Grønt lys til gruva i Førdefjorden

I dette opplegget skal elevane bruke ein tekst frå Framtida.no som utgangspunkt for å arbeide med grammatikk.

Førlesing

  • Kva trur elevane artikkelen handlar om?
  • Kvar ligg Førde?
  • Elevane kan ta eit Bison-blikk på teksten før dei les han. Korleis er teksten bygd opp? (overskrift, ingress, bildetekstar)
Førdefjorden
Grønt lys til gruva i Førdefjorden (PDF)

Artikkel frå Framtida.no.

Fordefjordoppgaaver
Oppgåver til teksten om Førdefjorden (PDF)

Last ned oppgåvene som PDF til utskrift.

Oppgåver

  • Finn døme på ord i teksten som høyrer til dei ulike ordklassane. Her er nokre døme:
Substantiv

gruva, framtida, fjorden, avfallet, miljøparagrafen, bordet, folk

Verb

deponera, dumpa, høyrer, reagerer, reddar, kjem, levert, påstår

Pronomen

me, han, dei, eg, seg

Adjektiv

lønsam, gammaldagse, ulovleg, siste, einaste

Adverb

sterkt, ikkje, hardast, langt,

Preposisjonar

til, på, av, i,

Determinativ

dette, eit, sitt, fem

Konjunksjonar

og, for

Subjunksjonar

då, som, å, for at, sjølv om,

Interjeksjonar

  • Skriv setningar med dei verba du har plukka ut. Skriv setningane i preteritum.
  • Kva for verb er brukte i teksten? Signaliserer dei nokon haldningar til det emnet som blir tatt opp?
  • Finn tre inkjekjønnsord og bøy dei.
  • «Noreg er eitt av berre fem land som driv med dumping av gruveavfall i sjø.» Skriv om denne setninga til å bli meir aktiv. Forklar skilnaden.
  • «Eg håpar på at det blir større aksjonar enn nokon gong. Me kjem ikkje til å gi oss. Me har mykje støtte frå folk i Sunnfjord og omland, særleg Vevring, som blir hardast råka, seier han.»
  • Skriv desse setningane om til ei lang setning der du bruker konjunksjonar og subjunksjonar for å binde saman. Diskuter kva variant som er best.
  • «Dette gruveprosjektet er ikkje berre eit svik for framtida, det er òg ulovleg. Forureining er ulovleg heilt til det blir lagt fram grunnlag for at det er heilt nødvendig. Det har advokatfirmaet Glittertind greidd ut for oss, og no ligg dette på bordet til regjeringa. Me har ikkje fått ei forklaring frå Nordic Mining på kvifor dei ikkje kan unngå å dumpa avfallet på fjorden, og me har ikkje fått noko svar frå regjeringa på kravet vårt om omgjering».

    Skriv om dette avsnittet. Avsnittet kan framleis ha fire setningar, men talet på ord skal reduserast frå 79 til maksimum 40. Korleis kan du formulere det same innhaldet med færre ord?