• Blogg
  • Korleis laga gode setningar på nynorsk?

Korleis laga gode setningar på nynorsk?

14.04.2020

Img 5634

Når du har fått undervisning i nynorsk, har du sikkert ofte høyrt at nynorsk er eit verbalt språk. Men så var det det å omsetja denne regelen til praktisk språkbruk.

Tekst: Aud Søyland, språkrettar og ordbokredaktør
Illustrasjonsfoto: Ingvild Myklebust Hovden

Fyrste bod når ein skriv nynorsk, er å skriva «munnleg». Det vil seia at me prøver å skriva setningane mest mogleg som me ville seia dei. Når me snakkar vanleg, brukar me gjerne ein setningsbygnad med mange verb i staden for å bruka verbalsubstantiv (substantiv som er laga av verb). Eit stilideal i nynorsk er altså å bruka verbet i staden for substantivet som er laga av verbet. Derfor seier me gjerne at nynorsk er eit verbalt språk.

Verb i staden for substantiv​

Når du les gjennom ein tekst du har skrive, for å sjå om setningane er gode, er det særleg verbalsubstantiv du bør vera obs på. I mange tilfelle kan du heilt enkelt bruka verbet i staden for verbalsubstantivet:

På ungdomstrinnet intensiverer ein ofte arbeidet med skriving av fagtekstar.

Heller:

På ungdomstrinnet intensiverer ein ofte arbeidet med å skriva fagtekstar.

Ver særleg obs når du ser eit verbalsubstantiv saman med ein preposisjon, ofte «av». Då er det som oftast enkelt å gjera uttrykket om til eit verb, som i dømet ovanfor. Akkurat denne setninga er ikkje veldig vanskeleg å oppfatta, men ho er enklare å forstå – meir gjennomsiktig –, om me brukar verbet.

Dess fleire substantiv setninga inneheld, dess vanskelegare blir ho å forstå. Sjå berre dette dømet:

Me gjer merksam på at innsend dokumentasjon ikkje er gjenstand for godkjenning av kommunen.

Heller:

Me gjer merksam på at innsend dokumentasjon ikkje skal godkjennast av kommunen.

Eller me kan gjera at-setninga om til ei aktiv setning:

Me gjer merksam på at kommunen ikkje skal godkjenna innsend dokumentasjon.

Leddsetning i staden for substantivet

Av og til kan det fungera betre å skriva verbalsubstantivet om til ei leddsetning:

Ved omgjering av areal som er i bruk til leik, skal det skaffast erstatningsareal.

Heller:

Når ein gjer om areal som er i bruk til leik, skal det skaffast erstatningsareal.

Adjektiv i staden for substantiv

Av og til møter me på substantiv som er laga av adjektiv. Her gjeld same regel som for substantiv som er laga av verb: Sjå om du heller kan bruka adjektivet, i staden for substantivet som er laga av adjektivet. Døme:

Forskarar poengterer viktigheita i at alle instansar i samfunnet støttar opp om den tospråklege identiteten.

Heller:

Forskarar poengterer at det er viktig at alle instansar i samfunnet støttar opp om den tospråklege identiteten.

Eventuelt kan me skriva det slik, for å unngå to at-setningar etter kvarandre:

Forskarar poengterer kor viktig det er at alle instansar i samfunnet støttar opp om den tospråklege identiteten.

Unngå innhaldstomme verb

I byråkratspråk kan me ofte sjå at det blir brukt innhaldstomme verb, og så ligg det eigentlege innhaldet i substantivet. I slike tilfelle kan me godt stryka det innhaldstomme verbet og gjera verbalsubstantivet om til verbal, eller laga ei leddsetning. Døme:

Kommunen må gjera ei konkret vurdering om å gje dispensasjon.

Heller:

Kommunen må vurdera om han vil gje dispensasjon.

Eventuelt:

Kommunen må vurdera om det er formålstenleg å gje dispensasjon.

Andre slike verb og verbfrasar som ofte har lite innhald, er til dømes:

  • føreta
  • gjennomføra
  • gjera til gjenstand for
  • setja i verk
  • utføra

Vil om ønske

Mange skribentar gjer det til ein mani å bruka verbet «vil» om framtid. Når noko er under planlegging, brukar dei «vil koma til å» og «vil ha gjennomført» i annakvar setning. I staden for «vil» kan me bruka andre hjelpeverb, eller rett og slett presens. Døme:

I sum vil ei rekkje slike dispensasjonar kunna føra til ein uheldig praksis.

Heller:

I sum kan ei rekkje slike dispensasjonar føra til ein uheldig praksis.

Eventuelt:

I sum fører ei rekkje slike dispensasjonar lett til ein uheldig praksis.

Eit anna døme:

Det vil måtta koma justeringar etter kvart som tida skrider fram.

Heller:

Det må koma justeringar etter kvart som tida går.

På nynorsk brukar me fyrst og fremst «vil» om personleg vilje, altså noko subjektet har ønske om å gjennomføra.

Me treng substantiv

Me treng sjølvsagt substantiv – inkludert verbalsubstantiv – i nynorsk òg. Kunsten er berre å læra seg å vera litt kritisk til eigne formuleringar og sjå om dette kunne ha vore sagt på ein meir munnleg måte. Verbale seiemåtar er eit tilrådd stilideal også i bokmål i dag.