Frosken er redd: Dialogisk lesing og litterær samtale

Her er eit opplegg frå Kulturbarn Sunnfjord, der barnehagane arbeidde med dialogisk lesing av Frosken er redd. Skodespelar Reidun Melvær Berge gjev tips om korleis du kan finne ulike stemmer når du les høgt for born.

Tekst: Janne Karin Støylen

Frosken er redd

Høgtlesing med lesestopp, litterær samtale og arbeid med ordforråd

Del 1: Frosken er redd og spring til anda for å få trøyst

Sider: Fram til frosken og anda spring gjennom skogen – «Dei kjende at det var spøkelse og skummelt trollpakk overalt.»

Oppstart

La ungane gjette kva boka kjem til å handle om. Bruk bileta.

Høgtlesing

  • Frosken er redd, han trur det er eit spøkelse i huset. Kva er eit spøkelse?
  • Frosken blir redd fordi han høyrer lydar. Det knirkar, raslar, skrapar og knastrar. Difor trur han at det spøker. Kva for lydar er skumle, synest du?
  • «I neste augneblinken høyrde dei ei knastring i trappa.» Kva betyr augneblink? Korleis høyrest det ut når noko knastrar?
  • Anda og frosken kjenner at det er skummelt trollpakk i skogen. Kva er trollpakk, trur du? Kvifor trur dei at det finst troll i skogen?

Avrunding

Kva trur du kjem til å skje no? Kjem dei til å møte eit troll eller eit spøkelse, på ekte?

Del 2: Grisen trøystar frosken og anda

Sider: Fram til og med sida der alle tre sovnar i grisen si seng.

Oppstart

La ungane oppsummere det de las i førre høgtlesingsøkta. Gje eventuelt stikkord dersom barna treng hjelp: natt, skog, spøkelse, troll, rasle, knirke.

Høgtlesing

  • Frosken og anda hamrar på døra til grisen og vil inn. Dei er vitskremde. Kva betyr det å vere vitskremd? Kjem du på andre ord som betyr nesten det same som «redd»?
  • Grisen trur ikkje på spøkelse. Han trur ikkje på slikt sludder, seier han. Kva betyr sludder?
  • Dei legg seg for å sove. Men dei får ikkje sove, nokon av dei. Kvifor ikkje?
  • Grisen ser ut av vindauget, men ser ikkje noko uvanleg. Kva er vanleg å sjå utanfor vindauget? Kva er uvanleg å sjå utanfor vindauget?

Avrunding

Til slutt sovnar dei, endeleg. Kva trur du kjem til å skje når dei vaknar?

Del 3: Haren leitar etter frosken, anda og grisen

Sider: Fram til haren står utanfor vindauget, og frosken, anda og grisen trur han er eit spøkelse.

Oppstart

La ungane oppsummere det de las i førre høgtlesingsøkta. Gje eventuelt stikkord dersom dei treng hjelp: vitskremd, sludder, uvanleg, vindauge.

Høgtlesing

  • Haren finn verken frosken eller anda heime. Då blir han svært skremd. Han trur at noko fælt må ha hendt. Haren er ikkje redd spøkelse. Kvifor er haren redd?
  • Haren leitar etter venene sine, i skogen. Kva ser han etter? Kva slags spor kan vi finne i skogen? Kva for ei årstid er det lett å finne spor? Kva for ei årstid er det vanskeleg å finne spor?
  • Venene ligg i senga til grisen og søv fast. Kva betyr det å sove fast? Finst det andre måtar å sove på? Korleis brukar du å sove? Korleis brukar dei andre i familien din å sove?
  • Kvifor trur frosken, anda og grisen at haren er eit spøkelse?

Avrunding

Kva er forskjellen på å vere redd spøkelse og vere redd fordi du ikkje finn venene dine?

Del 4: Der frosken fortel om alt som har hendt, og alle et frukost i hagen, saman

Sider: Les boka ferdig.

Oppstart

La ungane oppsummere det dei las i førre høgtlesingsøkta. Gje eventuelt stikkord dersom dei treng hjelp: spor, skremd, søv, spøkelse

Høgtlesing

  • Frosken fortel om trollpakket i skogen og spøkelset under senga, men haren trur ikkje på han. Kvifor ikkje?
  • − De veit, vi er alle redde av og til, seier haren. Kva er haren redd for?
  • Kva et dei til frukost? Kva brukar du å ete til frukost? Har du ete frukost ute nokon gong?
  • Det blir stille når haren fortel at han vart redd då han ikkje fann venene sine. Kvifor blir dei andre stille når dei høyrer dette, trur du?
  • Har du vore redd nokon gong? Kan du hugse kva du var redd for? Var det noko ekte eller noko som berre finst i fantasien?

Avrunding

Likte de boka? Kva likte de best? Kan vi lære noko av denne forteljinga? Kva kan vi lære?

