Bok på 1-2-3: Jakob og Neikob og det tomme rommet

Tverrfagleg opplegg for 1.–4. klasse i faga norsk, samfunnsfag og musikk.

Jakob og Neikob er bestevenner og bur i lag i eit høgt hus. Jakob bur i første etasje, og Neikob bur i andre. Men på loftet er det heilt tomt.

På ein humoristisk og underfundig måte formidlar forfattar og illustratør Kari Stai kvardagslege situasjonar også små barn kan kjenne seg igjen i. Boka eignar seg svært godt til høgtlesing. I tillegg inviterer forteljinga til samtalar kring vennskap, forsoning og ikkje minst jul.

Utdrag frå boka

Stripe

Tilleggsressursar