• Blogg
  • Ein god start for skulestartarar

Ein god start for skulestartarar

23.08.2022

Skulestartarar illustrasjonsfoto til nettside

August er månaden for skulestart, og nokre barn er ekstra spente denne tida. Hundrevis av skulestartarar står på terskelen til ein mangeårig skulegang, og ein ny kvardag ventar. Å få ein god start kan vere avgjerande for korleis desse barna vil oppleve tida på skulen. Her har vi nokre tips som kan vere med på å gje skulestartarane ein god start med skulelivet.

Tekst: Irene Åbrekk Kalvatn
Illustrasjonsfoto: Klimkin, Pixabay

1. Namnelappar

Alle må kjenne at dei er velkomne og ønskte. Ved å sjå namnet sitt på tavla, på pulten og på knaggen i garderoben ser elevane at dei er hugsa på, og at dei høyrer til i klassen. Det er lurt å skrive namnet med små bokstavar.

Tips:

  • Elevane kan kome fram etter tur og setje ring rundt namnet sitt på tavla. Kanskje nokre treng ekstra hjelp, og då kan lærar til dømes peike på namnet og lese det sakte medan han/ho dreg fingeren under bokstavane.
  • Om det er enkle namnelappar på pultane, kan ein til dømes ha som ei oppgåve i kunst og handverk å lage litt meir personlege namnelappar etter kvart.

2. Ei god bok

Finn fram ei god bok som de kan lese saman. Det er lurt om det er ei bildebok slik at elevane kan sjå på bilda medan læraren les.

Nokre tips til bøker som kan vere aktuelle dei første skulevekene:

    Det runde problemet 624x649

    Det runde problemet (Vegard Markhus)

    Ei morosam bok med festlege teikningar. Ei bok ein ikkje klarer å lese utan å både smile og le.

      Stripe
      Ulla 624x771

      Ulla (Anna R. Folkestad)

      Om sauen Ulla som er supergod til å gøyme seg. Dei andre sauene er ikkje så gode til å leite, og Ulla må få hjelp av andre dyr til å finne att flokken som plutseleg er blitt borte. Til denne boka finst det aktivitetsark der elevane kan fargelegge dyra dei møter i boka.

      Stripe
      Ulla Kvadrat
      Fargelegg Ulla og venene (PDF)

      Her kan du fargeleggje figurar frå barneboka Ulla av Anna R. Folkestad.

      Lykketanna

      Lykketanna (Anja Dahle Øverbye)

      Torbjørn gruar seg til å starte på skulen og skjønar ikkje kvifor han må slutte i barnehagen.

      Stripe

      3. Songar

      Å presentere elevane for musikk og song tidleg i skulekvardagen kan vere med på å synleggjere at skulen handlar om meir enn berre å sitje i ro på ein stol og lese og skrive. Skulekvardagen inneheld mykje ulikt, og musikk er eit av elementa som kan vere lurt å presentere elevane for tidleg. Mykje kan lærast gjennom songtekstar. Song og dans kan vere eit godt avbrekk og ein pause frå stillesitjande aktivitetar.

      Nynorsksenteret har laga ei speleliste i Spotify der de kan finne nynorske barnesongar: Nynorske barnesongar. Nedanfor ser de nokre forslag til songar ein kan bruke første tida på skulen:

      • Perlas ABC-song (Ingunn Thon).
      • Den nye guten i gata (Gode høns)

      4. Leik

      For at elevane skal bli kjende med både dei vaksne og dei andre i klassen, er det lurt å setje av mykje tid til leik. Det kan vere både organisert leik og frileik, og det kan vere både inne og ute. Nokre kjekke leikar ein kan introdusere elevane for tidleg, er mellom anna:

      • Fruktsalat
        Lag ein ring av stolar. Det skal vere nok stolar til alle så nær som ein. Den som manglar stol, skal stå i midten. Del elevane inn i frukt-grupper. (t.d. eple, banan, appelsin, kiwi, druer). Når den som står i midten, ropar «eple», skal alle som er eple forte seg å byte plass. Den som står i midten, skal prøve å finne seg ein stol, og den eleven som endar opp utan å ha ein stol, må inn i midten. Dersom den i midten ropar «fruktsalat», må alle elevane byte plass.
      • Omvend gøyme-og-leite
        Ein elev gøymer seg, og alle dei andre skal leite. Etter kvart som elevane finn den som har gøymt seg, skal dei gøyme seg saman med han/ho. Etter kvart vil det bli fleire og fleire på gøymeplassen og færre og færre som leitar. Når den siste som leitar, har funne dei andre, startar leiken på nytt.