• Blogg
  • Kvifor heiter det eit ønske utan j?

Kvifor heiter det eit ønske utan j?

08.04.2021

Fineas gavre 052wb4 GNT Dc unsplash 002 til nettside

Mange kjenner seg usikre på når og om dei skal skriva k eller kj, g eller gj i ord av typen tenka/tenkja og ligga/liggja. Kva er eigentleg reglane?

Tekst: Aud Søyland
Foto: Fineas Gavre, Unsplash

I mange norske dialektar har det vore vanleg med «palatal uttale» (altså uttalen /kj/ og /gj/ i staden for /k/ og /g/) framfor endestavinga av ord frå ulike ordklassar. I skrift har me fyrst og fremst vore vane med å sjå skrivemåten gj og kj i verb og i svake hokjønnsord, til dømes i verba søkja og syngja, og i hokjønnsord som enkje og bryggje.

Fram til den nye rettskrivinga låg føre i 2012, var formene med j «hovudformer» i nynorsk rettskriving, mens former som søka og synga var klammeformer. Systemet med hovudformer og klammeformer vart oppretta i 1938, med ei tilnærming mellom nynorsk og bokmål som siktemål. Hovudformene skulle brukast i lærebøker og av folk som arbeidde i staten, men andre kunne bruka heile rettskrivinga. Det førte sjølvsagt til at hovudformene fekk noko større tyngd, og at mange oppfatta dei som «rettare» enn dei andre.

Vedteke i 2012

I 2012 vart skiljet mellom hovudformer og klammeformer oppheva i nynorsk. Nemnda som skulle laga den nye rettskrivinga, måtte ta stilling til kva for former som skulle vera med vidare. Mellom anna måtte nemnda vurdera om orda med k/kj og g/gj framleis skulle kunna skrivast på to måtar.

Det enda med at det no vart full jamstilling mellom formene. Dermed kan ein velja mellom desse skrivemåtane av verb og svake hokjønnsord som kan ha palatal uttale av g eller k framfor trykklett ending:

Verb

søkja el. søka / søkje el. søke

byggja el. bygga / byggje el. bygge

Svake hokjønnsord

lenkje el. lenke

bryggje el. brygge

Avleiingar

J-en blir med i avleiingar, viss du brukar j-en i grunnforma. Framfor i fell j-en likevel bort:

byggjar el. byggar

byggjeverksemd el. byggeverksemd

bygging

søkjar el. søkar

søkjeprosess el. søkeprosess

søking

Inkjekjønnsord

Inkjekjønnsord som endar på trykklett -ke eller -ge, skal som hovudregel ikkje ha j:

menneske

stykke

ynske el. ønske

gjenge

herberge

I innstillinga frå 2012 understreka rettskrivingsnemnda at ein ikkje treng bruka j i alle ord, sjølv om ein vel å bruka det i nokre. Ein må likevel vera konsekvent innanfor kvart ord. Det betyr at ein må skriva byggjer viss ein skriv å byggja, men at ein i same tekst kan skriva tenka og byggja.

Nokre unntak

Verb

fylgja el. følgja el. følga

ynskja el. ønskja el. ønska

Substantiv

fylgje el. følgje el. følgje f.

fylgje el. følgje el. følgje n.

lægje (eller leie) n.

Den tradisjonelle nynorsken

Me har lært at me ikkje skriv j framfor dei lyse vokalane i, ei, y og øy i trykktunge stavingar. Me seier såleis gi, geip, kyssa og køyra med palatal uttale, sjølv om j-en ikkje står der. Aasen meinte at me òg burde droppa j-en framfor dei lyse vokalane e og æ. Han meinte at ein kunne skriva -ge og -ke i ein del ord som enda på trykklett -e. Det var fyrst og fremst aktuelt for inkjekjønnsord, der han gjorde j-en valfri: stykke (el. stykkje), ynske (el. ynskje). Ordet ikkje måtte likevel skrivast med j, meinte han.

Framfor mørke vokalar må det stå gj- eller kj, dersom folk skal vita lyden skal uttalast palatalt. Døme: gjort, gjøn; kjake, kjole. Sidan Aasen brukte a-infinitiv i verb og endinga -a i svake hokjønnsord, måtte han velja skrivemåten gj og kj i desse orda: å tenkja, å leggja; ei enkja, ei bryggja.

Praksis i dag

I dag ser det ut til at det blir meir og meir vanleg å skriva g og k i staden for gj og kj framfor trykklett ending. I 1995 undersøkte Lars S. Vikør korleis forfattarar skreiv den palatale lyden framfor trykklett ending. Han fann ut at alt på 1930-talet skreiv om lag halvparten gj og kj. På 70-talet var det ei klar todeling mellom dei som brukte j-en, og dei som ikkje gjorde det.

I arbeidet mitt som språkrettar har eg eit inntrykk av at stadig fleire droppar skrivemåtane gj og kj. Svært mange blandar dei to skrivemåtane, noko som altså er lov, viss ein er konsekvent innanfor kvart ord.

I 2016 var eg med og gav ut Enkel nynorsk ordliste, som skulle vera eit hjelpemiddel for dei som slit med å velja mellom ulike valfrie former. Der valde me formene utan j, ut frå den tankegangen at det er vanskeleg å vita når ein skal bruka formene med gj og kj, dersom ein ikkje kjenner dei frå talemålet. Eit døme på at j-ane kan kjennast som «gresk», ser me i denne helsinga eg fekk ein gong: «Lykkje til!»

Litteratur:

Rettskrivingsnemnda for nynorsk (2011). Ny rettskriving for 2000-talet. Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet. Oslo: Språkrådet.

Vikør, Lars (1995). Rettskriving hos nynorskforfattarar. Norsk språkråds skrifter nr. 3. Oslo: Norsk språkråd.