Ein tverrfagleg ressurs: Berekraftig utvikling og miljøbevisstheit

Markus spiske 4y K8i Da Wnm8 unsplash

Eit av dei tverrfaglege temaa i LK20 er berekraftig utvikling. Samtidig kan vi lese at «respekt for naturen og miljøbevisstheit» er eit av punkta under verdigrunnlaget i opplæringa. I denne ressursen har vi teke utgangspunkt i desse to punkta, og elevane skal få samtale, utforske, lese, skrive og vere aktive både inne i klasserommet og ute. Oppgåvene og aktivitetane tek føre seg kompetansemål i ulike fag etter 4. trinn. Med tilpassingar kan fleire opplegg i ressursen brukast for dei som lærer nynorsk som innvandrarar.

  • Kompetansemål 4. trinn
    • delta i hausting og bruk av naturressursar og drøfte korleis naturressursar kan bli brukte på ein berekraftig måte (naturfag).
    • utforske eit naturområde og drøfte berekraftig bruk av området (naturfag).
    • gi døme på god dyrevelferd og reflektere over korleis ein kan vareta behova til dyr (naturfag).
    • utforske og gi døme på nokre sider ved berekraftig utvikling (samfunnsfag).
    • prøve ut ulike idear og moglegheiter i gjenbruksmateriale og formidle til andre korleis ein i eigen kvardag kan bidra til å ta vare på natur og miljø (kunst og handverk).
    • lage enkle måltid og bidra til å skape ei triveleg ramme rundt måltid saman med andre (mat og helse).
    • halde munnlege presentasjonar med og utan digitale ressursar (norsk)

Del 1: Introduksjon og forarbeid

  • Fortel elevane at dei skal få jobbe med det som vert kalla «berekraftig utvikling».
  • Bruk gjerne det som står i overordna del i LK20, som utgangspunkt: «Berekraftig utvikling handlar om å verne om livet på jorda og ta vare på behova til menneske som lever i dag, utan å øydeleggje moglegheitene framtidige generasjonar har til å dekkje sine behov» (Overordna del, LK20).

    «Mennesket er ein del av naturen og har ansvar for å forvalte han på ein forsvarleg måte. Gjennom opplæringa skal elevane få kunnskap om og utvikle respekt for naturen. Dei skal få oppleve naturen og sjå han som ei kjelde til nytte, glede, helse og læring. Elevane skal utvikle bevisstheit om korleis levesettet til menneska påverkar naturen og klimaet, og dermed òg samfunna våre. Skolen skal bidra til at elevane utviklar vilje til å ta vare på miljøet.» (Overordna del, verdigrunnlaget, LK20)
  • Samtale (læringskamerat – felles)
    • To og to elevar (læringskameratar) skal diskutere spørsmåla under. Set av om lag 5 minutt til at dei får prate saman. Etterpå deler elevane det dei har snakka om, med resten av klassen.
      • Kva betyr det å «verne om livet på jorda»?
      • Kva er «livet» på jorda? (menneske, dyr, skog, plantar, liv i havet)
      • Korleis tek vi vare på jorda?
      • Kva kan menneske i verda gjere for å ta vare på jorda vår?
      • Kva kan vi på skulen gjere for å ta vare på jorda vår?
      • Kva kan kvar enkelt familie gjere for å ta vare på jorda?
    • Til slutt: Sjå på denne lista frå Framtida junior: 6 tips til meir berekraftig mat.

Del 2: Sjå, snakk og les

  • Sjå episode 7, sesong 5 av Bli med heim på NRK Super. Episoden handlar om Emanuel som bur på ein økologisk landbruksskule saman med familien sin. Vi får m.a. innblikk i korleis det er å dyrke grønsaker, og kva som må gjerast når ein skal ha ein kjøkenhage.
  • Klassesamtale etter å ha sett episoden:
    • Kva dyrka/produserte dei på skulen? (Tomatar, agurkar, grønkål, gulrøter, sukkererter, (egg)). Tips: Lag ei felles oversikt på tavla/digitalt eller liknande.
    • Skulen hadde sin eigen butikk. Kva var annleis med denne butikken samanlikna med dei butikkane du handlar på? (Varer i lausvekt, eigenprodusert mat, kortreist, nært, direkte kontakt med bonden).
    • Kan de kome på positive ting med å måtte kjøpe matprodukt i lausvekt? Blir det mindre matsvinn? Matsvinn, kva er det?
    • Skulen i episoden er ein «økologisk landbruksskule». Snakk saman om kva ordet «økologisk» tyder. (Å drive økologisk jordbruk/landbruk betyr at ein t.d. ikkje brukar sprøytemiddel for å få frukt og grønsaker til å vekse. Ein passar også på at dyra får mat som ikkje har mange unaturlege ingrediensar. Å drive økologisk betyr å la naturen gjere jobben på mest mogleg naturleg måte).
  • Les teksten «Økologisk landbruk og lykkelege dyr» frå Norsk Barneblad nr. 4, 2021.

Uteskule (*naturfag, mat og helse og norsk)

Å plante grønsaker

Våren er tid for planting, og dersom de har høve til å lage ein liten kjøkenhage på eller i nærleiken av skuleområdet, er det lurt å plante ulike grønsaker i perioden april–mai.

