Lesing av fagtekstar

Mg 8049

Tekst: Gudrun Kløve Juuhl

Å kunna lesa som grunnleggjande ferdigheit er både ein føresetnad og ein viktig reiskap i læringsarbeidet i faga. Ei god leseopplæring må leggja vekt på å utvikla dei språklege ferdigheitene til elevane.

Lesesenteret peikar på at det er ein tydeleg samanheng mellom ordforrådet og leseforståinga til elevane, og at god leseundervisning må inkludera arbeid med å skjøna nye ord og omgrep. For den som lærer nynorsk er dette særleg viktig. God leseopplæring på nynorsk (både som hovudmål og sidemål) inneber at elevane lærer og tek i bruk omgrep på nynorsk og byggjer seg opp eit større ordforråd på nynorsk.

Nynorske fagomgrep er mindre brukte enn dei tilsvarande fagomgrepa på bokmål. Difor er det viktig å arbeida grundig med både uttrykk og innhald i klasserommet. Det kan ein gjera på ulike måtar, til dømes ved å bruka fagomgrep og andre ord i lærebokteksten/fagteksten i tokolonnenotat, avsnittsskjema eller tankekart. Det er også nyttig om læraren brukar dei nynorske fagomgrepa i faglege samanhengar, både munnleg i klassesamtalar og gjennomgang av fagstoff, og skriftleg i modelltekstar, skriveoppgåver og på tavla. På den måten modellerer han/ho bruken for elevane. Å samanlikne fagomgrep og andre ord og frasar på bokmål og nynorsk gjev også god språklæring.

For å verta ein god nynorsklesar, må ein lesa mykje på nynorsk, lesa variert: både fagtekstar, skjønnlitteratur og ymse tekstar frå mediekvardagen, og læra høvelege lesestrategiar å ta i bruk i møte med ulike tekstar. Fagtekstar krev andre tilnærmingar både før, under og etter lesing enn spenningsforteljingar. Når ein les fagtekstar er det viktig å identifisera føremålet med teksten (t.d. å forklara, beskriva, rapportera ...), forstå kva han handlar om, finna ut kva viktige ord og omgrep i teksten tyder med meir, medan det med spenningsforteljingar ofte kan vera fint å la seg riva med.