Dei yngste barna og nynorsken
Om språkutvikling, språkstimulering og tidleg skriving
Tekst: Synnøve Matre, professor i norsk ved Høgskolen i Sør-Trøndelag
(Ein meir utfyllande versjon av artikkelen finst i boka Didaktiske perspektiv på nynorskopplæring)
Innleiing
Ein del av barna i Noreg vil få nynorsk som sitt hovudmål. Dei fleste vil få nynorsk som sidemål. For dei alle ligg nynorsken der som ein språkleg og kulturell ressurs. Mitt hovudpoeng er at alle vil ha glede og nytte av å møta nynorsk tidleg. I det store og heile kjem vi altfor seint på banen med å la barna møta nynorsken. Vi har tatt for lite omsyn til det vi veit om barns språkutvikling i denne samanhengen, til det vi veit om barns interesse for språk, for å skapa meining, for å uttrykkja seg og leika med språk. Vi har vore for lite opptatt av barns språklege aktivitet før dei erobrar skriftspråket, og av den språklege aktiviteten deira i prosessen med å læra seg å lesa og skriva og bli dyktigare skriftspråksbrukarar. Kort sagt, vi har undervurdert korleis den språklege situasjonen vår kan vera ein positiv ressurs i den første lese- og skriveopplæringa. Vi har byrja å interessera oss for nynorsk som sidemål først når vi meiner det er aktuelt for barna å læra det formelt korrekte språket. Det er for seint.
Halliday og språkutvikling hos barn
I dette kapitlet presenterer eg kort tankar om korleis barn tileignar seg språk. Eg gjer det ved å støtta meg til M.A.K. Halliday sin teori om språk og språkutvikling (Halliday 1975, 1994). Halliday forstår språk først og fremst som eit meiningspotensial der grammatikken opnar opp for uavgrensa mulegheiter til å skapa meining. Å læra eit språk handlar ikkje berre om å tileigna og tilpassa seg eit system. Det å skapa meining er det mest sentrale for barna. Det er det dei er mest opptatt av; det er det som driv dei. Det er viktig å ha denne forståinga i botn når vi reflekterer kring dei yngste barna og nynorsken.
Halliday bruker i si forståing av språkutvikling ein del omgrep som kan vera nyttige for oss. For det første er han opptatt av språkleg variasjon. Møte med eit rikt og mangfaldig språk stimulerer barns språkutvikling.
Register er eit anna sentralt omgrep i denne samanhengen. Det handlar om at ein skaper meining ved hjelp av ulike språklege trekk i ulike situasjonar. Når barnet fortel om noko det har opplevd, så nyttar det ein type språkleg register. Når det kranglar med kameraten, så bruker det ein annan type språkleg register. Ein speler på ulike register i ulike språklege samanhengar. Ein dyktig språkbrukar har mange språklege register som han nyttar seg av. Språkutvikling handlar mellom anna om å prøva seg på, utforska og å ta i bruk slike register.
Forsking på barns språk fortel at god språkutvikling ofte veks ut av spenning og konflikt mellom ulike komponentar og ulike register (Goodwin og Goodwin 1987, Goodwin 1990, Halliday 1975, Matre 2000, 2003). Variasjon og skilnader i språkleg uttrykk gjer at ein ser språket tydelegare, og det igjen stimulerer til språkleg refleksjon og medvit. Slik spenning oppstår til dømes i møte mellom ulike dialektar, mellom ulike språk, som nynorsk og bokmål, og mellom ulike kulturar. Språkleg medvit er ein kritisk faktor for at barn skal læra seg å lesa og skriva (Hagtvet 2004).
Språkinteresse hos 5–8-åringen
Førskulebarn har stor glede av å leika med språk, av å prøva det ut og vri og venda på det. Fem–seks-åringane synest vera i ei særstilling i denne samanhengen. Forskinga mi har mykje handla om denne aldersgruppa, og eitt av dei viktigaste funna er at språk er eit langt meir sentralt tema i samtalar barn imellom enn forventa. Barn som nærmar seg skulealder viser ofte stor interesse for språk. Eg refererer frå denne forskinga for å underbyggja dette (Matre 2000).
