Aktivitetar med rimkort

Rim får borna til å leggje merke til korleis orda er oppbygde. Rimkorta er laga slik at borna kan finne rimpar. Det er viktig å leggje vekt på det munnlege og samtale om korleis ein uttalar orda, slik at borna kan ha høve til å lytte etter rim. Korta har fargekode, noko som gjer det enklare for mindre born å delta i aktiviteten. Ein kan også nytte ei utgåve av rimpara utan fargekode.

Slik kan du bruke rimkorta

Borna sit i ring.

  • Den vaksne held fram eit kort og seier ordet, borna skal finne kortet med ordet som rimar.
  • Den vaksne deler ut eitt kort til kvart barn, og alle borna skal finne eit kort som rimar.
  • Den vaksne held opp eit rimkort, og borna skal kome med forslag på ord som rimar. Då kan ein også lage tulleord.
  • Den vaksne startar på setninga, og borna finn rimordet på slutten av kvar setning. De kan lytte til rimsetningane på Berteogiver.no, eller de kan lese dei her:
    • Ei loppe som kan hoppe.
    • Ein gris som et is.
    • Ei mus i eit hus.
    • Ei meis som tok heis.
    • Ein katt i ein hatt.
    • Ein ål som et kål.
    • Ein hai som la til kai.
    • Ein hest med ein vest.