«Frå byen det berer»

Vinjeportrett

Diktet «Frå byen det berer» er opninga på Aasmund Olavsson Vinjes store reiseskildring Ferdaminne frå sumaren 1860. I boka finn ein skildringar av menneske og stadar han møtte på vegen frå Eidsvoll til Trondheim. Denne strekninga gjekk han til fots, og målet for reisa var kroninga av Karl IV. «Frå byen det berer» skildrar tankar og kjensler han har då han drar frå Christiania.

Fraa byen
Frå byen det berer (PDF)

Last ned diktet og oppgåvene i PDF-format.

Modernisert utgåve:

Frå byen det berer.
Eg lyfter på hatt.
Gud veit no den dagen
når dit eg kjem att.

Far vel, hovudstaden!
i deg var det best:
der fann eg dei beste,
der lærte eg mest.

Lat sjå du som alltid
på folk helder styr!
for du er den karen
som temja kan dyr.

Men ufrisk i varmen
eg alltid deg fann.
Du er liksom tanken,
du elder din mann.

Og derfor til fjells
vil eg draga som døl,
og kjenningar finna
og gløyme meg sjølv.

Originalutgåve:

Fraa Byen det berer.
Eg lyfter paa Hatt.
Gud veit no den Dagen,
naar dit eg kjem att’.

Farvel Hovudstaden:
i deg var det best:
der fann eg dei Beste,
der lærde eg mest.

Lat sjaa, du som altid
paa Folk helder Styr!
For Du er den Karlen,
som temja kann Dyr.

Men ufrisk i Varmen
eg altid deg fann.
Du er liksom Tanken,
du elder din Mann.

Og derfor til Fjølls
vil eg draga som Døl,
og Kjenningar finna
og gløyma meg sjølv.

Oppgåver

  1. Finn verba i dette diktet.
  2. Kva for verb står i infinitiv, kva verb står i presens og kva verb står i preteritum? Korleis skiftar dette i dei ulike strofene?
  3. Vinje bruker formene «berer» og «helder» i presens sjølv om dette er sterke verb. Endinga -er i presens av sterke verb var tidlegare sideform i nynorsk. Finn ut når denne forma forsvann. Kvifor trur du ho blei borte?
  4. Kva kjenneteiknar sterke verb? Kva andre verb i teksten er sterke verb?
  5. Kva verb er svake verb? Korleis blir dei bøygde i presens og preteritum? Er det e-verb eller a-verb?
  6. Finn fem hankjønnsord og bøy dei.
  7. Kva pronomen finn du i diktet?
  8. Korleis vil du kommentere ordstillinga i «når dit eg kjem att», «som temja kan dyr» og «eg alltid deg fann». Kva verknad har denne ordstillinga?
  9. Kva språklege skilnader finn du om du samanliknar dei to variantane av diktet?
  10. Skriv ein kort tekst om ein gong du forlét ein by, og kva du tenkte og kjende då.

    Aasmund Nordstoga syng «Frå byen det berer»: