Bok på 1-2-3: Den tolvte spelaren

Tverrfagleg undervisningsopplegg for 7. trinnet i norsk og digitale ferdigheiter. Opplegget tek utgangspunkt i eit bokutdrag frå s. 14 til 26 og byggjer på eit opplegg frå Tid for ti utvikla av Foreningen !les.

Den lettlesne romanen Den tolvte spelaren av Tor Arve Røssland tar opp aktuelle problemstillingar som rasisme, vald og trugsmål, og kor vanskeleg det er å fortelje om noko ein veit ein bør fortelje om, samstundes som ein har lova å ikkje seie noko. Historia blir etter kvart svært spennande og dramatisk, det går på livet laus. Og Kevin blir merkt av hendingane i Våg for resten av livet.