Biletboka som utgangspunkt for å lage klippe-og-lime-forteljingar i barnehagen

Av Anne Marta Vinsrygg Vadstein

Dei tre biletbøkene til Kari Stai om Jakob og Neikob kan brukast som utgangspunkt for mange ulike leseaktivitetar og samtalar. I denne ressursen vil vi sjå nærare på illustrasjonane i den første Jakob og Neikob-boka og korleis ein kan jobbe med dei i barnehagen og bruke dei som inspirasjon for å lage eigne forteljingar og kollasjar.

Biletbøker kan vi gjerne kalle samansette eller multimodale tekstar, og det er viktig å jobbe med forståinga av både tekst og bilete. Når vi les Jakob og Neikobmed borna i 4–6-års alderen, er det naturleg å samtale om det vi les. Det aukar forståinga og refleksjonen hos borna. Å øve opp ferdigheitene til å tolke bilete gjev også støtte til å forstå teksten.

Vi finn støtte for å arbeide med litteratur, bilettolking, tal og former i fleire fagområde i Rammeplanen. Mellom anna skal barnehagen bruke ulike teknikkar, materiale, verktøy og teknologi for å uttrykkje seg estetisk.

Personalet skal også sørgje for progresjon gjennom bevisst bruk av materiale, bøker, leiker, verktøy og utstyr. Dei skal også introdusere nye perspektiv og leggje til rette for nye opplevingar og erfaringar (R17, s. 44).

Biletboka er eit godt utgangspunkt for samtale om innhald og om bileta, og deretter eiga skapande verksemd. Ein slik progresjon vil introdusere nye perspektiv og gje ei djupare forståing av boka.

Forslag til gruppestorleik og alder: 4–8 born i gruppa. 4–6-åringar. Med noko forenkling kan også yngre born ha glede av opplegget.

Les og snakk saman om boka

Jakob Og Neikob
Oppslag frå Jakob og Neikob av Kari Stai

I Jakob og Neikob er teksten trykt på bileta, og fargane dekkjer heile sidene, noko som understrekar at tekst og bilete høyrer saman og verkar forsterkande på kvarandre. Den vaksne kan med fordel byggje opp forventningane til boka før høgtlesinga, gjerne ved å stille spørsmål og snakke om framsida på boka: – Kva er spesielt med dei to figurane? Kva fargar er brukte? Kven trur du heiter Jakob, og kven heiter Neikob? Kva er likt med dei to, og kva er ulikt? Kva skjer om vi snur boka opp ned og så ser på dei to figurane? 

Les boka høgt. Ta pausar og forklar vanskelege omgrep. Til dømes dobbelt nekting: «Du seier vel ikkje nei til ein bolle?» Boka inviterer også til meir filosoferande spørsmål om karaktertrekka til hovudpersonane: – Kven har du lyst til å vere, om du kunne vere ein av personane? (Dei fleste vil kanskje vere Jakob, og nokre vil vere Neikob.) Lytt til kva borna vil vere, men spør vidare ettersom det passar: – Er det lurt å seie JA! når tjuven vil stele bilen? Nei, då er det lett å bli lurt. – Trur du at Neikob får vere med på mykje moro når han seier NEI! til alt?

Eit av hovudpoenga i boka er motsetningane og kontrastane. Jakob seier JA! Og Neikob seier NEI! Jakob har mange lampar, så heime hos han er det lyst. Neikob likar best når det er mørkt. Jakob er høg, medan Neikob er låg. Dei har omvende fargar på klede og ansikt. Slik kan vi halde fram med å finne kontrastar og spørje barnegruppa: – Liknar tjuven på Jakob og Neikob? Kva fargar har han? Ser han glad eller sint ut? Slike samtalar har ikkje alltid eit fasitsvar, men øver opp evna til å avkode bileta og øver opp omgrepsforståinga hos borna.

Stai har stilisert figurane sine, og har skrella vekk alt som ikkje er naudsynt for forteljinga. Alle formene er enkle, men svært verknadsfulle. Boka er ein fin innfallsport til å samtale om fargar, kontrastar og former og å øve på omgrepa rektangel, kvadrat, sirkel, trekant.

Om illustrasjonane

Jakob og Neikob er teksten trykt på bileta, og illustrasjonane dekkjer boksidene. Stai har stilisert figurane sine, og har skrella vekk alt som ikkje er naudsynt for forteljinga. Ingen av figurane har negler eller augnevipper, det er ingen blomar ved husveggen eller hundar bak hjørnet. Det er vennskapsrelasjonen til dei to som er det sentrale. (Alfheim og Fordstad 2014; 66)

Fargane til Jakob og Neikob er primærfargar, medan dei andre fargane i bileta er blanda. Overført: Dei er klare «ja og nei-personar» medan dei andre elementa har større grad av nyansar i seg. Bileta eignar seg godt som førebilete for borna når dei skal lage illustrasjonar, fordi dei har ingen skuggelegging eller glidande overgangar mellom fargar. Om ein jobbar med kollasj er dette vanlegvis ei utfordring, men ikkje med denne boka som førebilete.

