Verb som endar med -st

Pexels fauxels 3184433
Å treffast ...

Last ned oppgåvene som PDF: Verb som endar med -st

St-verba blir kalla det fordi dei har endinga -st i alle bøyingsformer. Desse verba har ei aktiv rolle og kan bøyast i alle tider av verbet. Dei må ikkje forvekslast med den passive forma av verba. St-verba har ei grunnform. Til dette grunnverbet legg ein til -st i alle former. Dersom grunnverbet har bøyingsendingane -r i presens eller -t i perfektum, blir dei endingane tekne bort før ein legg til -st. Infinitiv sluttar på -ast, med unntak for «å slåst».

sterkt verb: å slå – slår – slo – har slått dannar grunnlag for å slåst – slåst – slost – har slåst

svakt verb: å skjemme – skjemmer – skjemte/skjemde – har skjemt blir til
å skjemmast – skjemmest – skjemtest/skjemdest – har skjemst

Mange av desse verba er resiproke verb. Resiprok tyder gjensidig, og verba skildrar ei gjensidig handling mellom to eller fleire partar. Møtast er eit slikt verb, og subjektet i setninga står i fleirtal, t.d. «Per og kameratane hans møttest i Oslo». Ein kan ikkje møtast aleine. Desse setningane får heller ikkje objekt. Om ein vil ha objekt, må ein skrive det slik: Per møtte kameratane sine i Oslo.

  • finnast
  • synast
  • kjennast
  • minnast
  • sjåast
  • møtast
  • snakkast
  • treffast
  • trivast
  • krevjast
  • trengast
  • spørjast
  • høyrast
  • skiljast
  • slåst
  • skjemmast

Oppgåver

  1. Kva for nokre av verba i lista over er resiproke? Tenk på om ein må vere to for å kunne utføre verbet, eller om det er noko ein kan gjere aleine. Lag setningar der du bruker dei resiproke verba i presens.
  2. Skriv dei same setningane i preteritum.
  3. Kva er grunnverba til verba i lista over?
  4. Skriv om denne teksten til preteritum:
    Per og Kari synest det er fint å møtast. Dei trivst godt i lag, og det kjennest bra. Dei har vore venner lenge, og dei har aldri slåst. Det trengst ikkje at dei treffest så ofte, dei kan snakkast på telefonen. Men nå skal dei skiljast frå kvarandre ei stund. Det spørst om dei klarer å halde kontakten når Kari flyttar utanlands, men dei minnest alle dei gode opplevingane dei har hatt, og har som mål å sjåast så ofte som råd. Per synest synd i seg sjølv som må bli heime, men han skjemmest litt over at slike tankar finst. Men han er glad dei ikkje høyrest.
  5. Les denne artikkelen i Framtida: Synnøve sankar skogens gull. Noter dei døma du finn på -st-verb (du finn i alle fall tre).
    1. Bøy desse verba.
    2. Finn også fem sterke verb i teksten og bøy dei.
    3. Inkjekjønnsorda eit napp, eit grantre, eit skogsgjerde, eit tilbehøyr og eit smil finn du i teksten. Bøy dei.
  6. Skriv eit kort dikt eller ein prosatekst der orda møtast og skiljast inngår.