Høgtlesing – ei rettleiing

Reidun M Berge Foto David Zadig
Reidun Melvær Berge. Foto: David Zadig, Teater Vestland

Frosken var ein fylgjesvein for språk- og litteraturarbeidet i Kulturbarn Sunnfjord. Skodespelar Reidun Melvær Berge gjorde fleire digitale lesestunder med utgangspunkt i desse populære forteljingane, etter at covid-19 sette ein stoppar for høgtlesingsbesøk i barnehagen. I samspel med teateret og skodespelaren utvikla vi ein rettleiar for å førebu ei god høgtlesingsøkt:

Finn stemmene først

− Det første eg gjorde, var å finne stemmene deira: frosken, haren, anda og grisen. Eg leika meg med lydane deira så lenge at eg til slutt fekk vondt i hovudet, ler Reidun Melvær Berge. I dette intervjuet fortel skodespelaren om korleis ho førebur seg på å lese bøker for barn. Utgangspunktet er fire forteljingar om den kjende, kjære frosken som har 30-årsjubileum i år.

Seks av forteljingane er samla i ei jubileumsbok for høvet. Teater Vestland og skodespelar Reidun Melvær Berge har formidla fire av dei utvalde historiene som digitale lesestunder denne våren. Vi i Sunnfjord kulturskule brukar bøkene om frosken som kunstnarleg ramme for eit større samarbeid med barnehagane i kommunen, i eit nasjonalt prosjekt vi er heldige å få delta i: Kulturbarn 2020.

For å fremje høgtlesing, både i barnehagane og heime, var vi interesserte i å høyre meir om korleis ein skodespelar førebur seg på å lese for barn. Reidun Melvær Berge hadde både nyttige og inspirerande tips til oss:

− Det første eg gjorde, etter å ha lese historia, var å finne stemmene til karakterane. Desse forteljingane har mange replikkar, det skaper mykje dynamikk. Sidan dei er dyr, har eg tenkt: Korleis høyrest dyrelydane ut? Frosken sine lydar ligg langt bak i munnen, i svelget og i halsen. Eg leika litt med froske- og paddelyden og fann ei slags boblestemme. Frosken har dessutan eit stort kjensleregister, han er ivrig og artig. Eg leita etter korleis han kunne snakke høgt, vere gira og glad, men også etter korleis eg kunne variere. Somme tider er han redd og lei seg. Alle kjenslene måtte kunne uttrykkast med stemma eg skulle bruke.

Eg prøvde det same med haren, eg leita etter lette, kanin-aktige lydar, men opplevde at det ikkje fungerte fullt så godt. I forteljinga er haren klok og ettertenksam. Haren bergar dei andre i vanskelege situasjonar og kan svare på vanskelege spørsmål. Eg fann stemma i korleis eg oppfatta han som type: ei mjuk og varm stemme som kunne snakke tydeleg og venleg.

Anda har denne karakteristiske kvakke-lyden. Korleis kunne den bli ei stemme? Eg hadde vondt i hovudet etter å ha sete ein heil dag og prøvd meg fram. Stemma var ganske skarp i starten, så vart ho lysare og lettare etter kvart, rett og slett fordi ho måtte vere slik for at eg skulle kunne lese ho godt nok differensiert frå dei andre.

Hjå grisen gjekk eg motsett veg, han er knappare, meir skeptisk, snøftar og brumlar. Lyden vart liggande nede i nasen, langt framme, men likevel litt grumsete og grisete, forklarar Reidun Melvær Berge.

Tolkar du forteljinga gjennom lesinga di?

Ja, eg fargelegg, vektlegg og legg mi tolking inn i lesinga. Eg må ta mange val. I boka Frosken og fuglesongen, til dømes, er temaet død og sorg. Boka har ein litt underleg dramaturgi, der det brått skjer eit skifte etter at den døde fuglen er gravlagd: Då er det tid for å leike og ha det kjekt. Eg var usikker: Skulle eg glatte over og dempe dette skiftet? Nei, tenkte eg. Skiljet er tydeleg i boka, og difor er det viktig å få det fram. Eg valde å understreke kontrasten. Frosken får dette innfallet på sitt barnlege vis, det skal få vere ein tydeleg bodskap: Etter sorga er det lov å leike, lov å vere glad att.

Som skodespelar synest eg desse forteljingane er takknemlege å jobbe med, dei gjev så mykje! Her er tydelege situasjonar som er lette å forstå, likevel er dei opne nok til at vi kan forstå dei på ulike måtar. Forteljingane er innom mykje, utan å gjere eit stort poeng ut av alt. Dei er effektive. Det er fint. Då kan eg dra dei ut og dvele der det høver. Eg treng ikkje skunde meg.

Gjer du tilpassingar til det munnlege talespråket ditt, eller les du skriftnært på nynorsk?

