Bok på 1-2-3: Huldra Hildur

Huldra Hildur
Musikk og magi på setra

Av Aslak Brimi
Illustrert av Agnetha Berg

Tverrfagleg undervisingopplegg for 1. til 4. trinn i norsk, musikk og kroppsøving. Momenta skaparglede, engasjement og utforskartrong, respekt for naturen og miljøbevisstheit er vektlagde i ressursen.

Tid: 90 minutt (+ tilleggsoppgåvene)

Utdrag frå boka: side 6–29

Last ned opplegget:
Bok på 1-2-3: Huldra Hildur (PDF)

Om boka

Kari og faren bur i byen, men denne sommaren skal dei hjelpe bestefar med å stelle dyra på setra. Bestefar fortel historier om dei underjordiske og om huldra som bur på setra. Kari er ikkje sikker på om bestefar snakkar sant, eller om han berre finn på historier, men pappa, derimot, ber bestefar slutte å fortelje desse historiene. Han får ikkje lov å skremme Kari, seier han.

På setra får Kari eit nært møte med dyra, men ho blir også kjent med ei lyshåra jente som heiter Hildur. Ho seier ho bur på setra saman med familien sin. Hildur kan så mykje om dyra, og ho har eit heilt spesielt godt lag med dei. Kari og Hildur er i lag kvar dag, og dei har det veldig kjekt. Men det er noko merkeleg med Hildur som Kari ikkje heilt klarer å finne ut av …

Huldra Hildur som lydbok

Songane frå Huldra Hildur

Eksterne ressursar nytta i opplegget