• Blogg
  • Uttrykk som breier seg

Uttrykk som breier seg

18.02.2021

Språk nynorsk komprimert

Ord og uttrykksmåtar blir av og til overførte frå eitt område til eit anna, men det hender at dei då blir brukte feil.

Tekst: Aud Søyland

Misvisande ord og uttrykk kan slå an blant språkbrukarane og bli så vanlege at me berre må godta dei som rette. Men dersom me veit at uttrykka eigentleg er feil, kan me godt læra oss dei rette seiemåtane.

I forhold til

I seinare år har det vorte svært vanleg å seia «i forhold til» når me eigentleg berre meiner «om» eller «når det gjeld». Uttrykket «i forhold til» skal brukast berre når me siktar til noko som står i forhold til noko anna, som her:

Du får lønn i forhold til innsatsen.

Brukt på denne måten tyder uttrykket ‘i samsvar med’. Det inneheld ei samanlikning mellom to ledd – lønn og innsats. I dette uttrykket er samanlikninga endå tydelegare, og me kunne ha skrive «samanlikna med»:

I forhold til Mjøsa er Strøndafjorden ein liten innsjø.

Alternativ

Me har fleire seiemåtar me kan bruka i staden for *«i forhold til», når det ikkje er snakk om noko som står i forhold til noko anna. Døme:

* I forhold til framtida trur eg vi må redusera forbruket vårt.

Skriv heller: Når det gjeld framtida, trur eg vi må redusera forbruket vårt.

*Boka er aktuell i forhold til tida me lever i no.

Skriv heller: Boka er aktuell med tanke på tida me lever i no.

*Det er vanskeleg å finna ei løysing i forhold til konflikten i Midtausten.

Skriv heller: Det er vanskeleg å finna ei løysing konflikten i Midtausten.

*Han kom med ei lang utgreiing i forhold til alt han hadde gjort.

Skriv heller: Han kom med ei lang utgreiing om alt han hadde gjort.

*Eg veit ikkje kva eg skal gjera i forhold til denne saka.

Skriv heller: Eg veit ikkje kva eg skal gjera i denne saka.

Merk at det ikkje er noko betre å skriva «i høve til» enn «i forhold til». Dei to uttrykka betyr nemleg det same.

Seiemåten «fokusera på»

I dag er det svært vanleg å seia at me må «fokusera på» noko, eller at me må «ha fokus på» ei sak. Orda fokus og fokusera kjem eigentleg frå fotokunsten, men der heiter det «å fokusera linsa». Det Norske Akademis ordbok har desse tekstdøma:

brennglass fokuserer lyset på et tørket blad (Glåmdalen 1969/47/1/5)

vi kan fokusere øynene mot nære eller fjerne deler av objektet (Naturen 1968/82)

Her er fokusera brukt om ei linse og eit blikk som samlar (lysstrålar) eller stiller inn (auga). Det kjem eit objekt etter verbet fokusera (fokusera lyset, fokusera auga), og deretter kjem som regel eit preposisjonsuttrykk som fortel kva lyset eller auga blir retta mot.

I overført tyding er ordet teke i bruk om å samla eller konsentrera interesse, til dømes. Då droppar ein gjerne objektet og fortel berre kva merksemda blir retta mot:

No må vi fokusera på mobbeproblema i grunnskulen.

Seiemåten utan objektet har breidd om seg i seinare år. Det er vanskeleg å seia når han vart vanleg, men Det Norske Akademis ordbok har fleire døme på setningar med fokusere, og det eldste dømet med fokusere på (utan objekt) er frå 1977. Norsk Ordbok band 3, som kom ut i 1994, har ingen døme med fokusera utan objekt. Nynorskordboka og Bokmålsordboka har derimot fleire døme med uttrykket «å fokusera på noko».

I dag kan ein neppe seia at fokusera på er feil språkbruk. For det fyrste vil Språkrådet seia at eit uttrykk må godtakast som rett når det er utbreidd språkbruk. For det andre kan ein forsvara uttrykket med at ein kan tenkja seg eit utelate ord:

No må vi fokusera (merksemda, interessa, innsatsen) på mobbeproblema i grunnskulen.

Vi kan òg seia at «vi må vera fokuserte». I tradisjonell bruk av ordet er det nok helst ein gjenstand som må vera fokusert, og som då blir subjekt i passivsetninga:

Linsa må vera fokusert for at vi skal sjå skikkeleg.

Auga hans er fokuserte på dei små bokstavane.

«Fokus på»

Minst like vanleg som å «fokusera på» noko er det å «ha fokus på» noko. Fokus tyder eigentleg ‘brennpunkt’ og blir brukt overført om eit ‘punkt som blikket er retta mot’. Den mest korrekte seiemåten er såleis «i fokus», altså «å ha noko i fokus» eller at «noko er i fokus».

Det Norske Akademis ordbok har med eitt døme der det er brukt «fokus på». Det er frå 1998. Norsk Ordbok frå 1994 har ingen døme på det, men tekstdøma er frå 1983 og tidlegare.

Nynorskordboka og Bokmålsordboka har ikkje uttrykket «setja fokus på» eller «ha fokus på». Det er truleg eit medvite val, sidan det er svært lett å finna døme på dette uttrykket. I staden finn me fleire døme på at «noko er i fokus», og det må ein kunna tilrå som den rette uttrykksmåten.

Me kan òg seia at «me stiller noko i fokus», «me set noko i fokus», «det kjem i fokus» eller «det står i fokus».

Kva kan me bruka i staden?

Gode alternative uttrykk til «fokusera på» og *«ha fokus på» er «å leggja vekt på», «å setja søkjelys på», «gå nærare inn på», «samla seg om».

Ut frå døma ovanfor må me kunna seia at det ikkje er feil å skriva at ein fokuserer på noko, men ein bør unngå å *«ha fokus på» noko. Uansett bør ein vera forsiktig med slike uttrykk som blir mote, og sjå om ein kan variera språkbruken.