Les nynorskbøker høgt

Kvir du deg for å lese nynorskbøker høgt? Som så mykje anna handlar også dette om vane. Og vanar kan utfordrast!

Det er bra om du prøver å lese nynorske tekstar slik dei er skrivne, særleg for barn og unge. Mange omset nynorsktekstar til dialekt når dei les høgt. Det er ikkje sikkert spontanomsetjinga alltid blir like vellukka som det forfattaren har skrive. Dessutan treng barnehagebarn og skuleelevar å få møte den nynorske skriftnormalen og det nynorske lydbiletet, slik dei kvar dag møter bokmål.

Sidan vi alle ser og høyrer mykje mindre nynorsk enn bokmål, er det viktig at nynorskbøker faktisk blir lesne (høgt) på nynorsk. Barn og unge treng å høyre ord som «eg», «heim», «hugse», «drøyme» og «byrje», slik at dei blir vande med dei og ikkje tykkjer at dei er rarare enn bokmålsorda. Språklæring handlar mykje om eksponering: Blir vi eksponerte for eit språk både skriftleg og munnleg, lærer vi det lettare.    

Det du likevel kan gjere, er å bruke tonefallet i dialekta di som utgangspunkt for å lese høgt på nynorsk. Nynorsk byggjer på heile dialektmangfaldet i Noreg, og du har like mykje «lov» til å lese høgt på nynorsk anten tonefallet ditt er frå Fana, Fannrem, Fredrikstad eller Førde.  

Elles gjeld mange av dei same råda som ved all høgtlesing: Ta deg tid, og les sakte. Er du usikker, vel ut kortare tekstar eller utdrag. Sjølv om du kanskje kjenner deg litt utrygg, vil dei som høyrer på, mest truleg tykkje at det høyrest fint ut. Og øving gjer meister: Jo fleire gongar du prøver, dess tryggare blir du på å lese nynorsktekstar høgt for andre.