Det er mange måtar å gjere dette på. Ei moglegheit er å lese forteljarteksten slik han står og munnleg-gjere replikkane. Eg har prøvd å halde meg nær den svært gode omsetjinga og bruke orda slik dei står i teksten. Står det «hjarte», les eg det som det står, sjølv om eg ville sagt «hjerte» i min dialekt. Eg meiner det er viktig å tenkje seg nøye om før ein byter ut ord.

I ei av forteljingane er ordet «fjes» brukt. Mange ville kanskje heller bruke ordet «ansikt». Dette er to ulike ord. Gjennom det språklege mangfaldet såpass gode tekstar har å by på, får lesarane ei moglegheit til å utvide og utvikle ordforrådet sitt. Bruk denne moglegheita, forklar heller orda før eller etter lese­stunda.

Korleis byggjer du opp dramaturgien i forteljinga?

Eg leitar etter lynnet i teksten. Eg prøver meg fram både med ulike tempo og med å plassere pausar. Eg leitar heile tida etter kontrastar. Kvar er det driv i handlinga? Frosken øver på å hoppe. Han vil imponere anda, som han elskar. Han hoppar høgare og høgare. Her går tempoet stadig raskare i takt med hoppinga. Når han sit heime og er lei seg, går eg ned i tempo, dreg orda litt ut. Finn eg spenningsmoment, brukar eg pausar for å utnytte dei best mogleg. Eg brukar tid på å bla i boka, tid på å byggje opp forventningane. Pausar kan og brukast for å skape stemning og ro, til dømes slik: Frosken la seg ned ved sida av fuglen og sa: (pause) – Han er død.

Kan du låne oss dei beste tipsa dine for å førebu ei god høgtlesing?

Finn dei aktive orda. Legg vekt på dei. Dei aktive orda er ofte verb: Hjartet hans banka. La ordet «banka» få vekt og fokus. Leit også etter dei beskrivande orda: vedunderleg, vakker, forundra. Dra dei ut, bruk tid på å lese dei. Eg set gjerne strek, ringar rundt og markerer dei i teksten. Pass i tillegg på å lese replikkane heilt ut. Dei har noko på hjartet, desse figurane, dei må få komme fram med alt dei skal ha sagt. La ikkje stemma di falle før replikken er fullført.

Eg prøver å reinske ned og leite etter essensen, på alle nivå i teksten. Først på eit overordna plan: Kva er bodskapen i denne boka? Så eit hakk ned: Kva skal fram på denne sida, i dette avsnittet? Så i setninga: Kva ord er viktigast akkurat her?

Har eg eit publikum framfor meg, anten det er berre eitt barn eller ei mindre gruppe, kan eg spele lesinga meir ut ved å bruke kroppen og rommet: Eg kan la den eine karakteren sitje og den andre stå, la den eine vere krokete og den andre rak, la den eine vere framoverlent og den andre bakoverlent. Med enkle, tydelege kontrastar kan eg etter kvart nappe ut dei forklarande tekstelementa, som «sa frosken» eller «sa haren». Dei kan drepe flyten i dialogen, i verste fall.

Ein kan gjerne involvere lyttarane, både ved å gje dei oppgåver og ved å stille spørsmål.

Kanskje kan dei lage kulissar og stemningar, til dømes ved å tromme med fingrane når det regnar, eller suse gjennom leppene når det blæs. Ha alltid klare reglar for dette. Reglane må vere godt forklarte på førehand. Å få delta kan skjerpe og gje fokus, men det kan også ha motsett effekt. Opnar du for spørsmål, ha ein klar strategi for korleis du skal komme vidare.

Gled deg over barna si innlevingsevne og litterære glede, oppmodar Reidun til slutt.

− Eg har sett ungane leve seg slik inn i det eg fortel, at det er magisk, bokstaveleg talt: Dei trur på illusjonen og spør meg etterpå: Korleis klarte du det? Korleis fekk du det til å skje? Men det er ikkje eg som får ting til å skje.

Det er barna sjølve, med si innbillingskraft og sin fantasi, som får det magiske til å skje. Det er, som frosken sjølv ville ha sagt: Vedunderleg!

Meir om prosjektet

Dette metodiske eksempelet er utvikla med støtte i læreboka Dialogisk lesing i teori og praksis (Boström et al., 2013) og med støtte i Trine Solstad si forsking kring litterær samtale knytt til biletbøker i barnehagen (Solstad, 2011).

Det pedagogiske opplegget tek utgangspunkt i den illu­strerte barneboka Frosken er redd av Max Velthuijs.

Kulturbarnikon
Kulturbarn

Språk og litteratur, song og dans, kunst og kreativitet har vore satsingsområde i prosjektet Kulturbarn Sunnfjord (2019–2021). At barnehagane ligg i nynorskområde, var ein viktig premiss for val av songar og bøker. Her kan de lese meir om bakgrunnen for prosjektet og korleis dei forankra det fagleg.