• Blogg
  • Er s-genitiv lov i nynorsk?

Er s-genitiv lov i nynorsk?

21.09.2020

Nynorsk123eigedom ny versjon

Å uttrykkja eigedomstilhøve med preposisjonen «til» kan av og til føra til forvirring.


Når eg har hatt kurs i nynorsk, har eg ofte møtt på folk som meiner å ha lært at s-genitiv ikkje er lov i nynorsk. Men korleis kan det då heita Noregs Mållag?

Tekst: Aud Søyland
Illustrasjon: Kristoffer S. Mathisen

I nynorsk har me tradisjon for å bruka preposisjon når me skal uttrykkja eigeforhold. Men av og til kan me ha bruk for andre løysingar, fordi preposisjonsuttrykk kan bli litt lange og tunge. Då er s-genitiv, sin-genitiv, samansetningar og leddsetningar alternative løysingar. Nedanfor skal me sjå nærare på bruksområda for dei ulike typane genitiv.

Genitiv med preposisjonsuttrykk

Preposisjonsuttrykk er altså mykje brukt når me vil uttrykkja eit eigeforhold i nynorsk. Ofte nyttar me preposisjonen til: Sykkelen til Marit er raud. Men det er viktig å variera preposisjonsbruken, alt etter samanhengen. Har Skattedirektoratet sendt deg ei melding, blir det riktig å omtala henne som meldinga frå Skattedirektoratet. Er det tale om eit verk som ein person står bak, uttrykkjer me det gjerne med av: Boka av Carl Frode Tiller har selt mykje. (Her kunne ein òg ha brukt til.)

Preposisjonsuttrykk kan òg fungera fint i abstrakte uttrykk:

den språklege og kulturelle identiteten til elevane (i staden for elevanes språklige og kulturelle identitet)

desse barna er dei mest tospråklege i landet (i staden for … landets mest tospråklege)

poesi i rette forstand av ordet (i staden for poesi i ordets rette forstand)

bodskapen i boka er viktig (i staden for bokas bodskap er viktig)

det høgaste fjellet i verda (i staden for verdas høgaste fjell)

S-genitiv

Grunnen til at s-genitiv tradisjonelt har vore lite brukt i nynorsk, er at det ikkje har vore så vanleg med s-genitiv i norske dialektar. Men me kan altså bruka s-genitiv i nynorsk – i visse tilfelle. For det fyrste er s-genitiv greitt ved særnamn: Maris bursdag var i går. Fordi s-genitiv fungerer greitt ved særnamn, kunne dei i 1906 kalla den nye målorganisasjonen for Noregs Mållag.

Det fungerer òg greitt å bruka s-genitiv i uttrykk for mål og vekt:

fire timars møte

tre meters lengde

Vidare kan det fungera greitt med s-genitiv ved substantiv i ubestemt form. I manns minne er rett nok ein stivna genitiv, men ofte går det greitt å bruka s-genitiv ved substantiv i ubestemt form:

ei boks tematikk

vår tids syn på kolkraft

Når substantivet står i bestemt form, kling det ikkje fullt så godt med s-genitiv. Det går an ved hankjønnsord, men ved hokjønnsendinga -a og inkjekjønnsendinga -et kling det ikkje så godt å hengja på ein s.

Nokre døme:

kommunens syn på saka

tematikken i boka (i staden for bokas tematikk)

alle fylke i landet (i staden for alle landets fylke)

kvaliteten på opplysningane (i staden for opplysninganes kvalitet)

Sin-genitiv

Dei som ikkje er vane med å skriva nynorsk, har gjerne fått med seg at dei ikkje skal bruka s-genitiv, og så erstattar dei s-en med sin. Sin-genitiv fungerer best i samband med personar, levande vesen eller forsamlingar som har eit «eigeforhold» til noko.

Nokre døme:

Læraren si oppgåve er … (like gjerne som lærarens oppgåve er …)

Departementet si haldning i denne saka … (heller enn departementets haldning i denne saka …)

Men sin-genitiv kan i mange tilfelle gi klønete løysingar. Eit eksempel på at sin-genitiv ikkje fungerer ved ting og abstrakte omgrep, er ein seiemåte som tomtene sin størrelse. Her fungerer det betre med eit preposisjonsuttrykk: størrelsen på tomtene.

Genitiv med samansetning

I mange høve kan me rett og slett laga ei samansetning av dei to orda som står i eit eigeforhold til kvarandre. I staden for styrets leiar kan me bruka styreleiaren, og for havets botn brukar me havbotnen. Denne løysinga kan sjølvsagt ikkje brukast alltid, for enkelte samansetningar kan kjennast framande og rare.

Fleire kjende stader og forsamlingar har fått ei samansetning som nynorsk namn:

Himmelfredsplassen (bokmål Den himmelske freds plass)

Kyrkjeverdsrådet (bokmål Kirkenes verdensråd)

Representanthuset (bokmål Representantenes hus)

Genitiv uttrykt med leddsetning

Av og til kan det vera best å bruka fleire ord for å uttrykkja eit eigeforhold, og laga ei leddsetning. Det kan gjera uttrykket meir forståeleg – meir gjennomsiktig, som me gjerne seier. I staden for at to substantiv er knytte til kvarandre gjennom ein genitiv, brukar me eit verb som seier noko om korleis dei to ledda står i forhold til kvarandre.

Nokre døme:

kva teknologien betyr for samfunnet (i staden for teknologiens betydning for samfunnet)

når lova blir sett i verk (i staden for ved lovas iverksetjing)

ulike syn på kvar kontoret bør liggja i framtida (i staden for ulike syn på kontorets framtidige lokalisering)

S-genitiv i framtida

Språkkjensla endrar seg, og det kan godt henda at s-genitiv blir meir akseptert i nynorsk i framtida. Desse reglane seier noko om korleis språkkjensla er hjå oss som forvaltar nynorsken i dag.