• Blogg
  • Kvar skal no kommaet vera?

Kvar skal no kommaet vera?

02.06.2020

Illustrasjon Kommakurs

Komma og punktum er viktig – det ser me dersom me les ein tekst utan desse teikna. Men går det an å læra nokre enkle reglar for kva tid me skal setja komma?

Tekst: Aud Søyland, språkrettar og ordbokredaktør
Illustrasjon: Kristoffer S. Mathisen

To reglar dei fleste av oss har lært, er at det skal vera komma mellom to sideordna heilsetningar, og at det skal vera komma etter ei leddsetning som kjem fyrst i heilsetninga. Men dersom me skal kunna bruka desse reglane, må me vita kva ei heilsetning og ei leddsetning er. Treng du å få repetert det, kan du lesa om det nedst i dette innlegget.

Komma mellom sideordna heilsetningar

Dersom to sideordna heilsetningar er knytte saman med og, eller, men eller for, skal det vera komma mellom dei:

Ivar Aasen var fødd i Ørsta, og han vaks opp på garden Åsen.

I barndomsheimen var det ikkje mange bøker, men han fekk låna bøker på garden Ekset.

Komma etter leddsetning

Ei heilsetning kan innehalda ei eller fleire leddsetningar. Når ei leddsetning kjem fremst i heilsetninga, skal det vera komma etter henne. Nedanfor finn du ei forklaring på korleis du kjenner att ei leddsetning gjennom grammatisk analyse. Elles kan me òg kjenna att leddsetningar på at dei begynner med ord (subjunksjonar) som at, dersom, , fordi, når, om, sidan, viss, eller med spørjeord som kor, korleis, kva, kva for ein, kven, kvifor.

Då Ivar var tre år gammal, døydde mor hans.

Sidan han var svært flink på skulen, vart han omgangsskulelærar i heimbygda.

Ein svært vanleg type leddsetningar er dei som begynner med som. Desse setningane er ofte skotne inn i heilsetninga, og dei skal alltid ha komma etter seg, viss dei då ikkje står sist i setninga:

To fag som særleg fengde den unge Ivar, var botanikk og grammatikk.

Ofte kan ordet som vera skjult, men som-setninga skal likevel ha komma etter seg:

Den einaste skulegangen (som) han fekk etter grunnskulen, var to års opplæring hos prost Thoresen i Herøy.

Komma før leddsetning

Det skal som regel ikkje vera komma før ei leddsetning. Men er det ei innskoten relativsetning (innskoten som-setning) som kunne ha vore teken bort, utan at det endrar innhaldet i heilsetninga, skal det vera komma både før og etter:

Ivar, som likte godt å systematisera, begynte å skriva ned ord frå sin eigen dialekt.

Andre kommareglar

Eit par andre kommareglar:

Det skal vera komma etter kvart ord i ei opprekning, bortsett frå mellom dei to siste, viss det står «og» der:

Ivar skreiv dikt, songtekstar, skodespel, ein grammatikk og ei ordbok.

Vidare skal det vera komma etter svarord, tiltaleord og utrop:

– Ja, Ivar tok det nye skriftmålet i bruk på mange område.

Dette er dei kommareglane du har mest bruk for. 

Subjekt og verbal

Kommareglane byggjer på at ein kan litt grammatikk. Subjekt og verbal, heilsetning og leddsetning er dei omgrepa du har mest brukt for.

Verbalet i ei setning er eit verb som står i presens (notid) eller preteritum (fortid), til dømes køyrer, køyrde. Verbalet kan omfatta eit tidsbøygd verb saman med eit partisipp: har køyrt. Det kan også omfatta eit tidsbøygd verb saman med ein infinitiv: skal koma.

Når me har funne verbalet i setninga, kan me finna subjektet. Me spør: Kven gjer det som verbalet seier? Døme:

S                            V
Ivar Aasen ville skriva ned dialektord frå heile landet.

Heilsetning og leddsetning​

Definisjonen på ei heilsetning er at ho kan stå åleine mellom to store skiljeteikn (oftast to punktum), og at ho gir meining åleine. Heilsetninga har både subjekt og verbal. Setninga ovanfor er ei heilsetning. Men ei heilsetning kan også innehalda ei eller fleire leddsetningar.

Også ei leddsetning må innehalda eit tidsbøygd verb. Leddsetninga er eit ledd i ei heilsetning, men gir ikkje meining åleine. Både heilsetninga og leddsetninga skal altså innehalda eit tidsbøygd verb og eit subjekt. Skilnaden er berre at leddsetninga ikkje kan stå åleine mellom to punktum. Døme:

________________________________   V __ S  __________                   

___ S_______ V ______              

Då Ivar Aasen vart omgangsskulelærar, var han berre 18 år.

Infinitivsuttrykk

Infinitivsuttrykk kan av og til likna veldig på leddsetningar, men det er viktig å kunna sjå skilnaden. Det skal nemleg ikkje vera komma etter infinitivsuttrykk. Døme:

For å kunna reisa omkring og samla dialektord fekk Ivar stipend frå Videnskabsselskabet i Trondheim.

Fyrste del av setninga er eit infinitivsuttrykk. Det er ikkje noko tidsbøygd verb som tilseier at det er ei leddsetning, og ikkje noko subjekt. Det skal altså ikkje vera komma etter «dialektord». Den neste setninga er nesten lik, men ho begynner med for at, og ho har eit tidsbøygd verb i fyrste del av setninga, «skulle». Her har me ei leddsetning fremst i heilsetninga:

For at han skulle kunna reisa omkring og samla dialektord, fekk Ivar stipend frå Videnskabsselskabet i Trondheim.

Meir om kommareglar

Kan du desse kommareglane og litt om leddsetningar og heilsetningar, kjem du langt når du skal plassera komma på riktig stad. Vil du ha meir spissfindige reglar, kan du slå opp i desse bøkene:

Søyland, Aud, og Jan Olav Fretland: Norske skrivereglar. Samlaget 2015

Vinje, Finn-Erik: Skrivereglar. Aschehoug 2010