Forsking på nynorsklesing: Korleis kome over «nynorsk-kneika»?
Mange bibliotekarar fortel at lånarar ofte ikkje får med seg at ei bok er på nynorsk, om berre ho er god nok. Forsking syner at det inntrykket stemmer!
Det finst lite forsking på lesing og lån av nynorskbøker i biblioteka. Men forsking på lesing av nynorskartiklar i Store norske leksikon og Nettavisen kan ha ein viss overføringsverdi til biblioteka.
Forskarar frå Høgskulen i Volda og Høgskulen på Vestlandet har forska på lesinga av artiklar på nynorsk og bokmål på snl.no. På snl.no har det dei siste åra kome mange fleire artiklar på nynorsk. Slike nettsider kan måle kor mange lesarar dei har på ulike tekstar, og kor lang tid lesarane bruker på å lese dei. Dessutan stilte forskarane spørsmål til lesarane. I ei tilsvarande undersøking i 2022 fekk masterstudenten Sofie Flølo Dyrstad med seg Nettavisen på å ha nokre artiklar på nettsida deira på nynorsk. Målet med dette var å undersøkje om språket påverka lesartala, og kva lesarane tykte om å lese tekstar på nynorsk.
Begge forskingsprosjekta syner den same tendensen: Spør du lesarane om kva dei tykkjer om å lese på nynorsk, er det ikkje alle som er positive. Men om dei får ein relevant og interessant artikkel på nynorsk, les dei fleste teksten. Det å ha artiklar på nynorsk påverka ikkje lesartala til nettstadane negativt i vesentleg grad.
Dette har overføringsverdi til bibliotek, ved at det syner fram noko som kanskje er så sjølvsagt at vi ikkje tenkjer på det: Dei fleste som kan norsk, kan lese nynorsk – same om dei er nynorsk- eller bokmålsbrukarar.
Slik er det ikkje nødvendigvis for andre mindre brukte språk i andre land med eitt større og eitt mindre språk (til dømes frisisk i Nederland eller svensk i Finland). Derimot er det veldig vanleg at mange (men sjølvsagt ikkje alle) i eit samfunn har dårlege språkhaldningar til det minst brukte språket. Det er ein viktig grunn til at nynorskforfattarar kan gi ut bøker på språket sitt og ikkje treng omsetje dei til bokmål. Kanskje er nynorsk heldigare stilt enn mange andre mindre brukte språk?