• Blogg
  • Med kultur og språk som bru mellom barnehage og skule

Med kultur og språk som bru mellom barnehage og skule

18.02.2023

Frode laks Ålhus barnehage til nettside

Styrar og pedagogisk leiar Katrin Heggheim Nilsen i Ålhus barnehage les eventyret om pannekaka.

Frode Laks er ei kulturell bru mellom barnehage og skule i Sunnfjord. Når skulane og barnehagane nyttar nokre av dei same songane, dansane og bøkene, kan borna kjenne tryggleik og samanheng.

Tekst: Anne Marta Vinsrygg Vadstein
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Nynorsksenteret besøkjer 1. klasse ved Vassenden skule ein føremiddag i januar. For eit halvår sidan var det skulestart, men no er elevane husvarme og godt kjende med både rutinar, folk og hus. Rommet er som førsteklasserom flest, med bokstav- og ordplansjar, teljeutstyr og leikemateriell, men noko skil seg ut frå andre rom: På veggen heng Frode Laks, ein fin og stor tøyfisk.

– Elevane kjenner godt Frode Laks. Han heng der og er alltid klar til bruk. No er det ei stund sidan, men i oppstartsfasen tidleg i haust var det fint å kunne bruke overgangsobjekta til Frode Laks, fortel lærar Ingvill Marie Støfringstøl.

Når skulane og barnehagane nyttar nokre av dei same songane, dansane og bøkene, kan borna kjenne tryggleik og samanheng.

– Sjølvsagt kjenner elevane igjen andre songar og bøker enn dei i Frode Laks-opplegget også, men det er fint å vite om nokre felles referansar borna har med seg frå barnehagen, seier Støfringstøl.

Frode laks Vassenden skule til nettside
1. klasse ved Vassenden skule i full sving med songleik og teljeregle.

Også i Ålhus barnehage er dei godt kjende med Frode Laks. Styrar og pedagogisk leiar Katrin Heggheim Nilsen tek fram ei blå veske der dei har alle korta, bøkene og Frode Laks sjølv. ­

– Når alt er samla i veska, er det så enkelt å ta det fram utan så mykje førebuing, fortel ho.
– Vi brukar korta i barnehagen, og så brukar dei opplegget i førskulegruppa når dei møtest frå tre ulike barnehagar og har aktivitetar i lag. Der merkar vi veldig godt at det er kjekt for dei å ha nokre felles referansar og eit felles utgangspunkt for aktivitetar og leik.

Borna i Ålhus barnehage brukar heile kroppen i teljeregla Oppen poppen og songleiken Per Sjuspring, og både store og små har kome seg både ned på golvet og opp att alle sju gongane. Dei avsluttar samlinga med høgtlesing av eventyret Pannekaka, frå Barnas store eventyrbok, før Frode Laks sym opp att i veska si og kviler der til neste gong.

Overgangsobjekta er samla i ei veske, og tekstane med rim og regler, songar og leikar står skrivne på baksida av korta, og er ei god støtte til den vaksne. Materialet er samla og utvikla av prosjektgruppa og inneheld skriftleg tekstmateriale på nynorsk. Borna i Sunnfjord kommune tek til på skular med nynorsk som hovudmål og treng å møte skriftspråket gjennom varierte aktivitetar også i barnehagen. Kultur og språk vert ei bru mellom barnehagen og skulen.

Meir informasjon om prosjektet

www.frodelaks.no

Frode laks hovudbilete
Frode Laks – ei kulturell bru mellom barnehage og skule

Overgangsprosessar i oppveksten kan både støtte og svekke utviklinga og sjølvbildet til barnet. Når det er ein gjennomtenkt samanheng mellom barnehage og skule, vil det trygge borna og gjere at dei kjenner på meistring i møte med det nye.