• Blogg
  • Aktiv og passiv i nynorsk

Aktiv og passiv i nynorsk

12.04.2021

Robert collins tvc5im O5p Xk unsplash til nettside

Mange har nok lært at nynorsk er eit meir aktivt språk enn bokmål. Det vil seia at me oftare brukar aktiv der bokmål brukar passiv, skriv Aud Søyland i dette blogginnlegget.

Tekst: Aud Søyland
Foto: Robert Collins, Unsplash

Me startar med ei aktiv setning og viser deretter den same setninga i passiv:

  1. Skulen ber lærarane om å ha nettundervisning.
  2. Lærarane blir bedde om å ha nettundervisning.

«Skulen» er det logiske subjektet i begge setningane (det eigentlege subjektet), men i den passive setninga har objektet i den aktive setninga vorte til grammatisk subjekt. Det logiske subjektet er kutta ut i setning b, anten fordi det er sjølvsagt kven det er, eller fordi ein ikkje veit det.

Nynorsk passiv er samansett

I nynorsk kan me laga passiv på to måtar:

a. bli/verta + perfektum partisipp av hovudverbet
Døme:
Bråkmakarar blir kasta ut.
Bøkene vart selde til halv pris.

b. modalt hjelpeverb + infinitiv av hovudverbet + -ast
Døme:
Bøkene bør seljast til halv pris.
Elevane kan sendast heim kl. 12.
Bråkmakarane må kastast ut.
Sakspapira skal sendast i morgon.

Som døma viser, er begge passivtypane samansette av to ord. På nynorsk kan me altså ikkje laga passiv ved å hengja -ast på verbet åleine, me må ha eit hjelpeverb framfor hovudverbet.

Desse to passivkonstruksjonane er jamgode, men det er ein liten tydingsnyanse mellom dei. Døme b er noko som kan skje i framtida, medan døme a er noko som skjer no eller i framtida. Ofte kan dei to passivtypane brukast om einannan, men språkkjensla di fortel nok når den eine typen passar betre enn den andre.

I bokmål er det vanleg å laga passiv ved å hengja ein s på infinitiv av verbet, det me kallar s-passiv: «Brevet sendes i morgen.» S-passiv er ein av dei feila eg synest er mest skjemmande i ein nynorsk tekst, fordi seiemåten bryt med vanleg folkeleg tale.

Hjelpeverbet vil om vilje

I døma på passiv som er laga med eit modalt hjelpeverb + infinitiv av hovudverbet + -ast, har eg brukt hjelpeverba bør, kan, og skal – men ikkje vil. Grunnen til det er at me brukar hjelpeverbet vil litt annleis i nynorsk enn på bokmål. I nynorsk uttrykkjer det fyrst og fremst personleg vilje, mens det i bokmål ofte blir brukt saman med eit verb om framtid. Døme:

Bokmål: Skolen vil stenges i en uke. / Skolen vil bli stengt i en uke.

Nynorsk: Skulen skal stengjast i ei veke. / Skulen blir stengd i ei veke.

Aktiv og passiv

Mange har nok lært at nynorsk er eit meir aktivt språk enn bokmål. Det vil seia at me oftare brukar aktiv der bokmål brukar passiv. Den regelen gjeld stadig, men i ein del tilfelle må me uttrykkja oss med passiv også i nynorsk, mellom anna når me ikkje veit kven den handlande (subjektet) i ei setning er.

Ikkje minst i formelle brev har me lett for å ty til passiv, fordi me ikkje vil skriva «eg» eller «me/vi». På bokmål er det vanleg å innleia eit brev slik: «Det vises til brev 10.1.2021 …» Dersom me skriv på vegner av arbeidsgivaren, er det unaturleg å skriva «eg». Derimot kan me skriva «me/vi», nærmast som eit kongeleg vi:

Me viser til brev 10.1.2021 …

På bokmål har det òg vore vanleg med passiv i rettleiingar: «Søknaden sendes til Lånekassen innen 1.3.2021.» I slike tilfelle kan me like godt bruka imperativ (bydeform):

Send søknaden til Lånekassen innan 1.3.2021.

Før var det nok rekna som litt uhøfleg å bruka imperativ overfor ukjende, men i dag er det heilt i orden, også i bokmål, å uttrykkja seg på den måten.

Eit generelt råd kan vera å sjå om ei setning blir betre dersom du gjer henne om til aktiv. Men me treng passivkonstruksjonar også i nynorsk.

Passiv og samsvarsbøying

I den passivtypen som er laga av verbet bli/verte + partisipp av verbet, kjem me ofte borti samsvarsbøying. Det er jo nettopp når me har hjelpeverba vera eller bli/verta og partisipp, at det er aktuelt å bøya partisippet i samsvar med det grammatiske subjektet. Døme:

Teksten vart lesen høgt.

Det vart sendt ei melding til alle tilsette.

Breva vart sende til departementet.

(Sjå blogginnlegget mitt om samsvarsbøying i mars 2020, der eg gjer nærare greie for samsvarsbøying.)

St-verb

Me kan altså ikkje laga passiv i nynorsk berre ved å leggja -st til eit verb. Likevel har me nokre verb som me kallar st-verb, fordi dei har -st i alle tider når me bøyer dei. Desse verba er laga av vanlege grunnverb som har fått -st lagt til stammen. Dei blir bøygde på same måte som grunnverbet dei er laga av. Døme:

synast – synest – syntest – synst

(laga av:)

syna – syner – synte – synt

Tilsvarande har me eit mykje brukt st-verb med sterk bøying:

finnast – finst – fanst – funnest

(laga av:)

finna – finn – fann – funne

Her har mange lett for å gjera feil i presensforma, men går du ut frå bøyingsformene til grunnverbet og legg til -st, blir det rett.

Dersom du lurer på om eit verb med endinga -st er eit «ekte» st-verb, kan du sjå om det er mogleg å bøya det. St-verb har nemleg full bøying, medan ei passiv verbform med endinga -s er ubøyeleg. St-verba brukar me dessutan i vanlege aktive setningar.

Oppgåver

Pexels fauxels 3184433 kvadrat
Verb som endar med -st

Såkalla -st-verb må ikkje forvekslast med passiv form. Her finn du oppgåver for å lære elevane meir om slike verb.