Dronning Ragnhilds draum – arbeid med nabospråk og grammatikk
Dronning Ragnhild var gift med Halvdan Svarte og var mora til Harald Hårfagre. Ho levde på midten av 800-talet. I Snorres kongesoger blir det fortalt om ein draum ho hadde. Denne draumen blei tolka som at ho skulle få ein mektig son, og at ætta skulle breie seg over heile Noreg.
Historia om draumen til dronning Ragnhild er gjengitt på fem språk, og desse variantane av den korte teksten kan danne utgangspunkt for å undersøke og samanlikne likskapar og skilnadar mellom nabospråk. Det kan høve godt å be elevane skrive soga på eiga dialekt, og ta teksten deira med i samanlikningsgrunnlaget. Her er også nokre grammatikkoppgåver, og gjennom desse oppgåvene får elevane øvd på og repetert eit fagspråk vi treng å ha for å kunne snakke saman om språk. Det kan vere kva omgrep vi bruker for å forklare ei substantiv- eller verbbøying, kva ordklassene og setningsledda heiter, eller kva syntaks er.
Ein god inngang til arbeidet kan vere å starte med å sjå denne filmen frå NDLA. Filmen handlar om kva som skil norsk frå andre språk, og kva folk med eit anna morsmål oppfattar som vanskeleg med norsk.
Her finn du teksten på nynorsk, dansk, svensk, norrønt og engelsk, og eit skjema for å samanlikne ord og vendingar. Ulike oppgåver finn du her. Oppgåvene kan ein arbeide med på ulike måtar, som klassesamtale, i par eller i gruppe. Ein treng ikkje arbeide med alle oppgåvene, men velje ut dei som høver best i klassen.
- Kompetansemål Vg1 studieførebuande og Vg2 yrkesfag: samanlikne særtrekk ved norsk med andre språk og vise korleis språklege møte kan skape språkendringar.
- Kompetansemål Vg2 studieførebuande: bruke fagspråk til å beskrive særtrekk ved norsk samanlikna med svensk, dansk og norrønt.
Vidare lesing
- Handbok i nabospråkundervisning, (2015). Språkrådet. Inneheld også nokre skjønnlitterære tekstar og fagtekstar.
- Nordisk miniordbog
- Lenkesamling til nettordbøker i nordiske språk
- Ordklassetest NDLA
Les meir: Urd Vindenes og Eli Anne Eieland: Oppdagelsesreiser i grammatikken: utforskende tilnærminger til språket som system. Norsklæraren 1/24