• Blogg
  • Les, syng og leik på 1. trinn

Les, syng og leik på 1. trinn

16.08.2022

Skulestart kjøpt illustrasjonsfoto til nettside

Overgangen frå barnehage til skule kan vere stor for mange av skulestartarane. Ved å vidareføre aktivitetar som leiking og synging når dei startar i skulen, blir kanskje overgangen lettare.

Tekst: Irene Åbrekk Kalvatn
Foto: Mostphotos

I tillegg er det viktig at elevane framleis får oppleve høgtlesing, samtidig som dei får prøve seg på å lese sjølve etter kvart som dei lærer bokstavane. For å gjere det enklare for lærarane som skal ta imot nye elevar på 1. trinn, har vi vi laga ei oversikt over songar, songleikar og bøker som kan vere kjekke for denne aldersgruppa. Hugs at ein kan bruke song og songleikar i alle fag. Det same gjeld for høgtlesing.

Songar på Spotify og tunkatten.no.

nettsida vår har vi lenka til Spotify og ei speleliste med eit stort utval nynorske barnesongar. Her finn de eit utval frå denne lista som kan passe særs godt for skulestartarane:

  • Perlas ABC-song (Ingunn Thon)
    Dette er ein kjekk alfabetsong på nynorsk, og han kan godt brukast i norsktimane så vel som i musikktimane. NRK Super har laga ein musikkvideo til denne songen.
  • Første skuledagen (Hit eit steg) (Ingebrigt Davik)
    Som tittelen på songen viser, så er dette ein passande song å presentere for elevane allereie første skuledag. Denne songen kan også vere ein fin samtalestartar om skulestart «før og no», sidan denne songen vart skriven i 1960. Ein kan til dømes snakke om kor gamle elevane var då dei starta på skulen før, og kor gamle elevane er når dei startar på skulen no. I tillegg er det brukt nokre ord i songen som elevane kanskje ikkje har det same forholdet til i dag som elevane på den tida hadde. Songen kan derfor vere ein fin inngangsport til å snakke om ord som til dømes «ransel», «frøken», «kuleramme», «nisteboks» og «skulestova».
  • Eg kan! (Gode høns)
    Det er ikkje alle som lærer å skrive og lese like fort, og dette kan resultere i lite meistringsfølelse. Denne songen handlar om at ein kan vere flinke til ulike ting, og at det er heilt greitt. Det viktigaste er at vi heiar på kvarandre og har trua på at alle kan noko. Denne songen er fin å bruke når ein til dømes snakkar om korleis ein skal vere mot andre, og at det ikkje er greitt å plage eller erte andre.
  • Dinosaurane (Gode høns, Hilde Norbakken)
    Ein morosam song om dinosaurane, med funderingar på kva dei gjorde då dei levde og kvar dei har vorte av. Songen har fengande bossa-rytme og kan vere eit flott utgangspunkt for å finne fram rytmeinstrumenta på skulen. Han er også lett og kjekk å danse til. Slik aktivitet finn vi støtte til i LK20, der eit av kompetansemåla i musikk etter 2. trinn er at elevane skal kunne «utforske og eksperimentere med puls, rytme, tempo, klang, melodi, dynamikk, harmoni og form i dans, med stemmen og i spel på instrument».
  • Hei, eg er Hydle (Blue Tram, Mariann Thomassen)
    Ein song om det sprudlande ekornet Hydle, som hoppar frå tre til tre. Denne songen høyrer til i bluegrass-sjangeren, og kan passe å bruke når ein har «dyra i skogen» som tema.
  • Traktor (Good Time Charlie)
    Gravemaskin, fin bil og traktor, og det å drøyme om å eige sine eigne køyretøy når ein blir vaksen. Dette er stikkord for innhaldet i denne fengande songen frå Good Time Charlie.
  • Okken Bom (Olav Stedje)
    Dette er songen om den rare mannen som bur på månen. Songen kan vere eit godt utgangspunkt for ei teikne- og/eller skriveoppgåve for dei yngste.

tunkatten.no kan de også finne morosame og fine songar som passar godt for dei yngste. Her finn de mellom anna songar som leikar seg med språket. Leik og språkutvikling har ein samanheng, noko ein også kan lese om i LK20. Eit av kompetansemåla i norsk etter 2. trinn er at elevane skal «kunne uttrykkje tekstopplevingar gjennom leik, song, teikning, skriving og andre kreative aktivitetar». Her finn du songar som passar godt til dette føremålet, dei to siste songane på lista finst det også bevegelsar/dans til:

  • Fluribus
  • Ordsongen
  • Ord! Ord! Ord!
  • Bind deg ein blomekrans
  • Ved vegen låg eit hus

Songleikar

Eit av kompetansemåla i musikk etter 2. trinn er at elevane skal kunne «utøve eit repertoar av songleikar, songar og dansar henta frå den nære musikkulturen til elevane og frå kulturarven».

Her har vi teke med tre songleikar som er kjekke å halde på med. Songleikane finn de i boka «Syng og leik i lag» av Astri Sudmann. I boka finn de både tekstane og instruksjonane til bevegelsane som høyrer med til songane.

https://www.nynorskbok.no/2018/12/27/astri-sudmann-syng-og-leik-i-lag/

Illustrasjonsfoto skulestart
Jente teiknar Huldra Hildur

Bok på 1-2-3

Ei av satsingane til Nynorsksenteret er «Bok på 1-2-3». Eit av opplegga der tek føre seg boka «Huldra Hildur», av Aslak Brimi . I dette opplegget får elevane møte både litteratur, song og musikk. I boka finn de notar til songane, og heile albumet ligg på Spotify. De kan låne boka på biblioteket eller lytte til heile historia på Nynorskbok.no. Ver merksame på at det då berre er lyd og ikkje bilete frå boka de har tilgang til. Uavhengig av kva opplegg i satsinga de gjennomfører, får elevane arbeide både med lesing og skriving. I tillegg får dei jobbe praktisk, samarbeide og vere kreative. Hausten 2022 kjem det fire nye opplegg i satsinga, der to av dei passar for 1.–4. trinn.

Bøker

nynorskbok.no finn de hundrevis av bøker på nynorsk, og på sida kan de sjå at bøkene er sorterte ut frå aldersgruppe og kategori. Vi vil nemne nokre bøker som kan vere passande å lese for elevane som nettopp har starta på skulen. Nokre av dei vil vere naturleg å ha som høgtlesingsbøker, medan andre kan passe for elevane som held på å knekke, eller nettopp har knekt, lesekoden. Vi kan også nemne Bokbussen som inneheld til saman 160 småbøker til støtte i leseopplæringa.

Til høgtlesing

  • Absolutt Pode (Tor Arve Røssland)
  • Fiskebolleboks-raketten (Anna R. Folkestad) Denne boka er også utgangspunkt for eit av fire nye opplegg i Bok på 1-2-3 som vert lansert i august 2022.
  • Oppdrag Romvesen (Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde) Dette er ei lydbok som kjem i korte episodar og kan passe fint i matøkta, til dømes.
  • Klodeklubben-bøkene. (Ruth Lillegraven og Jens Kristensen) Det er fire bøker i denne serien.
  • Lykketanna (Anja Dahle Øverbye) Dette er ei bok om ein som gruar seg for å starte i 1. klasse.

Å lese sjølve

Bøker til ulike tema som passar for elevar på 1. trinn

Vi ønsker dykk lykke til med å ta i mot dei nye skulestartarane!