Naturen som språkarena – nokre tips
15.02.2021
Mykje av den pedagogiske verksemda i barnehagen føregår enten ute i barnehagen eller på turar rundt omkring i nærmiljøet.
Tekst: Heidi Sandø og Agnete Vaags, Skrivesenteret, NTNU
Foto: Skrivesenteret
Det er derfor viktig å ta i bruk alt det magiske ein finn rundt seg, og la det barna finn interessant, leie an i arbeidet med utforsking, leik og språk. Det er viktig å ta seg tid til å stoppe opp på vegen til og frå ein turstad; det er utruleg kor mykje rart ein kan finne om ein berre ser seg omkring. Stopp ved ulike tre og blomstrar, still opne spørsmål og la barna fortelje. Syng ein song eller sei fram eit dikt eller ei regle som du tenker passar akkurat der de stoppar opp. Namngi det de ser rundt dykk, leik med bokstavlydar og sei gjerne orda på fleire måtar. Barn som deltar aktivt i samtalar med vaksne som støttar dei i å forstå og bruke ord, og som får formulere eigne erfaringar og tankar og delta i eit sosialt og fagleg fellesskap, vil lære språk og lære om omgivnadene (Gjems, 2011). Leik med språket! Det er ikkje alltid turmålet er det mest interessante for barna, men heller vegen eller vandringa til og frå.
Finn ein ein rar pinne, kongle eller stein, kan desse inspirere til ein artig språkleik saman med barna. Kva med å lage ei spennande forteljing eller eit eventyr med figurane ein finn? La barna fortelje og dramatisere historia. Skriv gjerne ned det dei seier, slik at de eventuelt kan bygge vidare på forteljinga seinare. Har de eit digitalt kamera, ein smarttelefon eller eit nettbrett, kan de òg lage ei digital forteljing saman med barna på turen. Med eit nettbrett i sekken og med ein app som gjer det mogleg å lage animasjonsfilm, kan de ta hyppige stillbilde som seinare kan spelast av som film. Denne prosessen kan i stor grad styrast av barna sjølv, og pedagogen kan fungere som teknisk «support» undervegs. Det er lett å forvandle kongler og pinnar til ulike karakterar på teaterscena til naturen. Digital teknologi kan fremme læring, samtidig som det bidrar til at barn blir nysgjerrige og kreative. Teknologien kan støtte utforskinga og læringsprosessane til barn. Det blir enklare å ta bilde eller å undersøke noko ute i naturen. Det gjer det òg lettare å omarbeide det ein forskar på, via søk på internett eller når dei skal produsere noko basert på eigne erfaringar (Sandvik & Tandberg, 2019, s. 167).
Kva med å lage ei fin forteljarstund ute? Ta med dykk eit fint sitteunderlag, finn ein lun og koseleg plass der de kan lese ei god bildebok eller fortelje eit spennande eventyr. La barna finne naturmateriale som kan brukast som konkretar til lese- eller forteljingsstunda. Med naturen som språkarena er det ikkje behov for å ta med seg mange ting frå barnehagen, ein finn det ein treng ute i skattkammeret til naturen. Motiver barna til å ta i bruk fantasien sin, og ver kreativ saman med dei. Ei kongle kan godt vere ein liten bukk, ein stein med litt mose blir fort til eit tøft troll, og kvifor ikkje bygge ei bru av nokon greiner og pinnar. Før du veit ordet av det, har de ei lita scene der barna kan leike eller dramatisere eventyret om «Dei tre bukkane Bruse». Gjennom å delta i dialogar får barna òg erfaringar med å fortelje. Dei får ein naturleg arena for å ta i bruk ord og omgrep. Det er samtalane som driv aktivitetane framover, og det er ofte samtalen som samlar barn og vaksne om noko felles. Språket er ein reiskap for å organisere og systematisere erfaringane våre (Gjems, 2009).
Ver merksam på det de finn, og la det slå an tonen for språkarbeidet. Finn de masse søppel eller andre ting som ikkje bør vere i naturen, kan dette vere ein inngangsport til å arbeide med berekraftig utvikling og korleis ein kan ta vare på naturen og omgivnadene rundt oss (KD, 2017). Den leikande og utforskande tilnærminga bør vere vegvisar i den digitale praksisen til barnehagen. Ein praksis som tar undringa, tenkinga og dialogane til barna på alvor, vil danne eit fundament for all vidare læring og samtidig auke medvitet til barn om eigne tankar og eige språk (Amundsen, 2012).
Ver små forskarar saman med barna! Den leikande og utforskande tilnærminga bør òg vere vegvisar i arbeidet med språk. Finn ut kva som skjer inne i ei maurtue eller under ein stein i fjæra. Kven er desse små skapningane som bur der? Og korleis lever dei eller kva lever dei av? Ta med eit forstørringsglas eller eit digitalt undersøkingskamera som de kan plassere forsiktig i maurtua for å studere dei fantastiske små insekta i det naturlege habitatet deira. Still spørsmål, ver nysgjerrige og undr dykk saman med barna. Samtalen som oppstår når barna er forskarar, er gull verd. Dei lagar seg òg ofte nokon eigne hypotesar som de saman kan finne ut av (Amundsen, 2013). Ta gjerne med bøker eller plansjar som kan brukast til å klassifisere plantar, insekt og kanskje spor etter dyr? Barn søker etter meining og forståing, og dei lærer gjennom varierte erfaringar og opplevingar i sosiale samanhengar. Påverknad frå omgivnadene og kulturen blir dermed viktige bidragsytarar til utviklinga til barnet (Askland og Sataøen, 2019).
Ver bevisste på fargar og det mangfaldige utvalet av materiale eller overflater de finn rundt dykk ute. Bruk alle sansane i arbeidet med språk. Lytt til fuglekvitter eller vatnet som sildrar. Sjå på lyset og mørket, sjå på kontrastane i naturen og sjå på fargane og namngi desse eller still spørsmål. Bruk den taktile sansen, kjenn, rør og rør dykk på mange måtar i terrenget. Korleis kjennest det ut? Eller kva lukter det? Med andre ord: Ta i bruk språket til alle barna og la naturen bli ein språkarena!
Kjelder
Amundsen, H. (2012). Den filosofiske praksis i møte med barn – rom for undring, dialog og ettertanke. I: Kibsgaard (red.). Grunnleggende læring i et stimulerende miljø i barnehagen. Oslo: Universitetsforlaget
Amundsen. H. (2013). Barns undring. Bergen: Fagbokforlaget
Askland, L. og Sataøen, S.O. (2019). Utviklingspsykologiske perspektiv på barns oppvekst (4. utgave). Oslo: Gyldendal Akademisk
Gjems, L. (2009). Å samtale seg til kunnskap. Sosiokulturelle teorier om barns læring om språk og gjennom språk. Bergen: Fagbokforlaget.
Gjems, L. (2011). Hverdagssamtalene – barnehagens glemte læringsarena? I L. Gjems & G. Løkken (Red.). Barns læring om språk og gjennom språk. Samtaler i barnehagen. Oslo: Cappelen Damm.
Kunnskapsdepartementet (2017). Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. Hentet fra: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2017-04-24-487
Sandvik, M. & Tandberg. C. (2019). Nettbrett og digitalt mikroskop i naturfag. I H. Jæger., M. Sandvik & A. H. L. Waterhouse. Digitale barnehagepraksiser. Teknologier, medier og muligheter. (ss 157-180). Latvia: Cappelen Damm Akademisk.