• Blogg
  • Bruk nynorsk i barnehagen

Bruk nynorsk i barnehagen

30.08.2022

Mann som les for to barn i barnehagen til nettside

Korleis gi skulestartarane eit godt utgangspunkt for å lære nynorsk?

Tekst: Hildegunn Hovde
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Det er haust, og eit nytt årskull gjer seg klart for det siste året i barnehagen. Om lag 8000 av barna som kjem på førskulen i haust, skal ha nynorsk som hovudmål på skulen neste år, resten skal ha det som sidemål. Korleis kan vi legge til rette for at barnehagebarna får gode erfaringar med nynorsk før skulestart?

Rammeplanen seier at «dei eldste barna skal få høve til å gle seg til å begynne på skulen og oppleve at det er ein samanheng mellom barnehagen og skulen. Barnehagen skal leggje til rette for at dei eldste barna har med seg erfaringar, kunnskap og ferdigheiter som kan gi dei eit godt grunnlag og god motivasjon for å begynne på skulen» (Udir 2017, s. 33–34). Dette rommar alt frå sosiale og fysiske ferdigheiter til ei gryande forståing av kva det vil seie å gå på skule. Dei fleste barn har ei klar meining om kva dei skal lære på skulen: alfabetet, tal, å lese og skrive osb. Rammeplanen seier også at barnehagen skal bidra til at barna «utforskar og gjer seg erfaringar med ulike skriftspråklege uttrykk, til dømes leikeskrift, teikning og bokstavar, gjennom lese- og skriveaktivitetar», og at personalet skal «støtte barna i leiken med og utforskinga av skriftspråket». Det er brei semje i faglitteraturen om at barn tileignar seg kunnskap om skrift og kva skrift kan brukast til, lenge før skulestart. Barn i nynorskområde må få skriftspråkstimulering på hovudmålet sitt for at dei skal kunne bli trygge nynorskbrukarar, og barn i bokmålsområde bør få tidleg erfaring med det nynorske skriftspråket.

«Nynorsk er eit mindretalsspråk. Alle barn møter nynorsk i skolen, dei bør også få kjennskap til nynorsk i barnehagen.» (Kunnskapsdepartementet 2009, s. 10)

Finn fram gode barnebøker på nynorsk, og sørg for at desse bøkene også er tilgjengelege i barnehøgd etter lesestunda. I arbeid med skriftspråkstimulering på nynorsk er det viktig at den vaksne les høgt skriftnært, slik at barna får kjennskap til ord som er annleis enn dialekta dei brukar i det daglege. Snakk om skilnaden mellom nynorsk og bokmål. Kva for lydar er annleis? Døme: eg [eːɡ] – meg [meːɡ] samanlikna med jeg [jæɪ̯] – meg [mæɪ̯]. Dette er med på å bygge fonologisk medvit og gjere barna nyfikne på språklydar og nyansar i skriftspråket. Å ha tilgjengeleg teikne- og skrivesaker i leikekroken og å utforske lydar, ord og bokstavar saman med barna i leik og ved teiknebordet er med på å vekkje nyfikne og undring. Eit anna viktig og undervurdert verktøy for skriftspråkstimulering på nynorsk er song. Syng mykje og ofte på nynorsk frå barna tek til i barnehagen. Det er med på å gi barna eit rikt ordforråd på nynorsk, og saman med høgtlesing og anna skriftspråkstimulering vil det vere med på å legge eit viktig grunnlag for den fyrste lese- og skriveopplæringa. Ha eit godt førskuleår!

Nynorskbok
Nynorskbok.no

Her finn du omtalar av hundrevis av gode nynorske bøker for ulike aldersgrupper.

Hildegunn1
Barnesongar på nynorsk – storbarnsavdeling

Her finn du to filmar med gode nynorske barnesongar som kan passe på storbarnsavdeling.

Hildegunn2
Barnesongar på nynorsk – småbarnsavdeling

Her finn du to filmar med gode nynorske barnesongar som kan passe på småbarnsavdeling.

Kjelder

  • E. Bjørhusdal & I.B. Budal (red.) (2017). Nynorsk med dei minste, Det Norske Samlaget.
  • A. Høigård, I. Mjør og T. Hoel (2009). Temahefte om språkmiljø og språkstimulering i barnehagen. Kunnskapsdepartementet.
  • Utdanningsdirektoratet (2017). Rammeplan for barnehagen: Forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver. Udir.