Mellomtrinnet: La elevane lage podkast med boktips

Klassebilete 5b redigert av Arild og Ingvild komprimert til nettside

I dette opplegget får elevane lage podkast der dei tipsar andre barn om bøker. Det er laga for 5.7. trinn, men kan tilpassast alle trinn.

Det overordna målet i undervisningsopplegget er å inspirere til litterære samtalar og lesing av bøker. Det er også spennande for elevane å utforske podkast-formatet. 

På 5.–7. trinn skal elevane lese lyrikk, noveller, fagtekstar og annan skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål, nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhald. Dei skal også prøve ut skriving av tekstar på sidemål, og utforske og reflektere over samanhengen mellom språk og identitet (LK20).

Dette er eit fint høve til å bruke nynorske bøker uavhengig av hovudmålet til eleven. På nynorskbok.no finn du omtalar av nærare 1000 bøker. 

Vi på Nynorsksenteret har laga fem podkastar med elevar på 5. trinn. Høyr dei gjerne saman med klassen til inspirasjon.

Teikningar: Elevar i 5b ved Øyra skule
Redigering av podkastar: Åge André Breivik

Gruppebilete Ivar får ansvar komprimert til nettside

Førebuing

I ein podkast vil dei fleste oppleve det som naturleg å snakke dialekt. Dette opnar for gode samtalar om likskapar og skilnadar mellom talespråk og skriftsspråk. Her er også eit estetisk potensial fordi elevane kan teikne inntrykk frå boka medan læraren les.  

Læraren treng: 

  • Ei god bok til kvar podkastepisode
  • Utstyr til lydopptak. Det kan vere ein lydopptakar, eit nettbrett/mobiltelefon eller ein miksar.
  • Lydredigeringsprogram 

Lydredigering kan gjerast i fleire ulike program. Nokre eksempel: 

  • Creaza Audio Editor (krev lisens)
  • Adobe Audition (følgjer med Adobe-pakken)
  • Anchor (gratis)
  • Audacity (gratis) 

Elevane treng: 

  • Blyant og evt. teiknesaker
  • Notatbok
  • Vatn 

Førebuing for lærar: 

Les heile boka. Skriv eit handlingsreferat som har like mange setningar som talet på elevar som skal vere med i podkasten. Det kan vere krevjande for elevane å skrive handlingsreferat frå ei heil bok. Eit anna tips kan vere å dele elevane inn i grupper der kvar gruppe skriv ei setning om delar av boka. Døme på manus med handlingsreferat: 

Slik gjer du det

Live Erling Braut Haaland komprimert til nettside
Bokframside teikna av Live.
Mathilde D Full bajas komprimert
Bokframside teikna av Mathilde D.

1. Les boka høgt for elevane

Legg inn lesestopp undervegs. 
La gjerne elevane teikne inntrykka dei får under lesinga.  

2. Diskuter boka i grupper 

Her er det viktig at elevane får tid til å formulere eigne meiningar.  

3. Skriving 

Start gjerne med å spørje elevane om dei veit kva eit adjektiv er. Skriv på tavla dei adjektiva som elevane kan. Lag ei adjektivliste som synleggjer kor mange ulike kjensler/opplevingar ein kan få av å lese ei bok. Eit adjektiv er eit ord som skildrar korleis noko er.  

Her finn du eit arbeidsark med døme på adjektiv og setningstartarar som elevane kan bruke i arbeidet: Adjektivliste og samtalestartarar til elevane (docx)

Elevane skriv ned 1 eller 2 setningar om kva dei likar med boka, og grunngjev det.  

Her får elevane øve seg på å argumentere. Etter at alle elevane er ferdige med skrivinga, kan det vere lurt å ta ein gjennomgang i fellesskap. Mange elevar treng hjelp til å grunngje meininga si. Pass på at elevane kommenterer ulike ting, slik at ikkje alle seier det same. 

Tips! Lag gjerne eit tankekart på tavla der alle elevane får sjansen til å kome med meiningar og innspel om boka. 

4. Opptak 

Du treng eit grupperom som er stilt nok til å ta opptak. Til kvar podkast bør det vere maks åtte elevar. Pass på at elevane er nære nok mikrofonen til at ein høyrer kva dei seier. 

Det vert lett forstyrrande blafring med papir under opptaket. Det kan vere lurt at elevane les frå notatboka eller små lappar, snarare enn A4-ark. 

Barneboktipset på 5 trinn gruppe1 redigert av Arild komprimert til nettside 2

5. Redigering 

For å krydre episoden kan du bruke desse start- og slutt-kjenningane som vi har redigert: 

Nynorsksenteret har fått løyve frå foreldra til at desse barnestemmene kan brukast.  
Kjenningane er redigerte av Åge André Breivik. 

Musikk og lydeffektar ligg ute til gratis bruk på Pixabay: https://pixabay.com/sound-effects/

Vi har følgt ei enkel oppskrift i dei podkastane som vi lagar: 

  1. Startkjenning
  2. Handlingsreferat: Ei lærarskriven setning frå kvar elev
  3. Vurdering: Ei sjølvskriven setning frå kvar elev
  4. Namna til elevane som var med i podkasten
  5. Sluttkjenning  

6. Presentasjon for dei andre i klassen 

Når podkastane er ferdige, kan ein lage til ein fest for heile klassen der ein lyttar til podkastane, les ei bok og har kjeks eller frukt. Ein kan også lage diplomar til alle elevane. 

Norskfaget skal gi elevane litterære opplevingar og moglegheit til å uttrykke seg kreativt og skapande. (LK 20)

Læreplan i norsk, kompetansemål etter 7. trinn 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne 

  • lese lyrikk, noveller, fagtekstar og annan skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhald
  • lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og grunngi eigne standpunkt i samtalar
  • prøve ut skriving av tekstar på sidemål
Haaland komprimert til nettside