• Blogg
  • Bøying av inkjekjønnsord – enkel å læra

Bøying av inkjekjønnsord – enkel å læra

19.05.2021

Eple og menneske til nettside

Substantiv har som kjent tre kjønn (genus) i nynorsk: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Inkjekjønnsbøyinga er den gruppa det er enklast å læra seg.

Tekst: Aud Søyland
Illustrasjon: Kristoffer S. Mathisen

Alle inkjekjønnsord kan ha regelrett bøying i nynorsk. Nokre kan ha ei anna bøying i tillegg, men dersom du kan den regelrette bøyinga, kjem du langt på veg.

Regelrett bøying

Hovudregelen er at inkjekjønnsord ikkje får ending i ubestemt form fleirtal, men dei får -a i bestemt form fleirtal:

eit tre – treet – tre – trea

Ubestemt form fleirtal er altså lik ubestemt form eintal, og bestemt form fleirtal får -a. Det same gjeld når det ubøygde ordet endar på -e:

eit teppe – teppet – teppe – teppa

eit tilfelle – tilfellet – tilfelle – tilfella

Her er det grunn til å vera obs. Mange har lett for å ta med ein -r i ubestemt form fleirtal i desse orda som endar på -e, etter mønster frå bokmål. I nynorsk skal det aldri vera -r i ubestemt form fleirtal.

Tre ord for kroppsdelar

Tre vanlege ord for kroppsdelar har ei tradisjonell bøying i tillegg til den regelrette. Det er auge, hjarte og øyre. Dersom orda er skrivne med -e i ubestemt form eintal (auge, hjarte og øyre), får dei regelrett bøying, som teppe og tilfelle ovanfor. Dersom dei er skrivne med -a i ubestemt form eintal, har dei ei anna bøying:

eit auge – auget – auge – auga

eller

eit auga – auga – augo – augo

eit hjarte – hjartet – hjarte – hjarta

eller

eit hjarta – hjarta – hjarto – hjarto

eit øyre – øyret – øyre – øyra

eller

eit øyra – øyra – øyro – øyro

Lånord med inkjekjønnsbøying

Også lånord som er inkjekjønnsord, har regelrett bøying: inga ending i ubestemt fleirtal, -a i bestemt form fleirtal. Til dømes har me mange lånord som endar på -um. Døme:

eit forum – forumet – forum – foruma

eit sentrum – sentrumet – sentrum – sentruma

Me har også nokre lånord som endar på -eum og -ium. Før hadde dei ei uregelrett bøying, men etter rettskrivinga som kom i 2012, har også desse orda regelrett bøying. Det einaste ein må vera merksam på, er at -um fell vekk i bestemt form eintal og fleirtal i dei fleste av desse orda:

eit medium – mediet – medium – media

eit museum – museet – museum – musea

Grunnstoff som endar på -ium, og ordet tedeum (‘gammal kristen lovsong’) har regelrett bøying og beheld -um gjennom heile bøyingsmønsteret:

eit aluminium – aluminiumet – aluminium – aluminiuma

eit tedeum – tedeumet – tedeum – tedeuma

To ord har fått behalda den gamle latinske endinga i nynorsk i tillegg til den regelrette: faktum og antibiotikum. Her er det fleirtalsforma som stort sett blir brukt, og dei fleste vil nok seia og skriva «fleire fakta» kom på bordet (i staden for «fleire faktum»), og at dei kjøper «antibiotika» (i staden for «antibiotikum»). Derfor har desse to orda ei uregelrett fleirtalsbøying i tillegg til den regelrette:

eit antibiotikum – antibiotikumet – antibiotikum – antibiotikuma

eller

eit antibiotikum – antibiotikumet – antibiotika – antibiotikaa

eit faktum – faktumet – faktum – faktuma

eller

eit faktum – faktumet – fakta – faktaa

Hovudregelen er altså at den framande bøyingsendinga -a i ubestemt form fleirtal ikkje er med i nynorsk rettskriving lenger – og heller ikkje i bokmål. Eit lånord mange har måtta terpa på, er substantivet eit medium. Av bøyinga ovanfor ser me at det blir bøygd regelrett. Dermed er det rett å skriva: «Fleire medium melder om ein sommar med uvanleg høge temperaturar. Alle media i Nord-Noreg melder om varmerekordar.»

Sjekk kjønn på lånord

I bokmål kan mange lånord med inkjekjønnsbøying få -er i ubestemt form fleirtal, til dømes «et prosjekt – flere prosjekter». I nynorsk skal det altså ikkje vera noka ending i ubestemt form fleirtal. Regelen er enkel nok, men det kan stundom vera vanskeleg å hugsa på at eit ord har inkjekjønnsbøying. Særleg ved lånord har me ikkje alltid så sterk kjensle for kva genus ordet har. Eksempel:

eit protein – proteinet – protein – proteina

eit vitamin – vitaminet – vitamin – vitamina

Som med faktum og antibiotikum er dette ord me ofte brukar i fleirtal, og då har bokmålsforma med -er i ubestemt fleirtal gjerne festa seg betre enn den nynorske bøyingsforma, særleg i ubestemt form fleirtal.

Er du usikker, er det greitt å sjekka genus og bøying i appen til Bokmålsordboka og Nynorskordboka, «Ordbøkene».