• Blogg
  • Podkast: Anders Totland sine mørke ungdomsromanar

Podkast: Anders Totland sine mørke ungdomsromanar

11.04.2018

Anders Totland

– Det er fint å ha det bra, men det er kjedeleg å lese om det, seier forfattar Anders Totland. Difor skriv han ungdomsbøker om overgrep og alvorleg sjukdom.

Ifølgje sin eigen blogg er Anders Totland både forfattar, kokk, organist, journalist, pratmakar og skrytepave. Trass denne lettliva sjølvpresenteringa har han valt tunge tema i dei to ungdomsbøkene han har gjeve ut.

Anders Totland bokdebuterte hausten 2015 med Vampyrane i Eplehagen. Sidan har bokhaugen vakse raskt. I Så lenge ingen ser oss får me sjå korleis stefaren Ole gradvis flyttar intimgrensene til den 15 år gamle hovudpersonen fram til han til slutt valdtek guten.

– Den veka då eg skulle skrive scenene med det den vaksne gjer, er kanskje den verste veka i livet mitt. Eg gjekk rundt og tenkte «korleis kan han handle no? Korleis kan han tenkje at det er lurt å oppføre seg?», fortel Totland.

I ungdomsboka Engel i snøen møter me eit barn som ligg på sjukehus med alvorleg sjukdom. Enkelte av dei andre pasientane får flytte heimatt. Andre døyr. Og det er nettopp det Totland vil fortelje oss.

– Det er ei trist historie. For ein vaksen lesar tek det 17–18 minutt å lese heile boka. Og på den tida er det fleire som døyr, og fleire du forstår har døydd.

Me får aldri vite kva sjukdom det er snakk om. Me får heller ikkje vite om hovudpersonen er ein gut eller ei jente. Men barnet har ein far, som er tydeleg til stades i historia. Kronprinsesse Mette-Marit har sagt at ho grein då ho las Engel i snøen.

– Ungdom lever seg gjerne inn i livet til hovudpersonen. For vaksne er det vel så gjerne korleis faren har det, som er det vondaste. Og eg synest det er fint at ulike lesarar sit igjen med ulike historier. Etter at eg har lese boka for folk, kjem gjerne fleire personar bort til meg og gjev respons på ting som ikkje står der i det heile. Dei har lagt det inn i historia sjølve. Det er veldig stort rom for medverknad i denne boka, seier Totland.

Høyr Anders Totland i samtale med Heidi Fagna her: