Frode Laks – ei kulturell bru mellom barnehage og skule
Overgangsprosessar i oppveksten kan både støtte og svekke utviklinga og sjølvbildet til barnet. Når det er ein gjennomtenkt samanheng mellom barnehage og skule, vil det trygge borna og gjere at dei kjenner på meistring i møte med det nye. Dette er nyttig for alle born, og særleg viktig for dei som strevar med overgangar.
Tekst: Anne Marta Vinsrygg Vadstein
Illustrasjonar: Anita Høllige, ass. rektor Sunnfjord kulturskule for utforming og design.
Sunnfjord kommune og Sunnfjord kulturskule har delteke i prosjektet «Kulturskule 3.0», der føremålet er å få fram kulturskulen sin funksjon, oppgåve og rolle i det kommunale tenestetilbodet. Dei valde å arbeide med overgangen barnehage–skule, og prosjektet er forankra politisk og administrativt i kommunen. På denne måten veit alle tilsette i skule og barnehage at ved å arbeide med Frode Laks, er dei med på skape samanheng og tryggleik.
Overgangsobjekt er symbol som vekkjer positive kjensler og er med på å trygge barnet i utsette periodar, og i «Frode Laks» er det musikk, dans, rørsle og litteratur som blir brukte som overgangsobjekt. Slik blir kulturarven ei plattform for å utvikle felles identitet, forståing og praksis. Når dei tilsette i barnehage og skule brukar felles verktøy, får borna erfare samanheng same kva for ein barnehage, base eller avdeling dei kjem frå, og kva skule dei går til.
Dei sju overgangsobjekta (illustrasjonen) ligg ute på nettsida til Frode Laks, og kan brukast i den rekkefølga som passar best. Det heile startar med at ein blir kjend med ein figur som kan snakke flytande, nemleg Frode Laks, så det kan vere greitt å starte med han. Etterpå kan ein velje kva leik, song, bok, rim og regle ein vil ta til med, jamfør dei sju overgangsobjekta. Det viktigaste er å ta borna med på leiken og ha det artig i lag. Når skulen tek opp att dei sju overgangsobjekta, er dei godt kjende blant alle borna, noko som er trygt og skaper meistring. I tillegg til dei nemnde aktivitetane og eit Frode Laks-kosedyr, brukar skulane og barnehagane bøkene Pølsetjuven, av Marianne Gretteberg Engedal, og Barnas store eventyrbok, omsett av Maria Parr.
Materialet er valt ut frå lokale kulturuttrykk og nynorsk litteratur, noko som støttar borna sin språklege og kulturelle identitet og skriftspråktileigning. Kompetansen til kulturskulen bidreg til eit løft for både barnehagen og skulen, og prosjektgruppa løftar fram distriktsmusikarane og kulturskulelærarane Ole Nilssen og Ingrid Schei Stuhaug, og Janne Karin Støylen frå Svidal skriveri som sentrale i arbeidet (sjå lenka til omtalen på barnehage.no). Frode Laks er ei vidareføring av arbeidet i prosjektet Kulturbarn Sunnfjord (2019–2021). At barnehagane ligg i nynorskområde, var ein viktig premiss for val av songar og bøker også i dette prosjektet.
Som Ingeborg Mjør sa det så fint i boka Kulturbarnehagen, og som også kan seiast om dette prosjektet i barnehage og skule:
Kunst- og kulturopplevingar gjer oss varme i hjarta, og inspirasjonen ligg i gamle og nye kulturskattar – litteratur, forteljing, song, musikk, bildekunst, historie, lokalmiljø og impulsar frå den store verda og kulturar som er «nye i det norske» (Mjør, 2003, p. 23).
Materialet og inspirasjonen frå Frode Laks ligg fritt tilgjengeleg, og det er også mogleg å bli inspirerte til å setje i gang med store eller mindre samarbeidsprosjekt som er positivt for borna i overgangen mellom barnehage og skule.
Her kan du lese om korleis Ålhus barnehage og 1. klasse ved Vassenden skule har teke i bruk Frode Laks: Med kultur og språk som bru mellom barnehage og skule
Kjelder
- Sunnfjord kommune si side om Frode Laks
- Omtale av satsinga på barnehage.no 29.07.2022
- Kulturbarn Sunnfjord
- Mjør, I. r. (2003). Kulturbarnehagen (2 ed.). Samlaget.