• Blogg
  • Bruk av bokkasser og samarbeid med bibliotek

Bruk av bokkasser og samarbeid med bibliotek

21.03.2022

IMG 1725 til nettside

Andy-Caerwyn Johansen Muriaas arbeider ved Volda folkebibliotek. Dei låner ut bokkasser til både barnehagar og skular.

Dei aller fleste bibliotek har ei bokkasse-ordning som barnehagar og skular kan nytte seg av. Med ei slik ordning kan elevane og barnehagebarna få tilgang til gode og interessante bøker der tema og målform er tilpassa barna. Å lese bøker er viktig for språkstimulering og for å gjere barna trygge på språket. Ved å lese bøker vert også interessa for bøker halden ved like.

Tekst: Irene Åbrekk Kalvatn
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Det er viktig at alle som jobbar i barnehage og skule, er bevisste når dei vel bøker til barna, også når det gjeld val av målform. I Noreg har vi to jamstilte målformer, nynorsk og bokmål. Det er eit stort utval av bøker «der ute», men dei fleste bøkene er på bokmål, og bøker på nynorsk er i mindretal. Men dei finst! Barn som har nynorsk som hovudmål, treng tilgang til litteratur som er skriven på nynorsk, slik at dei skal bli trygge i hovudmålet sitt, og elevar som har nynorsk som sidemål, treng tilgang til nynorske bøker slik at dei kan meistre sidemålet sitt betre. Bokmål dominerer i samfunnet og massemedia, og ved å gje barna tilgang til nynorske bøker allereie frå barnehagen av vil språkforma bli mindre framand for dei når dei skal ta til på skulen.

I Stortingsmelding nr. 23 (2007–2008) står følgjande: «Elever med nynorsk som opplæringsmål leser nynorsk og bokmål parallelt fra de begynner å lese, og får dermed en tidlig start i begge målformer. En slik tidlig start er ikke like opplagt for elever med bokmål som opplæringsmål.» Vidare kan vi lese at «Når det gjelder leseprestasjoner, viser de norske delprosjektene innen PISA 2000 og PIRLS 2001 at det var små, men signifikante utslag på målform. Prosjektgruppen bak undersøkelsen framsetter som hypotese at bokmålselevene har litt bedre leseprestasjoner fordi de leser mer på skriftspråket sitt enn det nynorskelevene gjør.»

Korleis fungerer bokkasse-ordninga?

Sjølv om dei aller fleste bibliotek har bokkasse-ordningar, vil det nok kunne variere korleis ordningane er lagde opp. Sjekk med ditt lokale bibliotek for å finne ut korleis ordninga vert gjennomført. Som regel er det læraren/barnehagelæraren sjølv som må ta kontakt med biblioteket og bestille bøker ut ifrå barnegruppa dei har. Med informasjon om tal på barn, fordeling av kjønn, kva tema som vil vere ekstra interessante, og kva målform ein ønskjer å ha bøkene på, vil biblioteket klare å sette saman ei bokkasse tilpassa målgruppa. Det er få bibliotek som har høve til å levere ut bokkassene, så i dei aller fleste tilfella må kassa hentast på biblioteket når bibliotekarane har laga ho klar. Ho må også leverast tilbake når lånetida er ferdig. Kor lenge kvar skule/barnehage kan ha ei bokkasse, vil kunne variere frå bibliotek til bibliotek, men som regel er lånetida på bokkasser lengre enn lånetida på bøker ein låner som privatperson. Dei fleste bibliotek har 8 vekers lånetid på bokkasser.

Skulebibliotek og bokkasser på klasserommet

Fleire skular har eigne skulebibliotek, og der har elevane også ofte eit rikt utval av bøker. Men å finne bøker på skulebiblioteket kan vere vanskeleg, og mykje av tida går ofte med på å leite etter bøker, ofte på måfå. Elevane veit ikkje heilt kva dei skal sjå etter, eller kva for bøker som er tilpassa dei når det gjeld tekstmengd og skrifttype. Dersom læraren på førehand har vore på skulebiblioteket og funne fram eit rikt utval bøker tilpassa elevane, og slik laga ei bokkasse frå eige skulebibliotek, kan elevane bruke tida på lese i bøkene i staden for å gå og leite. På www.nynorskbok.no finn de omtalar av hundrevis av bøker på nynorsk, og dei er delte inn etter aldersgruppe og sjanger. Her kan de få tips til kva bøker som kan ligge i bokkassa, både frå skulebiblioteket og frå det offentlege lokalbiblioteket. Har de konkrete ønske til bøker, kan de seie ifrå til bibliotekaren på lokalbiblioteket, eller kanskje de kan kjøpe inn eksemplar til skulebiblioteket/barnehagen.

Tips til bruk av bokkasse

IMG 1753 til nettside

Kjelder: Stortingsmelding nr. 23 (2007–2008).