Kontrastar og motsetningspar: Jakob seier JA! Og Neikob seier NEI.  Jakob har mange lampar, så heime hos han er det lyst. Neikob set opp ein eigen vegg slik at han kan ha det mørkt. Jakob er høg medan Neikob er låg, medan Jakob har låg hatt og Neikob har høg. Dei har omvende fargar på klede og ansikt. Tjuven ser heilt annleis ut enn Jakob og Neikob. Han har svart hovud og gul kropp, som har sterk fargekontrast. Er det noko anna vi kjenner til som er svart og gult? – Kvefsar og bier som stikk, kanskje? Vi får assosiasjonar til noko skummelt i alle fall. Kva ser tjuven ut som? Ein fugl? Kva fuglar er det som stel ting som blenkjer?

Alle formene er enkle, men svært verknadsfulle. Dei er enkle for borna å etterlikne. Stai brukar i stor grad geometriske former, men vi finn også organiske former. Særleg hovudpersonane har avrunda kantar og vert dermed meir menneskelege. Når ein studerer illustrasjonane med barnehageborna, kan ein gjerne nytte omgrepa rektangel, kvadrat, sirkel, trekant, og vise døme på dei ulike formene.

Å lage eigne klippe-og-lime-forteljingar

Klipp Og Lim Jakob Og Neikob Foto

Bruk gjerne boka som modell for å lage eigne forteljingar og illustrasjonar. Til dømes kan ein bruke farga ark og ulike geometriske og organiske former frå boka, og setje saman formene til eit bilete. For mange born vil det vere krevjande å klippe ut formene, så den vaksne kan gjerne velje mellom å leggje vekt på det tekniske i å klippe sjølv, eller på å bruke dei ferdige formene og bestemme kvar dei skal plasserast på arket. Kvar økt treng ikkje ha same vektlegging, og ein kan godt variere arbeidsmåten. Eit tips kan vere at den vaksne legg fleire ark oppå kvarandre når han/ho klipper ut formene. Det kan godt vere ark i kopipapir-kvalitet, og formene treng ikkje vere spesielt avanserte.

Første gongen kan borna lage eit bilete frå boka om Jakob og Neikob. Neste gong kan dei lage ein annan kollasj eller teikne med fargeblyantar, styrt etter nokre hovudmoment:

  • Lag to hovudpersonar som er heilt ulike. Bruk gjerne motsetningspar: Høg/låg, rund/kvadratisk eller liknande.
  • Hovudpersonane skal få auge. Det gir figurane liv.
  • Hovudpersonane skal få namn. Det er ofte nok til å setje i gang diktinga og fantaseringa.

Den vaksne skriv ned forteljinga til barnet på eit eige ark som får følgje illustrasjonen. Slik blir skriftspråket ein naturleg del av den kreative prosessen. Ei biletbok vil på denne måten setje i gang språksamtalar og stimulere til å lage eigne forteljingar og illustrasjonar.

Kanskje ein kan eksperimentere med til dømes krokodillegapet (eller ei dør eller liknande) som ein kan opne og late att før ein limer det fast? I arbeid med kollasj er plassering av elementa sentralt. I ei teikning er elementa fastsette i det du har teikna ein strek, medan det i kollasjen er lurt å plassere alle formene før du tek fram limstiften. Ein kan leike seg med djupna i biletet ved å plassere delane slik at noko vert overlappa og dermed lenger bak enn noko anna.

Ein kan gjerne bruke oppbygginga i boka om Jakob og Neikob som mal for å dikte historier i barnegruppa. Jakob og Neikob er venner, så vert dei uvenner og deretter venner igjen. Ofte er det enklare å fantasere vidare og lage eigne historier dersom ein har nokre rammer for forteljinga.

I «Skal vi leke en bok» av Alfheim og Fodstad viser dei korleis ein kan lage biletbøker med barnehageborn etter mal frå Jakob og Neikob-bøkene.

Kjelder

Rammeplan for barnehagen. Kunnskapsdepartementet 2017Temahefte om språkmiljø og språkstimulering i barnehagen. Anne Høigård, Ingeborg Mjør og Trude Hoel. Kunnskapsdepartementet 2009Temahefte om antall, rom og form i barnehagen. Elin Reikerås. Kunnskapsdepartementet 2008Skal vi leke en bok? Språktilegnelse gjennom bildebøker. Ingvild Alfheim og Cecilie D. Fodstad. Universitetsforlaget 2014