• Blogg
  • Små skrivarar, unge forfattarar

Små skrivarar, unge forfattarar

01.08.2023

Barnehagejente skriv bokstavar til nettside004

Skrivesenteret har laga ein ressurs om å skrive bok i barnehagen. Her får du tips om korleis du kan gjere det, og om nynorske bøker som er gode modelltekstar.

Tekst: Liv Kristin Bjørlykke Øvereng
Foto: Skrivesenteret

Å få lage eigne bøker kan verke som ei bru mellom leik og læring i barnehagen.

Rammeplanen for barnehagen påpeikar at personalet skal invitere til utforsking av både munnleg og skriftleg språk, og at barnehagen skal bidra til at barna utforskar og gjer seg erfaringar med ulike skriftspråksuttrykk, som leikeskrift, teikning og bokstavar, gjennom lese- og skriveaktiviteter (KD, 2017).

Ta gjerne utgangspunkt i teikningar barna har laga, når dei skal skrive bøker. Begynn med noko kjent og kjært, som til dømes «huset mitt» eller «familien min». Ein kan også lage små bøker som eit etterarbeid etter felles opplevingar som til dømes tur, teaterbesøk, samlingsstund eller høgtlesing. Det er også fint å bruke gode høgtlesingsbøker som modell før ein skriv si eiga bok. Her er nynorske bøker som eignar seg for modellering. Dette er bøker som har eit mønster som det er lett for barna å kopiere. Klikk på boktitlane dersom du ønskjer å lese meir om bøkene på Nynorskbok.no.

Vinterbok

Tekst og struktur

Det kan òg vera formålstenleg å jobbe med korleis ei forteljing er strukturert. Då kan ein til dømes bruke store ark der ein kan teikne og skrive kva som skjer i byrjinga, undervegs og til slutt i historia. Når ein gjenfortel frå ein tur, eit teaterstykke, ei bok eller eit eventyr, kan ein snakke om kva som skjer frå start til slutt. Det å illustrere eller bruke konkretar for å vise kva som har skjedd, kan vere til hjelp når barna sjølv skal fortelje, teikne eller skrive.

Byrjinga: Kven? Kvar? Når?

Handlinga: Kva skjer?

Avslutning: Korleis sluttar det?

Slike samtalar kan bidra til at barna får utvikla ordforrådet sitt. Det kan òg lære dei å bruke enkle reiskapar til å kunne forstå, hugse og fortelje att både faktatekster og fantasiforteljingar. Gjennom å arbeide med samtalar, forståingsstrategiar, teikning og skriving kan barna bli tryggare når dei sjølve skal uttrykke seg. Små skrivarar er små utforskarar i skriftspråksverda.

Barn som leikar foto Skrivesenteret

Bøker og tekstmangfald

Det er viktig at barna møter eit mangfald av tekstar i barnehagen. Bøker, plakatar, digitale tavler og andre kjelder til tekst bør vere sentralt i alle barnehagar, og gode barnebøker må vere tilgjengelege og plasserast i barnehøgde.

Bøker eller tekstar som blir brukte i barnehagen, bør:

• inspirere til språkrike samtaler

• gi moglegheit til meddiktning/samtale

• vere spennande og morosame

• ha ei god «historie» og ei form som passar for små barn

• dekke mange sjangrar

• ha ein kompleksistet/mangesidigheit tilpassa den faktiske alderen til barnet

Gjennom å arbeide med litteratur får barna moglegheit til å vere med på gode, innhaldsrike, filosofiske og undrande samtalar.

I ressursen til Skrivesenteret kan du lese meir om å lage bok i barnehagen: Små skrivere, unge forfattere.

Påskebok
Pærebok
Bokstavar