Tanntrolltrall

  1. Pusse, pusse alt vi kan
    tanntroll bort frå kvar ei tann.
    Tanna må bli fin og rein
    no når kvelden er blitt sein.
    Alle tenner får det bra,
    men no trur eg vi må ta
  2. ... pussen frå ein annan kant.
    Trolla trillar, ikkje sant,
    ned i vasken vår og bort,
    det går jammen ganske fort!
    Og no trur eg at du vil
    høyre songen ein gong til!
  3. No er songen faktisk slutt,
    alle trolla trilla ut!
Prikk Og Flekk Tanntryllar

Tekst: Lotta Geffenblad. 
Omsett av Jo Eggen. 
Attgjeve med løyve.

Denne tannpussesongen står i Prikk og Flekk tanntryllar av Lotta Geffenblad. Songen går på melodien til «Blinke, blinke stjerne klar». Syng vers 1 og 2 to gonger medan du pussar, og avslutt med å syngje dei fire første linene av vers 1 og deretter vers 3.