    *Ver merksame på at kjøkenhagen krev tilsyn gjennom sommaren.

    Så inne i klasserommet:

    • Det er også mogleg å plante ulike ting inne i klasserommet, om ein heller ønsker det. Ein kan til dømes plante solsikker. Dei er svært dekorative, samstundes som ein kan bruke frøa til fuglemat etterpå. I tillegg går det relativt kort tid frå ein sår og til ein ser at det spirer.
    • Bruk tomme mjølkekartongar eller tomme hermetikkboksar (sjå tips til gjenbruk under «kunst og handverk»).
    • Dersom ein ønsker å sjå korleis røtene på plantane veks, kan ein også bruke ein plastpose å plante i. Sjå her for framgangsmåte: https://www.nysgjerrigper.no/eksperimenter/det-spirer/

    Vi forskar:

    Det kan vere kjekt å følgje med på kor lang tid det går frå ein plantar/sår og til ein ser at det startar å spire. Her finn de ein mal de kan bruke til forskinga: Vi forskar (pdf)

    Skriv om framgangsmåten:

    Elevane skal skrive om framgangsmåten for å plante/så. Om de ønsker det, kan de bruke malen som ligg ved her: Å skrive rapport (pdf)

    Tips til grønsaker som kan plantast:

    • Gulrøter (frø eller såband).
    • Poteter (poteter frå i fjor). Denne poteta vil få mange «potet-barn» når hausten kjem. Potetene som ein plantar, vert kalla «settepoteter». På grunn av fare for spreiing av potetsjukdomar, bør ein ikkje bruke poteter frå matbutikken som settepoteter.
    • Kålrot (frø)
    • Sukkererter (frø). Sukkererter veks seg høge og treng noko å vekse opp etter, til dømes vere netting/hønsegjerde eller liknande. Sukkerertene får «trådar» langs stenglane etter kvart, og desse trådane kan brukast til å binde opp planten med.
    • Reddik (frø).

    Å hauste grønsaker

    Grønsakene er klare til å bli hausta inn frå om lag august. Dersom de har eigen kjøkenhage på skulen, kan de hauste inn grønsakene der.

      *Dersom de ikkje har eigen kjøkenhage: Undersøk om det finst ein kjøkenhage / ein potet- eller gulrotåker eller liknande i nærleiken der de kan få kome og hauste inn noko av grønsakene.

      Lag mat ute

      Mat smakar ekstra godt ute, og når ein i tillegg har vore med på å lage han, blir det endå betre. Det er mykje ulikt ein kan lage ute, og det er lurt å tenke på at alle elevane skal få delta i prosessen. Lagar ein til dømes grønsaksuppe, vert alle elevane engasjerte i å dele opp grønsakene.

        Ta med skjerefjøler, knivar og boksar til å ha dei ferdigkutta grønsakene i. I tillegg treng de ei gryte til å lage suppa i, og ei sleiv til å røre rundt. Elevane kan ha med ei skei og eigne koppar til å ha suppa i.

        Under finn de to oppskrifter der de kan bruke bæra og grønsakene de har hausta. Oppskriftene er henta med løyve frå boka Klare sjøl. Kokkar små med kopp og skei, som er laga av Hornindal barnehage i Nordfjord.

        Bosrobot

        Kunst og handverk

        NB! Førebuing: Dersom elevane skal ha med seg noko heimanfrå, må dei få melding i god tid før aktiviteten skal gjennomførast. Tips til kva elevane kan lage, ser de nedanfor.

        Samtale

          • Kva kan ein gjere med ting som er øydelagde?
          • Kva kan ein gjere med ting ein ikkje brukar lenger fordi ein anten har vakse ifrå det eller mista interessa for det (klede, leiker, anna)?
          • Gjer dokker kjende med gjenbruksbutikkar i nærområdet.
          • Kva er ein gjenbruksbutikk?
          • Kan ein levere absolutt alt til slike butikkar? (Det er ikkje lov å levere søppel/øydelagde ting. Nokre butikkar har også reglar for kva dei kan ta imot, på grunn av plass. Nokre har t.d. ikkje plass til å ta imot møblar og/eller klede.)
          • Finst det ein container for innlevering av klede i nærleiken av der de bur? Kan ein levere alt av klede her? Også klede med hol? Er det skilnad på kva dei ulike selskapa som eig containerane, kan ta imot? (Fretex, Uff)
          Slipsslange

          Tips til kva elevane kan lage av gamle ting

          • Blyantboksar, oppbevaringsboksar eller blomsterpotter av hermetikkboksar (dekorer boksane).(Framgangsmåte: Reingjer boksane. Ta vekk etikettar, og pass på at det ikkje er igjen noko lim på boksen. Dekorer boksane slik du vil. De kan til dømes måle boksane, eller surre/lime hamp/tråd rundt boksen).
          • Slange av gammalt slips
          • «Kunst av gammalt skrot». Kan boksar, flasker, plastikk, glas, tubar m.m. bli til noko vakkert?
          Stripe

          Diverse lenker til temaet:

          FN sine berekraftsmål:

          Boktips:

          Kjelder: