Vi lagar lydbok

Når ein formidlar ein tekst gjennom høgtlesing, treng ein ha god kjennskap til teksten ein skal lese. I denne ressursen skal elevane utforske og eksperimentere med korleis ein kan formidle ein tekst gjennom å lese han høgt.

Elevane får først sjå to korte klipp der skodespelaren Kristine Rui Slettebakken deler tips for høgtlesing. Kristine arbeider som profesjonell innlesar av lydbøker for NLB, og har lese inn mange bøker for barn og ungdommar.

Deretter skal elevane lese og lytte til teksten «Korona er ein ball med piggar» av Maria Parr. Det er Maria Parr sjølv som les teksten, og ho er kjend for den gode formidlingsevna ho har når ho les bøkene sine høgt. Elevane skal også reflektere over korleis forfattaren formidlar teksten gjennom høgtlesing.

Til slutt skal elevane sjølve lage lydbok og bruke det dei har lært. I ressursen ligg det peikar til tekstar elevane kan velje mellom. De finn også vurderingspunkt elevane skal bruke når dei lyttar til si eiga innlesing.

Ressursen er utforma som ei læringsløype i ein PowerPoint-presentasjon, og han passar svært godt å bruke for elevar som har heimeskule.

Tekstar som er nytta i opplegget