Grammatikkoppgåver til eit myldrebilde

Vinterlandskap mindre
Hendrick Avercamp: Vinterlandskap nær ein landsby (1610–1615)

Ta utgangspunkt i bildet Vinterlandskap nær ein landsby eller til dømes eitt av bilda frå Året rundt i Vrimleby.

Oppgåver

  1. Skriv setningar ut ifrå bildet. Bruk verba i presens.
  2. Skriv dei same setningane i preteritum.
  3. Ser du nokon skilnader og likskapar mellom korleis verba blir bøygde? Kva er skilnaden på sterke og svake verb?
  4. Finn fire substantiv av kvart kjønn og bøy dei. Kan du formulere reglar for korleis vi bøyer substantiv på nynorsk?
  5. Finn ti substantiv i bildet og lag adjektiv til dei. Så finn du ti verb, og lagar adverb til dei.
    Døme:
    Sure sokkar, sterke bjørnar, giftige soppar
    Springe sakte, skrive prydeleg, synge skjerande, hoppe høgt.
    Kva er skilnaden på adverb og adjektiv? Korleis er plasseringa av adjektiv og adverb i setningar?
  6. Lang er eit adjektiv, langt og lenge er adverb. Korleis blir dei gradbøygde?
  7. Vel ein av personane på bildet, og skriv kva som har hendt vedkommande tidlegare på dagen. Samarbeid to og to med å finne verba i tekstane til kvarandre. Kva for nokre av desse verba er sterke verb? Kva karakteriserer eit sterkt verb?
  8. Finn verba i denne teksten og bøy dei: Mannen som joggar, heiter Samuel. Han arbeider på ein fabrikk som produserer bildelar. Han synest det er viktig å halde seg i form, og derfor spring han gjerne ein tur saman med hunden sin. Når han kjem heim, skal han setje seg i godstolen og lese ei bok. Etterpå skal han hjelpe kona si med å henge opp nye lamper, og så skal dei gjere hagen klar for vinteren.

    Kva for nokre av verba er sterke og svake?
  9. Korleis kan vi finne ut om dei svake verba er e-verb eller a-verb?

Ressursar til oppgåvene

Vinterlandskap mindre
Hendrick Avercamp: Vinterlandskap nær ein landsby

Her kan du laste ned biletet i høg oppløysing.

Joggetekst
Verbskjema til oppgåve 8 (docx-format)

Her er eit skjema elevane kan bruke når dei skal bøye verba i oppgåve 8.

Myldreoppgaaver
Grammatikkoppgåver til eit myldrebilde (PDF)

Last ned oppgåvene som PDF til utskrift.