• Blogg
  • Dei vanskelege importorda

Dei vanskelege importorda

22.09.2021

Aud Søyland til nettside komprimert

«Anbeheitelse»-orda har skapt mykje hovudbry for både elevar og lærarar. I dag er me ikkje lenger så redde for å bruka desse orda. Derimot har me andre importord som i større grad truar norsk språk.

Tekst: Aud Søyland
Foto: Anna Kirsten Hellevang

Då Ivar Aasen konstruerte nynorsken midt på 1800-talet, var han sterkt påverka av P.A. Munch, som meinte at Aasen så langt som mogleg måtte bruka norsk ordtilfang i det nye skriftmålet. Ut frå tida er det lett forstå at dei tenkte slik. Noreg hadde vore under Danmark i nesten 500 år, og framleis var dansk det einaste skriftmålet i Noreg, sjølv om me på denne tida var i union med Sverige. Særleg var det ord med dansk og tysk opphav ein skulle unngå, medan ord med utspring i latin var godtekne.

Frykta for anbehetelse

Munch var særleg oppteken av å unngå importord med an- og be- som føreledd og importord med ‑het og ‑else som etterledd. I ordboka tok Ivar Aasen med enkelte slike ord, med tilvising til det «norske» ordet, men stort sett prøvde han og seinare nynorske språkrøktarar å halda desse orda utanom dei nynorske ordbøkene. Dei siste tre–fire tiåra har det gradvis skjedd ei endring. Stadig fleire an- og be-ord er tekne inn i ordbøkene, og i 1984 vart etterstavinga ‑het normert til ‑heit i nynorsk og definert som eit etterledd med hokjønnsbøying.

Det førte til at fleire heit-ord kom inn i nynorske ordbøker, men i starten var det fyrst og fremst ord som ikkje hadde noko enkeltståande alternativ på nynorsk. Leilegheit var blant dei fyrste heit-orda som kom inn i Nynorsk ordliste, og i 1984 kom til dømes myndigheit og frekkheit inn. I dag står det fleire ord med etterleddet -heit, men framleis står ikkje heit-ord som har velkjende nynorske alternativ. Til dømes råder kjærleik og arbeidsløyse plassen åleine.

Ord med etterleddet ‑else har ikkje fått innpass i same grad, fordi me oftast kan bruka ‑ing i staden. Unntaka er bakkelse og spøkelse, som har stått i nynorske ordbøker lenge.

Nye ord inn i ordbøkene

I 1999 bestemte Språkrådet at ein skulle kunna ta inn «anbeheitelse»-ord i nynorsken, men at ei nemnd skulle vurdera orda etter visse kriterium. Eitt kriterium var om ein hadde bruk for ordet, eller om nynorsken alt hadde eit anna ord som tydde det same. Eit anna var at ein ikkje skulle godta heit-ord når korte avleiingar er i bruk i dialektane. Døme på det er samvit, rettferd og vanske. Språkrådet har retningslinjer for å ta inn tyske og danske importord.

Ordbokforfattarar og andre har i ettertid søkt om å få ta inn ord som dei har ønskt å ta i bruk. I 2000 sende Kåre Skadberg og eg inn til godkjenning ei liste på 700 ord då me redigerte fyrste utgåva vår av Nynorsk ordliste. Nokre importord hadde kome inn tidlegare, og nokre har kome inn seinare. Til dømes vart andel og antal godtekne i 2016, og dei står no i Nynorskordboka. Språkrådet har ei liste over orda som hittil er godtekne i nynorsk.

Puristisk tradisjon

Mange lærarar har arbeidd hardt for å handheva den puristiske tradisjonen etter Aasen og Munch, og mange gjer det framleis. Dei strengaste er gjerne dei som ikkje sjølv kjenner seg så trygge på nynorsken, og som derfor er redde for å læra bort noko anna enn det dei lærte sjølv.

Eit argument for å halda på den puristiske tradisjonen er at det blir betre språk av å skriva om setningane med verb og adjektiv, i staden for å gripa til substantiv. Det er ein god regel at ein bør prøva å skriva verbalt, men likevel kjennest det kunstig og rart at ein ikkje kan skriva ord som ein kjenner godt frå talemålet. Derfor er det bra at det skjer ei oppmjuking på dette området. Det er viktig at lærarane kjenner til denne oppmjukinga, og at dei ikkje rettar for strengt. Det øydelegg berre for nynorsken om ein seier at heilt vanlege ord ikkje skal brukast.

Eit lita historie, fortald av ein tidlegare elev ved ein skule i nord, kan illustrera dette: «Jeg likte godt å skrive stil, både bokmål og nynorsk, og en gang ba læreren oss om å skrive om ‘den vakraste staden eg veit’. Jeg skrev da om Meløya – bl.a. om når midnattssola skinte over ‘dei forrevne klippane og dei kvite sandstrendene’. Jeg husker fremdeles lærerens kommentar i margen til dette: ‘I Noreg har me ikkje klippar, berre trauste, faste berg!’» Ordet klippe kom inn i nynorske ordbøker i 2000.

Andre importord truar i dag

I dag er ikkje dansk og tysk noko trugsmål mot norsk språk. Det er derimot engelsk. Yngre språkbrukarar les og høyrer mykje engelsk, og dei flettar ofte engelske ord inn i norske setningar. Presset blir endå større av at engelsk er einaste bruksspråk på mange studium og arbeidsplassar. Enkelte ord har alt vorte vanlege i norsk og står i norske ordlister, men lydleg sett er engelske ord ofte framandslege i norsk, og det kan vera vanskeleg å bøya dei etter norske bøyingsmønster. Eitt døme er kaps, der den engelske fleirtalsforma har vorte norsk eintalsform, men me uttalar stadig ordet med ein engelsk kort a-lyd: /kæps/. Andre ord er ikkje tekne inn i ordlistene, men er ofte i bruk munnleg, som til dømes /seiva/, sjølv om me har eit godt norsk alternativ i lagra.

Dersom me vil motverka denne invasjonen av engelske ord i norsk, krev det av oss at me er bevisste språkbrukarar. Det gjeld anten me brukar nynorsk eller bokmål. Men det er nok mykje vanskelegare å halda importord ute i dag enn det var på Ivar Aasen si tid.

Mitt råd til deg som skriv nynorsk, er at du stort sett kan bruka ordtilfanget du har i talemålet. Har du ei ordbok tilgjengeleg, eller aller helst lista frå Språkrådet, kan du heilgardera ved å sjå om ordet står der. Er du freista til å bruka eit engelsk ord, kan du prøva å hugsa kva det heiter på norsk. Men det er setningsbygnaden som avgjer om språket blir godt, og ikkje enkeltord, same kva opphav dei har.