Lesestund med dikt

Barn har tidleg glede av lydar, ord og rytme. Gjennom høgtlesing av forteljingar, dikt og regler kan barn leike med språket. Ordforråd og språkleg forståing i barnehagealder er viktige føresetnadar for seinare leseopplæring.

Filmen «Egget – språkutvikling i barnehagen» viser ein av fleire måtar å arbeide med dikt i barnehagen på. I filmen bruker dei diktet «Høner gjer meir»:

Hoener Hammar
Illustrasjon: Are Edvardsen

Høner gjer meir
enn å leggja egg.

Høner gjer mykje meir
enn å leggja egg.

Høner gjer meir enn gjerne
mykje meir enn å leggja egg.

Per Olav Kaldestad

Illustrert ark med diktet (PDF)

Framgangsmåte

  1. Forventningsoppbygging Framføre seg har den vaksne ein duk med noko under. Ho stikk hendene under duken, og når ho tar hendene fram, gøymer ho noko. «I dag har eg med meg ei hemmelegheit. Det eg har inni hendene er ovalt og det er kvitt. Er det nokon som vil gjette?» Barna gjettar, og kanskje må den vaksne gje litt meir informasjon som byggjer på det barna har erfaring med. «Eg kan seie litt til: Det eg har inni hendene er viktig når me skal lage pannekaker. Eg trur mange av dykk har ete det eg har inni hendene …» Barna gjettar.
  2. Samtale om egg-erfaringar  «Veit de kvar egga kjem frå?» Den vaksne inviterer til dialog og følgjer opp innspel frå barna, anerkjenner og vidarefører samtalen gjennom spørsmål. Mathias seier at han har sett ei ekte høne – det var spennande. Kvar var du da du såg høna? Har nokon andre vore på ein gard og sett høner? osb.
  3. Lese diktet  «Eg vil lese eit dikt om ei høne som legg egg. Veit nokon av dykk kva eit dikt er?» Gje rom for innspel. Viss naudsynt, kan den vaksne seie litt om dikt – at dei står i bøker, at dei ofte er korte, at nokre gonger er dei morosame, at det ofte er rim i dikt. «Er det nokon her som kan rime?» Anerkjenne rima og innspela til barna.
  4. Snakke om diktet og det rare høna gjer. Studere illustrasjonane.

Kvifor bruke dikt i barnehagen?

Gjennom språket formidlar vi saker som er knytte til innhaldssida av språket, som fakta, erfaringar og interesser. Men språket har òg ei uttrykksside: lydar og lydkombinasjonar som skaper klang og rytme. Når ein les dikt, skil det seg frå daglegtalen til barna på fleire område. I skriftspråket finn ein andre ord enn i talespråket, og ofte er også setningane noko annleis enn i daglegtalen. Barn som får høyre dikt – og snakke om det saman med ein vaksen – blir hjelpte til å leggje merke til uttrykkssida til språket.

Leikande utforsking av språket si uttrykksside hjelper barn til å sjå samanhengen mellom bokstavar og språklydane, som seinare spelar ei rolle når dei skal lære å lese. Å snakke om språklydane er viktig for utviklinga av eit metaperspektiv på språk, barna får eit språk til å snakke om språk med.

Rammeplan for barnehagen

Barnehagen skal bidra til at barna leiker, improviserer med rim, rytme, lydar og ord.Personalet skal oppmuntre barna til å fabulere og leike med språk, lyd, rim og rytme (Rammeplan for barnehage 2017, s. 48).

Andre dikt til bruk i barnehagen

«Karelius Krabbe» frå Konrad kråkebolle og andre fjærefantar av Lisbeth Dreyer og Per Ragnar Møkleby, Skald forlag. Ein kan følgje same framgangsmåten som for «Høner gjer meir», men til dømes ha ei krabbeklo eller ein garn-rest som ein gøymer mellom hendene for å byggje opp forventninga.

Hokus Pokus 1-2-3 av Sissel Horndal. Sissel Horndal har skrive om kva ein finn i og rundt huset til heksa i den hemmelege skogen. Det er eit vers for kvart tal, og illustrasjonane innbyr til teljing og samtale. Til dømes høver diktet om talet 4 særleg godt om de jobbar med egg eller høner som tema:  På kjøkkenet trippar  fire små høner.  Dei klukkar og kaklar  og klekker ut skrøner.

«Kva er regnet?» av Oskar Stein Bjørlykke

«Kra kra» av Marit Tusvik

Mange songar har tekstar som kan brukast som dikt. Til dømes «Vesle katt» frå Emil i Lønneberget. Her kan borna også lære melodien. Eit anna døme er «Berget i skogen», der kvart vers byggjer på det førre, og ein repeterer alt for kvart vers. Desse songane finn de i songboka Song for deg og meg av Odd Nordstoga (red.)