Les – skriv – teikn

Les skriv teikn1

Eit syn på leseforståing som har fått mykje merksemd og etter kvart solid feste i teoriar om lesing, er The simple view of reading. Den sentrale ideen i dette synet er at leseforståing i hovudsak er sett saman av to delar: avkoding og språkleg forståing. Leseforståing er med andre ord avhengig av evna til å avkode ord og til å forstå munnleg språk.

Leseforståing = avkoding * språkleg forståing

I dette opplegget skal elevane trene på å avkode ord og setningar, finne meining i det dei les, og vise at dei har forstått det dei har lese. I tillegg får elevane øve på å skrive av ord og setningar. Ressursen har utspring frå idear og opplegg frå lærarar ved tidlegare Vikebygda skule i Volda.

Opplegget kan gjennomførast som ei stasjonsoppgåve, men det er også fullt mogleg å bruke opplegget med full klasse. Er det store klassar, kan det vere lurt å gjere små justeringar (sjå forslag nedst).

Opplegget passar for 1.–4.trinn, og tekstane kan tilpassast elevane ut frå kva leseerfaring dei har. Oppgåvene kan de lage sjølve, eller de kan bruke forslaga vi har laga.

Les skriv teikn2
Del ei A5-skrivebok i to, og bruk gjerne ei bok med annakvar side linjert og annakvar side ulinjert.

Førebuing:

  • Skriv ut og laminer kort med ord og setningar. Klipp opp og legg korta i passande boksar. Korta er fargekoda ut frå vanskegrad/tekstmengd og kjem i seks ulike nivå.
  • Lag klar boksar til korta. Dersom du vil nytte alle nivåa, treng du seks boksar.
  • Skrivebøker. Tips: Del ei A5-skrivebok i to, og bruk gjerne ei bok med annakvar side linjert og annakvar side ulinjert.
  • Skriv ut arka med tabellane og kopier opp slik at det er nok til kvar elev. (Tabellen er laga slik at han enkelt kan passe i ei halv A5-bok.) Elevane limer tabellen inn i boka. Etter kvart som elevane skriv ordet/setninga i boka si, må dei krysse av på skjemaet om at setninga/ordet er ferdig. På denne måten får elevane også trening i å lese og fylle ut tabellar.

I tillegg treng elevane skrivesaker og fargeblyantar.

Gjennomføring:

Plasser boksane framme ved tavla eller ein annan stad i klasserommet. Då får elevane reise seg frå stolane og gå litt mellom oppgåvene. Målet med oppgåva er at elevane skal vise at dei klarer å avkode og forstå ord og/eller setningar. Når elevane skal teikne noko som passar til det dei har lese, vil ein kunne sjå om elevane har fått med seg det dei har lese.

Instruksjonen til elevane kan gjerast slik:

  1. Gå fram og trekk eit kort.
    Det er viktig at læraren på førehand har sagt kva for boks den enkelte skal trekke frå. Etter kvart som elevane vert kjende med opplegget, vil elevane sjølve vite kva for boks som passar til deira nivå, og denne instruksjonen vil ikkje lenger vere naudsynt å ta med. Når læraren ser at eleven er klar til å gå vidare til neste nivå, får eleven beskjed om å trekke frå neste boks.
  2. Ta med deg kortet tilbake til pulten.
  3. Les ordet eller setninga som står på kortet.
  4. Skriv ordet/setninga på sida med linjer. Skriv ordet/setninga to/tre gonger. (Her må lærar avgjere kor mange gonger elevane skal skrive. Dei som strevar med skriving og lesing, kan skrive færre gonger enn dei som ikkje strevar.)
  5. Teikn ei teikning som passar til ordet eller setninga på kortet. Teikn på sida utan linjer. (På nivå fire, fem og seks står det spesifisert kva elevane skal teikne, og kva dei skal skrive.)
  6. Finn ordet eller setninga i tabellen på arket, og set kryss i ruta bak.
  7. Legg kortet tilbake på plass og trekk eit nytt kort.
Les skriv teikn3

Tips for store klassar:

For å unngå lange køar og store samlingar ved boksane kan ein til dømes ha fleire punkt i klasserommet der elevane kan trekke kort. Om ein gjer det slik, kopierer ein opp fleire eksemplar av setningane/orda, og deler klasserommet inn i «soner». Elevane hentar då kort frå ein boks i deira «sone». Alternativt kan ein plassere boksane med ulik vanskegrad på ulike plassar i klasserommet, men då vert det meir tydeleg kven som hentar kort frå dei ulike boksane.

Om ein ønskjer å legge inn meir aktivitet i oppgåva, kan ein t.d. seie at elevane må krype, hoppe, hinke, gå med museskritt m.m. frå pulten sin og fram til boksen.