• Blogg
  • Syng saman i barnehagen

Syng saman i barnehagen

09.01.2022

IMG 0980 beskjært til nettside

Å synge er kjekt, det gjev rom for meistring, oppleving og medverknad, og det kan opne for kreative prosessar. Her følgjer ti tips til korleis du kan ta i bruk song i barnehagen.

Tekst: Hildegunn Hovde
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

1. Barnet syng før det snakkar 

Dei fleste barnehagebarn syng setningar lenge før dei evnar å snakke dei. Å synge mykje med dei yngste er med på å stimulere den språklege utviklinga, og det er også med på å auke den sosiale kompetansen deira. Å synge saman gjer godt, og det gjev rom for å kunna sjå kvart enkelt barn i ei trygg ramme med dei andre barna. Ver bevisst på kva songar de vel til dei yngste, la det vera enkle tekstar og melodiar, og bruk god tid. Eit roleg tempo og gjentaking sikrar at dei yngste får med seg meir og meir av songen for kvar gong de syng han. 

2. Rørsle og song  

Bevisst bruk av song med rørsler er viktig for barn generelt, og for dei yngste i barnehagen spesielt. Ved å nytte songar med rørsler gjev ein barn utan verbalspråk sosial kompetanse i kraft av det å kunna delta fysisk i songane. Gjennom rørsle og lyd kan barnet kommunisere kva song dei vil høyre eller synge, og dermed gjev vi barnet høve til å medverke. Rørslene er også med på å stimulere både fin- og grovmotorikk, og det spelar med på det naturlege instinktet hos barnet til å bevege seg til lyd. 

3. Song i tilvenninga 

Ein fersk forskingsartikkel frå Høgskulen på Vestlandet peikar på fleire interessante funn når det gjeld bruk av song med rørsle som overgangsobjekt i tilvenninga (Skjerdal & Engesæther, 2021). Å bruke berre ein enkelt song kan danne eit magisk bindeledd mellom heim, barn og barnehage, og gje dei yngste på tilvenning eit verktøy for kommunikasjon, samstundes som det også gjev dei tilsette eit verktøy for trøyst og omsorg, og ikkje minst eit element som barnet kjenner stor tryggleik i frå heimen.  

4. Song avlar song  

Same forskingsartikkel viser at dei tilsette i barnehagen der studien vart utført, beit seg merke i at det å vera bevisst kring bruken av berre ein enkelt song i kvardagen også førte til at bruken av song i barnehagen generelt auka. Dess meir ein syng, dess større vert songgleda og -viljen i barnehagen, både blant tilsette og barn. 

5. Eit årshjul med songar  

Kva med å laga eit årshjul med ulike songar som følgjer årstidene? Ei kjapp idémyldring på ein planleggingsdag kan føre til at mange nye songar kjem inn i barnehagen, noko som er bra for både store og små! Her kan ein også bruke tid på å finne songar som høver inn i dei ulike tema- eller prosjektarbeida barnehagen skal ha gjennom året. 

6. Barnehagesongbok 

Ein måte å skape eit godt bindeledd mellom heim og barnehage kan vera å dele songane ein bruker i barnehagen, med heimen. Ofte kan barn koma heim og synge delar av ein ny song dei har lært, og ved å gje dei føresette tilgang til dette songmaterialet kan barnet også synge desse songane i heimen. Sjå Nynorsksenteret sine sider: Å lage songbok i barnehagen. 

7. Songen i overgangssituasjonar 

Ein beskjed som vert sungen, kan ofte vera meir effektiv enn ein beskjed som vert talt. Ved å nytte faste songar til dei daglege overgangssituasjonane lar ein songen få ein naturleg plass gjennom heile dagen. Døme på dette kan vera: samlingssong, vaske-hender-song, ryddesong, tursong osb.  

8. Songen som ramme 

Ein song kan vera ei ramme for ein pedagogisk aktivitet. «Ser du kjolen min» kan nyttast til å fantasere om kva anna som er «grønt som graset» eller «blått som havet». Mellom kvart vers kan ein da synge om noko anna grønt (t.d. frosk) eller blått (blåfugl) osb. Hugs at i denne leiken kan alt skje, så her er det berre å tone seg inn på barna si fantasiverd! Om eit barn svarar «Dinosaur!», kan ein kanskje dikte ein song om ein dinosaur …?

9. Når barnet syng, syng med!

Barn syng medan dei leikar, og diktar lange songar om det som skjer her og nå. «Spontansong» er eit omgrep ein nyttar om tre ulike fasar av den musikalske utviklinga til barnet, der det å improvisere fram melodiar og seinare tekst til ferdige melodiar er ein imponerande del av utviklinga. Når barnet sit oppslukt i leiken og syng, prøv å vera med!   

10. Syng!

Legg vekt på fellesskap og det å gjera ein aktivitet saman, framfor skjønnsong og evaluering av eigne prestasjonar.

På nettsida til Nynorsksenteret kan du finne musikk, rim og regler.

Kjelder:
Sæther, M., og E. Angelo (2019). Barnet og musikken. Oslo: Universitetsforlaget. 

Stehouwer, G. (1998). Musikk mellom liten og stor. Oslo: Norsk Musikkforlag.

Skjerdal, L., og M. Engesæther (2021). «Det gjer godt i hjarta.» Å møte dei minste med musikk. I S. Bøyum og H.C. Hofslundsengen (red.),  Barnehagelærerrollen. Mangfold, mestring og likeverd. Oslo: Universitetsforlaget.