Førskuleaktivitetar med Berte og Iver

Aktivitetssidene Berte og Iver inneheld språkstimulerande aktivitetar tilpassa dei eldste i barnehagen og dei yngste i barneskulen. I denne ressursen finn du informasjon om korleis du som barnehagelærar eller lærar kan førebu og gjennomføre førskuleaktivitetar med utgangspunkt i sidene.

I arbeid med digitale verktøy er det viktig å vere tett på som pedagog, og derfor anbefaler vi at ein nyttar aktivitetssidene Berte og Iver i mindre grupper.

Tre korte møte: Jakob og Neikob, Flekkmonsteret og Kråkebollebilly

Flekkmonsterikon
Flekkmonsteret
  • Nivå: førskulebarn
  • Førebu: Vel eitt av opplegga, og sjå gjennom aktivitetane knytte til den enkelte boka. Vel det som høver best for barnegruppa. Finn fram boka til den filmen du vel å sjå, slik at barna kan få bla i ho etter at aktiviteten er over. Sjå gjennom filmen sjølv, og tenk gjennom korleis du vil nytte aktivitetsforslaga under.
  • Aktivitet: Animert barnebok med ulike typar etterarbeid.
  • Tidsramme for gjennomføring av aktiviteten: 30–40 min.

Alternativ 1: JAKOB OG NEIKOB

Gå til STOVA.

Sjå animasjonsfilmen om Jakob og Neikob.

Gjennomfør eit eller fleire av etterarbeida: Fargeleggingsark, Klippe-og-limeforteljingar, Å teikne motsetjingspar.

Alternativ 2: FLEKKMONSTERET

Boka Flekkmonsteret bygger harefelle er ei bok ein gjerne kan lese over nokre dagar i barnehagen. Bruk god tid på å vise fram bileta, og snakk om karakterane som dukkar opp. Her kan ein også leike seg med å gje karakterane ulike stemmer for å gje boka meir liv.

Gå til KJØKENET: Finn oppslagstavla på veggen, trykk og sjå på teikningane og kortfilmane av karakterane.

Under Bok i bruk finn de mange døme på etterarbeid til boka. Kva med å bygge ei vennefelle i barnehagen? Ein kan også velje å sjå filmen, som ein finn på TV-en i stova.

Kråkebollebillyikon
Kråkebollebilly

Alternativ 3: KRÅKEBOLLEBILLY

Gå til LEIKEROMMET: Trykk på puslespelet på golvet, og pusle saman Kråkebollebilly. Kven er dette, tru?

Gå til STOVA: Trykk på fjernkontrollen og sjå filmen om Kråkebollebilly.

Kva er ein kråkebolle? Kva var det som skjedde med foten og ballen? Og kva skjedde med Kråkebollebilly til slutt? Snakk om å setje saman ord: kråke-bolle, fot-ball, barne-hage osb.

Etterarbeid: Skriv ut biletlotto, og la barna trekke kort som blir til samansette ord. Be barna om å teikne dei nye orda (kroneplanet, klokketog, romfararmakk osb.) Under finn du fleire aktivitetar som går på samansette ord.

Leikbasert skriftspråkstimulering

Her finn du to aktivitetar til bruk i overgangen mellom barnehage og skule der barna får øve seg på å lytte til språklydar, undre seg over kva ord som passar saman, og leike med samansette ord.

Sniglekattesnigel
Katt + snigel = kattesnigel. Snigel + katt = sniglekatt.

Bokstavskattejakt

  • Nivå: førskulebarn
  • Førebu: BALL – KATT – HATT – SNIGEL - BLOME (skriv ut støttearket med desse orda)

Gå til HAGEN:

Aktivitet 1: Skattekartet. Finn alle bokstavane. Dette er ein enkel aktivitet der barna kan byte tur på å leite. For kvar bokstav de finn, stopp opp og smak på lyden. Er det nokon barn som har denne bokstaven i namnet sitt? Kva ord byrjar på denne bokstaven?

Aktivitet 2: Samansette ord. Denne aktiviteten får du opp etter at du har gjennomført bokstavleitinga på skattekartet og deretter har skrive dei ulike orda som skal setjast saman. Dersom du vil gå rett til å leike med samansette ord, kan du klikke på pila til høgre på skjermen for å hoppe forbi skattekartet og stavinga.

Klikk på to ord, set dei saman og sjå kva som skjer. Dette er ein enkel og artig aktivitet der barna får sjå artige teikningar av ordkombinasjonar. Her kan ein opne for gode samtalar om kva som skjer når ein set saman to ord.

Tidsramme for gjennomføring av aktiviteten: 20–30 min.

Samansette ord

  • Nivå: førskulebarn
  • Førebu: Sjå gjennom aktivitetane på PC eller nettbrett, og planlegg korleis du vil bruke aktiviteten.

Gå til LEIKEROMMET:

Aktivitet 1: Samansette ord. Trykk på boka i bokhylla med bilete av ei solsikke (tittel: BLOMAR). Her er det biletrebus med samansette ord. Kva er rett?

Aktivitet 2: Rebus. Trykk på REBUS i bokhylla. La barna sjå på bileta og prøve å finne fram til ordet. Tast inn svaret for dei.

Tidsramme for gjennomføring av aktiviteten: 20–30 min.