• Blogg
  • De, dykk og dokker

De, dykk og dokker

01.10.2020

123 de eller dykk

Det er kjekt å kunna litt grammatikk når du skal skilja mellom de og dykk, men du kjem langt med «utskiftingsprøven», eller med å skifta ut de og dykk med dokker.

Tekst: Aud Søyland
Illustrasjon: Kristoffer S. Mathisen

Mange som skal skriva nynorsk, har problem med å skilja mellom subjektsforma de og objektsforma dykk i andre person fleirtal. Grunnen er at dei fleste ikkje lenger skil mellom subjekts- og objektsform i andre person fleirtal i talemålet sitt. Dokk, dokker, deko, dikko, dikkan, døkk osv. blir brukte både som subjekts- og som objektsform.

De og dykk

Viss du ikkje skil mellom de og dykk i dialekten, er det ein fordel å kunna litt grammatikk for å skilja mellom dei to formene i skrift. Forma de brukar me når ordet er subjekt i setninga, det vil seia den/det som er eller gjer noko i aktive setningar:

De arbeider hardt med matten, ser eg.

Fram mot eksamen skal de få mange øvingsoppgåver.

Subjektsforma brukar me også når ordet er eit predikativ i setninga. Eit predikativ er eit setningsledd som skildrar eit subjekt eller eit objekt ved hjelp av eit usjølvstendig verb. Det usjølvstendige verbet er som regel ei form av vera eller bli/verta. Eksempel:

Jentene på biletet er de.

Dei neste ordenselevane blir de to.

Dersom du brukar pronomenformene de og dykk, er eigedomsordet dykkar. Døme:

Er det dykkar bøker som ligg på bordet?

Utskiftingsprøven

Dersom du ikkje er så stiv i grammatikk, kan du langt på veg hjelpa deg med å ta utskiftingsprøven. Då skiftar du ut pronomenet i andre person fleirtal med det tilsvarande pronomenet i andre person eintal: du/deg.

Som oftast er du ganske sikker på når du skal bruka du og deg. Dersom du er i tvil om det skal heita de eller dykk, kan du setja inn du, eventuelt deg. Er det du som passar i setninga, veit du at det er de som passar i andre person fleirtal. Er det deg som passar i eintal, er det dykk som er den rette fleirtalsforma. Døme:

De må koma til meg i neste veke. (Utskiftingsprøven: Du må koma til meg i neste veke.)

Eg sa til dykk at de må koma klokka sju. (Utskiftingsprøven: Eg sa til deg at du må koma klokka sju.)

Det er de som skal koma til meg denne gongen. (Utskiftingsprøven: Det er du som skal koma til meg denne gongen.)

De skal få god servering. (Utskiftingsprøven: Du skal få god servering.)

Dokker

Då Riise-nemnda arbeidde med ei ny rettskriving for nynorsk, kom det mange innspel frå nynorskbrukarar. Eitt av dei var at nemnda burde finna fram til eit pronomen som kunne brukast både i subjektsform og objektsform i andre person fleirtal. Sidan dette pronomenet har så mange variantar i dialektane, er det uråd å finna fram til éi form som passar godt for alle. Nemnda måtte prøva å finna den forma som kunne passa for flest mogleg, og dokk eller dokker var ganske snart på tale. Etter høyringsrunden landa nemnda på forma dokker som ei alternativ form til de/dykk. Denne forma passar særleg godt for mange på Vestlandet og i Nord-Noreg. Ho vart ein del av nynorsk rettskriving i 2012, som jamstilt form til de/dykk.

Også dokke var føreslått, men den forma ville ha brote med det som er vanleg i normering av norsk. E-en i dokke og dokker er nemleg ein innskotsvokal som har kome til i den norrøne forma ykkr. Mange dialektar fekk ein tilsvarande innskotsvokal i presens av sterke verb (teker av norrønt tekr) og i adjektiv (goder av norrønt gođr). Etter norrøn tid fall r-en ofte bort, og innskotsvokalen var ståande att. I moderne rettskriving blir desse formene skrivne utan innskotsvokalen (tek, god), men presens av sterke verb kunne ha -er heilt fram til 2012 (teker, kjemer). Riise-nemnda meinte det var mest logisk å skriva også dokk/dokker anten utan innskotsvokalen, eller med heile endinga -er. Dei valde den siste løysinga.

Dersom du bruker forma dokker, skal du bruka henne både som subjektsform og objektsform:

Eg såg dokker på veg til skulen i går.

Dokker kom syklande i rasande fart.

Det såg ut til at dokker måtte skunda dokker for å nå timen.

Brukar du pronomenet dokker, er eigedomsordet dokkar:

Er det dokkar bøker som ligg på bordet?

Ivar Aasens val

Ivar Aasen stod i det same dilemmaet då han skulle velja skrivemåten av pronomenet i andre person fleirtal. Dialektane hadde mange former, og det var uråd å finna éi samlande form.

Ivar Aasen valde de som subjektsform, fordi den var «mest alm.», som han skriv i Norsk grammatik frå 1864. Elles har han notert did (med open i), di, , døkk og i. Om objektsforma seier han at dykk bør veljast, både fordi ho liknar mest på den gamle forma (ykkr), og fordi det er lettast å forklara dei andre formene som ei utvikling frå dykk.

På Ivar Aasens tid hadde mange dialektar enno eit skilje mellom subjekts- og objektsform. Samanfallet mellom desse to formene har i stor grad skjedd på 1900-talet, og mange veit enno kva som er subjekts- og objektsforma i talemålet deira, sjølv om formene har falle saman.

Problemet i bokmål

Bokmål har ikkje dette «problemet» i andre person fleirtal, fordi dere er både subjekts- og objektsform. Til gjengjeld har dei som skriv bokmål, same problem i tredje person fleirtal. Svært mange bokmålsskribentar har vanskar med å skilja mellom de og dem. I eldre nynorsk skilde me mellom dei og deim i tredje person fleirtal, men no har me altså samleforma dei.