Å lage songbok i barnehagen

Å syngje i lag utviklar musikaliteten og språket og gjev fellesskapsopplevingar. Allereie frå born er heilt små, har dei utbyte og glede av musikk og song. Barnehagen skal leggje til rette for ei heilskapleg utvikling, og songen er ein del av dette biletet.

Undersøkingar viser at det blir sunge mykje, men at det ofte er dei same songane som går att. I tillegg viser forskinga at det også i nynorskområde blir sunge mest på bokmål.

Ved å gje borna kvar sin songperm dei får illustrera sjølve, kan barnehagen leggje til rette for eit variert songrepertoar og gode songvanar.

Songboka mi nett

Songboka mi

Skriv ut eit eksemplar til borna av månadens song, som dei får teikne på. Samle songane slik at borna får kvar si songbok. Enkle mjukplastpermar kan gjerast personlege med ei fargerik og personleg framside på «Songboka mi».

Avtal kven i personalet som har eit spesielt ansvar for songen den og den månaden eller veka. Då er det enklare å halde på gode rutinar, følgje opp «Songboka mi» og å finne fram nye songar.

Å få eigarskap til songane er viktig når barnehagen arbeider med repertoaret sitt. Ved å ha songane på eit ark i starten, lærer ein gjerne fleire vers enn om ein syng spontant. Personalet lærer også ein felles versjon av songen, og det er enklare å bli bevisst på at ein syng nynorsk der det finst ein nynorsk versjon.

Involver heimane, spør om foreldre, besteforeldre eller andre har ein song eller ei regle å dele med barnehagen. Songane de brukar i barnehagen, kan også sendast digitalt til heimane, så kan dei bruke dei heime også.

Repeter songane mange nok gongar til at borna lærer teksten. Det er så lett å gå i «heng dykk på etter kvart»-fella. Ver tolmodig som vaksen, sjølv om du kanskje kan songen godt og vil vidare.

Oppmuntre kvarandre til å leite opp nye nynorske songar, gjerne frå nokre av desse songbøkene: https://www.nynorskbok.no/category/song/

«Songboka mi» er fin å ta med seg vidare i eit barnehage-skule-samarbeid og er eit godt minne å ha med frå barnehagen, med teikningar og songar ein kan bla i og minnast når saknet etter barnehagen melder seg.

Syng ofte, syng med glede og syng med den stemma du har!