Samsvarsbøyinga er eit logisk system
16.03.2020
Med «samsvarsbøying» meiner me at eitt ord blir bøygd i samsvar med eit anna. Det er vanleg i nynorsk og bokmål å bøya adjektiv i samsvar med substantivet dei står til. I nynorsk bøyer me også partisipp som fungerer som adjektiv.
Tekst: Aud Søyland, språkrettar og ordbokredaktør
Foto: Anna Kirsten Aaland Hellevang
Adjektiv blir altså bøygde i samsvar med substantivet dei står til:
ein stor bil, eit stort land, store bøker
Når me snakkar om samsvarsbøying, tenkjer me særleg på samsvarsbøying av verbforma perfektum partisipp. Partisippet kan nemleg fungera på same måte som eit adjektiv, og då blir det bøygd i samsvar med substantivet det står til:
ein tend lampe, eit tent lys, tende lyspærer
Attributt eller predikativ
Når adjektivet eller partisippet står framfor substantivet, som i eksempla ovanfor, seier me at dei står som eit attributt til substantivet. Men dei kan òg vera predikativ i ei setning. Eit predikativ er eit ord som karakteriserer subjektet i setninga. Verbet i setninga er ei form av vera eller bli/verta:
Predikativet er eit adjektiv (stor):
S V P
landet er stort
barna blir store
Predikativet er eit partisipp (tent):
S V P
alle lys er tende
lyset blir tent
Inkjekjønnsforma
Korleis går me så fram for å samsvarsbøya partisippa? Inkjekjønnsforma er lett å finna. Det er den forma som står etter «har» når du bøyer verbet:
å dømma, dømmer, dømde/dømte, har dømt
Når partisippet då står til eit ord i inkjekjønn, brukar du forma du fann etter «har»:
eit dømt tiltak
tiltaket er dømt til å mislykkast
Også for sterke verb finn du inkjekjønnsforma etter «har» når du bøyer verbet:
å skriva, skriv, skreiv, har skrive
eit skrive vedtak
vedtaket er skrive ned
Partisipp av svake verb
Når det gjeld svake verb, kan du sjå på preteritumsforma for å finna hankjønns-, hokjønns- og fleirtalsforma av partisippet. Hankjønns- og hokjønnsforma finn du ved å ta preteritumsforma minus -e, og fleirtalsforma er identisk med preteritum. Døme:
å dømma, dømmer, dømde/dømte, har dømt
Attributt Predikativ
hankjønn ein dømd/dømt person personen er dømd/dømt
hokjønn ei dømd/dømt kvinne kvinna er dømd/dømt
inkjekjønn eit dømt tiltak tiltaket er dømt
fleirtal dømde/dømte personar personane er dømde/dømte
Partisipp av sterke verb
Inkjekjønnsforma av partisippet fann me etter «har» både når det gjeld svake og sterke verb. Men med dei sterke verba må me tenkja litt annleis når me skal finna hankjønns-, hokjønns- og fleirtalsforma. For hankjønn og hokjønn tek me utgangspunkt i inkjekjønnsforma av partisippet og legg til -n. For å finna fleirtalsforma tek me utgangspunkt i inkjekjønnsforma, tek bort -e og legg til ‑ne.
Døme: å lesa, les, las, har lese
Attributt Predikativ
hankjønn ein lesen tekst teksten er lesen
hokjønn ei lesen bok boka er lesen
inkjekjønn eit lese brev brevet er lese
fleirtal lesne tekstar tekstane er lesne
Jamfør med adjektivsbøying
Når me skal samsvarsbøya partisipp av sterke verb, kan det vera ei hjelp å sjå korleis me samsvarsbøyer adjektiv som endar på -en:
Partisipp av sterke verb Adjektiv på -en
Attributt Predikativ Attributt Predikativ
hankjønn ein lesen tekst teksten er lesen ein open port porten er open
hokjønn ei lesen bok boka er lesen ei open dør døra er open
inkjekjønn eit lese hefte heftet er lese eit ope hus huset er ope
fleirtal lesne bøker bøkene er lesne opne dører dørene er opne
Den einaste skilnaden er at adjektivet kan få endinga -ent i inkjekjønn: eit opent hus. Det kan ikkje partisippet.
Droppa samsvarsbøying?
Det er lov å droppa samsvarsbøying av partisipp av svake verb når partisippet står predikativt, men ikkje når det står attributivt. Når du droppar samsvarsbøying, brukar du inkjekjønnsforma av partisippet i alle tider. Du kan altså skriva at «pakken er sendt», men må likevel skriva «ein send pakke». Slik blir bøyinga, om du vel å la vera å bøya partisipp av svake verb:
Attributt Predikativ
hankjønn ein send pakke pakken er sendt
hokjønn ei send eske eska er sendt
inkjekjønn eit sendt brev brevet er sendt
fleirtal sende pakkar pakkane er sendt
Mange droppar samsvarsbøying av partisippet når det står i predikativ stilling, sikkert fordi det samsvarar med talemålet deira. Men problemet er å vera konsekvent. Mange brukar samsvarsbøying i ei setning og droppar det i neste. Vel du å droppa samsvarsbøyinga i predikativ stilling, skal du helst gjera det gjennomført.
Sjølv om du let vera å samsvarsbøya partisipp av svake verb i predikativ stilling, skal du likevel bøya partisipp av sterke verb.