Skriftspråkmøte og bokstavkjennskap
Rammeplan for barnehagen (2017) seier at barnehagen skal bidra til at borna «utforskar og gjer seg erfaringar med ulike skriftspråklege uttrykk, til dømes leikeskrift, teikning og bokstavar, gjennom lese- og skriveaktivitetar». I denne filmen som Lesesenteret har laga frå Haugland gardsbarnehage, får me sjå korleis samtalar om bokstavar vert eit fint utgangspunkt for born si utforsking av skriftspråket.