Interesse for ord
Barna eg studerte viser for det første stor interesse for ord. Dei snakkar om kva ord betyr, slik som i det følgjande samtaleutdraget der Per og Hilde er opptatt av skilnader på reir og fuglehus. Per har nett runda fem år, Hilde fyller fem om ein månad (transkripsjonen er tillempa skriftspråket).
Per: Æ skal ordne et reir til fuglan til sommarn æ
Så kan dem varm sæ og kos sæ i reiret
SM: Mhm
Per: For det er jo huset demmers det
SM: Visst er det det
Hilde: Nei, dem
Nei, reiret er senga demmers og fuglehuset er huset
Sant ja?
Per: Ja
Men det fins reir som e huset demmers og sjø
Hilde: Jaha
Vi ser at barna er opptatt av å skapa så presise meiningar som muleg. Gjennom samtalar arbeider dei med å utvida og finpussa på språket sitt. Ein liten dialogsnutt mellom Anders (6 år) og mor illustrerer dette. Her prøver Anders ut bruken av eit ord i ein ny samanheng. Dei to er på veg til barnehagen, og dei er ute i akkurat passe tid. Mor ser på klokka og seier: «Så fint. I dag er vi korkje for tidlege eller for seine.» «Da e vi lunka da,» kommenterer Anders. Svaret til guten vitnar om at han prøver ut sin hypotese om kva ordet ‘lunka’ betyr. Når noko er ‘midt imellom’, så er det lunka, midt mellom varmt og kaldt eller midt mellom for tidleg og for seint.
Interesse for det som merkjer seg ut
Forskinga mi fortel også at 5–6-åringane er opptatt av skilnader mellom språk. Dei er nysgjerrige på det som er litt annleis, det som merkjer seg ut. Den følgjande vesle forteljinga viser det.
Hilde: Men du, vet du
En gang var vi på skitur og gikk på vannet vet du
En gang var vi på skitur og da gikk vi over et vann
Vintervannet het det ja
Og så var det en benk der
Og så var det skisporet vi hadde gått i da vet du
Så kom så kom det noen svenske der
Og så sa e-en av dem
Det går jo jättefint
jättefint sa en av dem
SM: Sa de det ja?
Hilde: Det går jättefint
Hilde, på knappe fem, lagar ei lita forteljing ut av den språklege opplevinga si. Ho smakar på ordet. Det er rart. «jättefint.»
Barn viser også ofte interesse for språklege skilnader ved å kommentera: «Du sier skule du. Æ sier skole.» Underteikna si skarring på R-en resulterer i spørsmål som: «Kan du ittj si R du?» eller «Er du svensk du?» Barna samanliknar språk.
Barna som eg har arbeidd med, har stort sett berre hatt bokmål som skriftspråk rundt seg. Eg er sikker på at ytringar med særprega nynorske ord godt kunne ha resultert i liknande reaksjonar som dei vi såg i Jättefint-forteljinga til Hilde. Det er vanskeleg å vita kva barn finn interessant, kva dei reagerer på. Men ‘framifrå’ kan eg tenkja meg er eit ord som kan få barn til å stoppa opp og undra seg. «Det var ei framifrå fin teikning.» Eller kva med ordet ‘kjærleik’? Kva refleksjonar og kommentarar kan vel ikkje det ordet setja i gang? ‘Kjær leik’. Og kva med ‘forvitneleg’?? Det er mange ord å reflektera over, viss barna berre møter dei. Her ligg det mange mulegheiter.
Språkstimulering og dei små barna
Tida like før og etter skulestart synest vera ein særskilt ekspanderande fase i barns utvikling, og den bør vi utnytta til å stimulera språkleg vekst. Vi bør snakka med dei om talespråk, om variasjonar og fellestrekk. Vi bør studera skriftspråk i lag med barna ved å stoppa opp ved tekstar som vi les og ta eit metaperspektiv på dei, ved å dvela ved ord og uttrykk – rare, spennande, vakre; ved å undra oss og stilla oss spørjande til skrifta saman med barna. Kva tenkjer du på når du ser eller høyrer det ordet? Å ha to språk som ein kan samanlikna, er ein ressurs i denne samanhengen. Å reflektera rundt språket stimulerer språkleg medvit. Vi bør i langt større grad utnytta denne fasen i barns liv til å snakka om ulike språk og ikkje minst om språksituasjonen i Noreg. 5–6-åringar flest er mottakelege for det.
