankra det fagleg. Om de vil gjere noko liknande, er det fullt mogleg å ta utgangspunkt i erfaringane frå dette prosjektet.

Her er eit opplegg frå Kulturbarn Sunnfjord, der barnehagane arbeidde med dialogisk lesing av Frosken er redd. Skodespelar Reidun Melvær Berge gjev tips om korleis du kan finne ulike stemmer når du les høgt for born.

Frosken er redd ikon
Frosken er redd: Dialogisk lesing og litterær samtale

Slik kan du gjennomføre ei god høgtlesing med lesestopp, litterær samtale og arbeid med ordforråd.