Nynorskhyller og merking av nynorskbøker
Nokre bibliotek har eigne nynorskhyller, andre merkjer nynorskbøkene – og nokre meiner sterkt at ingen bør gjere nokon av delane. Kanskje er medvitet om korleis og kvifor de gjer som de gjer, viktigare enn kva de vel å gjere?
Trass i at det finst lite forsking på korleis praksisen med å ha nynorskhyller og å merkje nynorskbøker slår ut, er han både utbreidd og omdiskutert i norske bibliotek. Argumentasjonen for er i stor grad tufta på praktiske omsyn: Det blir lettare for elevar og andre som vil eller skal lese bøker på nynorsk, å finne dei. Argumentasjonen mot er dels eit ønske om at nynorskbøkene ikkje skal bli stigmatiserte eller verke uinteressante sidan dei er skilde ut, dels ei uro for at dei ikkje skal vere like lett tilgjengelege som bokmålsbøkene. Ute i biblioteka finn vi mange ulike løysingar:
- Nokre bibliotek både merkjer nynorskbøkene og har dei på eigne hyller.
- Nokre har nynorskhyller, men merkjer ikkje bøkene, medan andre merkjer nynorskbøkene, men har ikkje eigne hyller.
- Nokre har visse nynorskbøker på eigne hyller (til dømes om dei har eit klassesett av ei bok), men òg nynorskbøker innimellom bokmålsbøkene.
- Nokre merkjer både nynorsk- og bokmålsbøker.
- Nokre merkjer nynorskbøkene med eit nøytralt merke for å unngå at det står «N» eller «nynorsk» på boka.
- Nokre har einskilde typar nynorskbøker, til dømes biletbøker, for seg sjølve for å auke utlånet. Dei plasserer gjerne desse bøkene strategisk på dei lettast tilgjengelege hyllene.
- Og andre igjen korkje merkjer nynorskbøkene eller har dei på eigne hyller.
Førsteamanuensis Marit Kristine Ådland ved Oslomet har i forskinga si identifisert tre kategoriar av bøker der bibliotekarar strevar med hylleplasseringa: nynorskbøker, skeiv litteratur og lettlesne bøker. Felles for dei er at bibliotekarane er usikre på kva som er rett val for å gjere bøkene tilgjengelege og ikkje gjere det stigmatiserande å låne dei. Eit tenkt døme er ei ungdomsbok om fotball på nynorsk, med skeiv tematikk. Kva er den beste plasseringa – saman med skeiv litteratur, nynorsk litteratur eller fotballbøker? Eller ingen av stadane?
Ulike val kan truleg gi meining på ulike bibliotek, og det trengst meir forsking på korleis hylleplassering og merking fungerer i praksis. Det å gjere eit medvite val er uansett viktig. Diskuter gjerne kvifor de gjer det de gjer, og eventuelt korleis de gjer det. Kva trur du kan føre til at fleire les nynorsk litteratur og bøkene blir lettast mogleg tilgjengelege?