• Blogg
  • Vakkert og rått om einsemd

Vakkert og rått om einsemd

25.08.2025

Anja portrett2 komprimert til nettside versjon2

Vakre og detaljerte teikningar av hovudpersonar som slit med einsemd. Slik kan ein oppsummere prosjektet til forfattar og teiknar Anja Dahle Øverbye. 

Tekst og foto: Heidi Fagna

Øverbye har skrive og teikna fleire bøker, både for barn, ungdom og vaksne, og ho har fått mange prisar for arbeidet sitt. 

Hundedagar

To bøker for ungdom

Ho debuterte med teikneserieromanen Hundedagar i 2015. Her viser ho fram ungdoms råskap. Dei fire jentene i boka er stygge med kvarandre etter tur. Me får sympati med hovudpersonen som vert plaga. Til slutt vert ho sjølv ei som plagar. 

– Jenter har sterke vennskapsforhold i ungdomstida. Dei kan vere like intense som kjærleiksforholda vert seinare i livet. Og jentene imellom kan det vere litt Fluenes herre, der det er om å gjere å vere den sterkaste, seier Anja Dahle Øverbye i podkasten Bakom boka. 

Hundedagar fekk prisen Årets teikneserie, og boka er omsett til fransk og engelsk. 

Tarjei 13 ar 806x1024

Prisar fekk ho også for den neste ungdomsboka. I 2023 kom Tarjei, 13 år. Tarjei har det ikkje så greitt. Foreldra er skilde og mor er oppteken av den nye kjærasten sin. Tarjei opplever ei gryande interesse for jenter, noko som gjer venen Sindre sjalu. I boka har Tarjei eit større kjensleregister enn gutar ofte vert framstilte med. 

Stripe
Lykketanna 768x779

Barn og vaksne

Øverbye har laga ei bok for barnehagebarn, biletboka Lykketanna. Torbjørn er seks år og snart skulegut, og det synest han er litt for nervepirrande. Boka viser korleis det er når ein verkeleg ikkje har lyst til noko som dei vaksne ventar at ein gler seg til. 

For unge vaksne har ho laga teikneserieromanen Bergen. Han er omsett både til russisk og fransk, og boka har fått prisar og diplom for å vere vakker. Tematikken er derimot ganske rå: Studenten Maria er deprimert, drikk mykje alkohol, driv med tradisjonell sjølvskading og det ein kanskje kan kalle seksuell sjølvskading. 

Bergen

Interessert i overgangane

Anja Dahle Øverbye er kjent for svært detaljerte teikningar, vanlegvis med blyant. Eit anna fellestrekk for bøkene er at nesten alle har utgangspunkt i hennar eige liv. Eit tredje fellestrekk er dette: Alle hovudpersonane i bøkene til Øverbye er i overgangsfasar i livet, og ingen av dei har det enkelt. 

– Eg er veldig glad i, og nysgjerrig på, menneske. Og det er jo gjerne når verda skakar litt, at me må stå i vonde ting og lære noko nytt om oss sjølve. Det er det spennande å utforske, seier Øverbye i Bakom boka.