Vi må passa på at barna får møta nynorsk frå dei er små, gjennom barnebøker, songar og tekstskaping. Dette gjeld også barn i bokmålsstrøk, kanskje særleg dei. Det er viktig at dei får møta nynorsken som noko spennande og sjølvsagt. Å starta tidleg er då ein føresetnad.
Mange vil meina at to skriftspråk skaper forvirring når barn skal læra seg å lesa og skriva. Eg trur ikkje det. Barnet skal vita kva språknorm det er som er hovudspråk på skulen, om det er bokmål eller nynorsk. Det andre språket bruker ein til bevisstgjering, til å styrka språkleg medvit, i lag med dialektar og eventuelt andre språk som finst rundt barnet. Ein samanliknar og kontrasterer. Dette omtaler ein gjerne som ‘den fleirspråklege effekten’. Det andre språket eller dei andre språka fungerer som ein ressurs i forhold til primærspråket (Øzerk 2000).
Eit anna poeng er at barn gjerne vil ha utfordringar når dei tar til på skulen. Dei vil gjerne læra. Anneli på knappe ni år har østfoldsk språkbakgrunn. På skulen rår bokmål. Klassen arbeidde med dikt, og elevane skulle skriva eit dikt etter førebilete. Desse eksempeldikta var på bokmål. Jenta spurde læraren medan ho skreiv: «Kva heiter ‘hjem’ på det andre språket?» Læraren spurde kva språk ho meinte, var det engelsk kanskje? Nei, det var det andre språket som er norsk. Da skjønte læraren at eleven meinte nynorsk og spurde om ho hadde tenkt å skriva diktet sitt på nynorsk. Ja, det hadde ho tenkt, og ho fekk vita at ‘hjem’ heiter ‘heim’ av ein litt overraska lærar, før ho gjekk vidare i klassen. Etterpå viste eleven fram diktet sitt til læraren:
folk går ut i gata med paraplyer
isje eg før eg er ine og koser meg
folk løper heim for å isje bli våte
isje eg før eg er ine og koser meg
noen store går ut på gata og blir våte
isje eg før eg er ine og koser meg
Denne teksten har eg fått av høgskulelektor Benthe Kolberg Jansson, som igjen har fått han av lærar Kristin Paulsen. Forfattaren Anneli Larsen har gitt meg løyve til å bruka teksten her. Mange takk til Anneli!
Avsluttande kommentar
I denne artikkelen har eg prøvd å seia noko om verdien av å ha eit språkleg og kulturelt mangfald. Eit slikt mangfald skaper språkleg medvit og inspirerer til vidsyn og kreativitet. Det er gunstig for oss alle og ikkje minst for dei yngste barna.
Litteraturliste
- Goodwin, M.H. og C. Goodwin (1987): «Children’s arguing». I: S.U. Philips, S. Steele og C. Tanz (red.): Language, Gender, and Sex in Comparative Perspectives. Cambridge: Cambridge University Press, s. 200–248
- Goodwin, M.H. (1990): He-Said-She-Said: Talk as Social Organization among Black Children. Bloomington: Indiana University Press
- Hagtvet, B.E. (2004): Språkstimulering. Tale og skrift i førskolealderen. Oslo: Cappelen Akademiske Forlag
- Halliday, M.A.K. (1975): Learning How to Mean – Exploration in the Development of Language. London: Edward Arnold
- Halliday, M.A.K. (1994): An Introduction to Functional Grammar. London: Edward Arnold
- Matre, S. (2000): Samtalar mellom barn. Om utforsking, formidling og leik i dialogar. Oslo: Det Norske Samlaget
- Matre, S. (2003): «Ska æ kapp av dæ øran?» Femåringar i verbal duell. I: Matre, S. og Maagerø, E.: Når barn erobrar språket. Ulike perspektiv på barns språkutvikling. Kristiansand: Høyskoleforlaget/Forskningsserien HiA, s. 103–119
- Øzerk, K. (2000): «Tospråklighet i barndommen». I: Haugen, R. (red.): Barn og unges læringsmiljø. Fra enkeltindivid til medlem av et flerkulturelt fellesskap. Kristiansand: Høyskoleforlaget