La elevane lage podkast med boktips

Barneboktipsarar

I dette opplegget får elevane lage podkast der dei tipsar andre barn om bøker. Det er laga for 1.4. trinn, men kan tilpassast alle trinn.

Det overordna målet i undervisningsopplegget er å inspirere til lesing av bøker og litterære samtalar. Det er også spennande for elevane å utforske podkast-formatet. 

Ifølge overordna del av læreplanen skal elevane erfare demokrati i praksis. I dette opplegget får dei oppleve at dei sjølve er i stand til å gjere like riktige vurderingar som læraren, og at dei har ei stemme og ei meining som er verdifull og likeverdig. 

Ifølge læreplanen i norsk skal elevane frå 2. trinn lytte til og samtale om skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk. Dette er eit fint høve til å bruke nynorske bøker uavhengig av hovudmålet til eleven. På nynorskbok.no finn du omtalar av nærare 1000 bøker. 

Vi på Nynorsksenteret har laga ni podkastar med elevar på 4. trinn. Høyr gjerne på nokre av desse saman med klassen til inspirasjon.

Teikningar: Mathilde D. Redigering: Åge André Breivik

Førebuing

I ein podkast vil dei fleste oppleve det som naturleg å snakke dialekt. Dette opnar for gode samtalar om likskapar og skilnadar mellom talespråk og skriftsspråk. Her er også eit estetisk potensial fordi elevane kan teikne inntrykk frå boka medan læraren les.  

Læraren treng: 

  • Ei god bok til kvar podkastepisode 
  • Utstyr til lydopptak. Det kan vere ein lydopptakar, eit nettbrett/mobiltelefon eller ein miksar. 
  • Lydredigeringsprogram 

Lydredigering kan gjerast i fleire ulike program. Nokre eksempel: 

  • Creaza Audio Editor (krev lisens) 
  • Adobe Audition (følgjer med Adobe-pakken) 
  • Anchor (gratis) 
  • Audacity (gratis) 

Elevane treng: 

  • Blyant og evt. teiknesaker 
  • Notatbok 
  • Vatn 

Førebuing for lærar: 

Les heile boka. Skriv eit handlingsreferat som har like mange setningar som talet på elevar som skal vere med i podkasten. Det kan vere krevjande for elevane å skrive handlingsreferat frå ei heil bok. Døme på manus med handlingsreferat: 

Barneboktipset Tusen elgar i garasjen
La gjerne elevane teikne inntrykka dei får under lesinga. Teikning: Mathilde D.

Slik gjer du det

1. Les boka høgt for elevane

Legg inn lesestopp undervegs. 
La gjerne elevane teikne inntrykka dei får under lesinga.  

2. Diskuter boka i grupper 

Her er det viktig at elevane får tid til å formulere eigne meiningar.  

3. Skriving 

Start gjerne med å spørje elevane om dei veit kva eit adjektiv er. Skriv på tavla dei adjektiva som elevane kan. Lag ei adjektivliste som synleggjer kor mange ulike kjensler/opplevingar ein kan få av å lese ei bok. Eit adjektiv er eit ord som skildrar korleis noko er.  

Her finn du eit arbeidsark med døme på adjektiv og setningstartarar som elevane kan bruke i arbeidet: Adjektivliste og samtalestartarar til elevane (docx)

Elevane skriv ned 1 eller 2 setningar om kva dei likar med boka, og grunngjev det.  

Her får elevane øve seg på å argumentere. Etter at alle elevane er ferdige med skrivinga, kan det vere lurt å ta ein gjennomgang i fellesskap. Mange elevar treng hjelp til å grunngje meininga si. Pass på at elevane kommenterer ulike ting, slik at ikkje alle seier det same. 

Tips! Lag gjerne eit tankekart på tavla der alle elevane får sjansen til å kome med meiningar og innspel om boka. 

4. Opptak 

Du treng eit grupperom som er stille nok til å ta opptak. Til kvar podkast bør det vere maks åtte elevar. Pass på at elevane er nære nok mikrofonen til at ein høyrer kva dei seier. 

Det vert lett forstyrrande blafring med papir under opptaket. Det kan vere lurt at elevane les frå notatboka eller små lappar, snarare enn A4-ark. 

Barneboktipsarar2

5. Redigering 

For å krydre episoden kan du bruke desse start- og slutt-kjenningane som vi har redigert: 

Nynorsksenteret har fått løyve frå foreldra til at desse barnestemmene kan brukast.  
Kjenningane er redigerte av Åge André Breivik. 

Musikk og lydeffektar ligg ute til gratis bruk på Pixabay: https://pixabay.com/sound-effects/

Vi har følgt ei enkel oppskrift i dei podkastane som vi lagar: 

  1. Startkjenning 
  2. Handlingsreferat: Ei lærarskriven setning frå kvar elev 
  3. Vurdering: Ei sjølvskriven setning frå kvar elev 
  4. Namna til elevane som var med i podkasten 
  5. Sluttkjenning  

6. Presentasjon for dei andre i klassen 

Når podkastane er ferdige, kan ein lage til ein fest for heile klassen der ein lyttar til podkastane, les ei bok og har kjeks eller frukt.  

Kompetansemål

Læreplan i norsk, kompetansemål etter 2. trinn 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne 

  • lytte til og samtale om skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk 
  • uttrykkje tekstopplevingar gjennom leik, song, teikning, skriving og andre kreative aktivitetar 
  • lytte, ta ordet etter tur og grunngi eigne meiningar i samtalar 
  • beskrive og fortelje munnleg og skriftleg 
  • utforske eige talespråk og samtale om forskjellar og likskapar mellom talespråk og skriftspråk 

Læreplan i norsk, kompetansemål etter 4. trinn 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne 

  • lese og lytte til forteljingar, eventyr, songtekstar, faktabøker og andre tekstar på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk, og samtale om kva tekstane betyr for eleven 
  • utforske og formidle tekstar gjennom samtale, skriving, leik, bevegelse og andre kreative uttrykk 
  • følgje opp innspel frå andre i faglege samtalar og stille oppklarande og utdjupande spørsmål 
  • beskrive, fortelje og argumentere munnleg og skriftleg og bruke språket på kreative måtar 
  • utforske forskjellar og likskapar mellom skriving på hovudmål og sidemål